Enkelte amerikanske delstatar ønskjer å gjeninnføre barnearbeid i staden for å gje vaksne arbeidarar betre lønn

Av Bradley Blankenship. Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.

Tenåringar kan bli med i arbeidsstyrken for å fylle tusenvis av vakante stillingar.

Blant eit pågåande press for høgare lønningar blant amerikanske arbeidarar, inkludert fagforeiningsbyggjande innsats og ein nasjonal jarnbanestreik som vart unngått i desember, tenkjer somme delstatar ut måtar å underbetale arbeidarklassen.

Éin metode, som Business Insider rapporterer, er at USA slepper barn i alderen 14 til 17 inn i arbeidsstyrken. Den føderale regjeringa har sagt at denne praksisen allereie aukar på ein ulovleg måte òg.

Den siste månaden har republikanske lovgjevarar i Iowa og Minnesota introdusert lovverk som vil tillate unntak til eksisterande retningslinjer for barnearbeid. Dette har som mål å formilde den pågåande arbeidskraft-mangelen i USA, som òg plagar andre land, i hovudsak i Vesten.

Ifølgje Business Insider miste delstaten Minnesota «90 000 arbeidarar åleine under pandemien, ifølgje delstatlege demografar, noko som gjev delstaten ein av dei strammaste arbeidsmarknadene i landet. Iowa ligg ikkje langt bak dei med rundt 75 000 ledige jobbar i desember.» Lovforslaga i desse delstatane vil late barn jobbe fleire timar og «beskytte arbeidsgjevarar frå ansvarleggjering på grunn av sjukdom eller ulykker», noko som kan hjelpe spesifikke industriar slik som anlegg og kjøtpakking, som har blitt råka hardt i desse delstatane.

Den føderale regjeringa skapte òg ein ny regel i januar som lèt dei som ønskjer å bli profesjonelle lastebilsjåførar om å ta kommersielt førarkort når dei er 18, i staden for 21. Dette vart gjort fordi, som CNN rapporerer, «leiaren i American Trucking Associations sa at industrien treng rundt 80 000 fleire sjåførar». Forslaget vart fyrste gong presentert av Federal Motor Carrier Safety Administration i 2020.

Tryggleiksforkjemparar kom straks med kritikk av føretaket, og sa at uerfarne sjåførar kunne setje folket i fare, som kanskje er eit meir framtredande problem etter togkatastrofen i East Palestine, Ohio. Det problemet er òg primært relatert til både avregulering og arbeidarrettar, sidan arbeidarane i Norfolk Southern (saman med andre) pressa på for høgare lønn, sjukepengar og meir moderne bremseutstyr.

Essensielt leitar konsernstøtta politikarar i delstatar i heile landet etter å løyse arbeidarmangelen ved å nytte seg av barn, og ikkje ved å tilby meir attraktiv lønn eller frynsegodar. Dette føretaket kan rette seg mot barn i tvilsame økonomiske situasjonar, til dømes den typen barn som må vere i arbeid og som ikkje har foreldre som har råd til å gje dei pengar. Dei etiske bekymringane her er enorme.

For det fyrste ligg amerikanske elevar bak likestilte land når det gjeld nøkkelmetrikk. Som Pew Research fann ut i ein artikkel frå 2017, held landets elevar fram med å «liggje om lag midt i flokken, og bak mange andre avanserte industrinasjonar». Dersom den amerikanske økonomien har noko som helst håp om å overleve i framtida i si noverande utgåve, og som eit innovativt makthus, må elevane gjere det betre i fag som matematikk og vitskap. Å halde elevar i klasserommet og gjere heimeleksa, og ikkje ta del i arbeidsstyrken, er ein nøkkelkomponent til forbetring i dette området.

Det handlar òg om tryggleiksomsyn. Minnesota ønskjer å sjå 16- og 17-åringar på anleggsplassar, som kan vere ein farleg jobb. Iowa ønskjer å sjå endå yngre barn arbeide på kjøtpakkingsfabrikkar, som, på toppen av nasjonens koronavirus-utbrot, såg høge tal tilfelle og dødsfall. Det vart rapportert at leiarar frå ein Iowa Tyson Foods-fabrikk vart oppsagt etter at dei vart tekne i å vedde om kva for nokre av deira tilsette som ville få covid-19. Barn burde ikkje bli gjenstand for denne typen misbruk, og den føderale regjeringa har allereie merkt seg ein auke i ulovleg barnearbeidspraksis, so vel som tilknytte skadar.

Endeleg er hovudproblemet her at lovforslaga underminerer arbeidarars evne til å organisere seg for betre betaling. Arbeidarmangelen har gjeve arbeidarar ein unik sjanse til å bruke nemnde mangel for å krevje auka lønningar og frynsegodar. Å utvide arbeidsstyrken til å inkludere fleire tenåringsbarn vil stikke kjeppar i hjula på dei som allereie er tilsett, og forhindre sjansane deira for å få den lønna dei fortener.

Dette er berre nok eit døme på den regelrett bederva naturen til konsern-USA, og deira evne til å utnytte kvar og ein amerikanar for kvar drope profitt dei kan klemme ut. Dersom desse lovforslaga faktisk blir vedtekne, vil dei bringe inn ein kaskade av liknande lovverk i Republikanar-styrte delstatar i heile landet, og vise, nok ein gong, kor ubrukeleg amerikansk «demokrati» er. Politikarar er kjøpte og betalte av arbeidsgjevarar og deira lobbyistar, som lovforslaga i Iowa og Minnesota viser.

Svaret på arbeidarmangelen er ikkje å gå tilbake til 1800-tals barnearbeidsnormer, men å gje arbeidarar ei rettferdig lønn, sømelege arbeidsforhold og grunnleggjande verdigheit. Det er ein mangel på desse eksakte tinga som, delvis, har ført til masseutvandringa av amerikanarar frå kroppsarbeid i håp om å finne meir lukrative moglegheiter. Dei fortener retten til å gjere det, spesielt dersom arbeidsgjevarar innan kroppsarbeidssektorane har so mangelfulle prinsipp at dei nyttar seg av barnearbeid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s