Mark Wahlberg: «Sataniske Hollywood-elitar ønskjer å teie meg»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Skodespelaren Mark Wahlberg har kome med skarp kritikk av «sataniske Hollywood-elitar» for å prøve å teie han på grunn av hans kristne tru.

I TV-kanalen NBC sitt program Today vist på oskeonsdag, fortalde Wahlberg programverten Savannah Guthrie: «Det er ein balanse. Eg ønskjer ikkje å dytte det ned halsen på nokon, men eg fornektar ikkje trua mi, det er ei endå større synd. Det er ikkje populært i min industri.»

MediaRightNews.com rapporterer: Del av grunnen til at han var på programmet var for å fremje appen «Hallow», som inneheld katolsk meditasjon, bønn og søvn.

Faktisk sa Wahlberg: «(Tru) er alt… Den har late meg gjere so mange ting, Gud kom ikkje for å redde helgenane, Han kom for å redde syndarane.»

«Vi har alle hatt ting og problem i liva våre. Vi ønskjer å vere betre versjonar av oss sjølve, og gjennom å fokusere på trua mi, har det late meg gjere nettopp det,» forklarte Wahlberg.

Som vi [Newspunch] rapporterte i oktober 2022, diskuterte Wahlberg i eit intervju avgjerda si om å flytte til vippedelstaten Nevada.

Walhberg såg ut til å kome med skyts mot California sin Demokrat-guvernør Gavin Newsom, då han sa at han hadde flytta til den gylne delstaten [California] «for mange år sidan for å satse på skodespelaryrket, og eg har berre laga eit par filmar heile den tida eg var der.»

«So, å kunne gje barna mine eit betre liv og følgje og jakte på draumane deira, anten det at dottera mi skal satse på hesteriding, eller sonen min som basketballspelar, min yngre son som golfspelar, hadde dette langt meir meining for oss,» forklarte Wahlberg.

Det vart rapportert i går [23.februar 2023] at Wahlberg selde heimen sin i Los Angeles, California, for mindre enn han fyrst hadde bede om, men likevel for ein betydeleg sum.

Wahlberg diskuterte flyttinga med Guthrie, som sa at ho hadde gjeve opp Instagram i fastetida, og han sa at hans tenåringsbarn var opptekne med sitt nye liv der.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s