Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Bidens Kvite hus-pressesekretær Karine Jean-Pierre såg ut til å argumentere torsdag [23.februar 2023] at prestasjonane til Bidens Kvite hus-stab burde bli vurdert utifrå rase, kjønn og seksuelle preferansar.
«I Kabinettet er der fleirtal av farga for fyrst gong i historia,» fastslo Jean-Pierre, og la til: «Kabinettet har kvinnefleirtal for fyrste gong i historia. Eit fleirtal av Kvite hus sin seniorstab identifiserer seg som kvinner.»
Ho heldt fram: «40% av Kvite hus-seniorstaben identifiserer seg som del av dei rasemangfaldige samfunna. Og rekordhøge sju assistentar til presidenten er ope LGBTQ+.»
«So igjen, dette er noko presidenten er stolt over,» konkluderte ho.
Er det dette Biden er stolt over? Kvifor speler dette noka rolle? Kan nokon faktisk gjere jobben sin?
Poenget som tydelegvis blir gjort av Bidens pressesekretær, er at du ikkje kan kritisere dei fordi dei er kvinner, eller transpersonar, eller har opphav i etniske minoritetar.
[Ian Miles Cheong skriv på Twitter: «Dette er bokstavleg tala alt dei bryr seg om.» Deirdre Ritchie svarer: «Eg brukte å alltid argumentere at ei stilling burde bli gjeven til nokon meritokratisk. Ikkje på grunn av det ein person har mellom beina. No må ein leggje til ein persons hudfarge og ein bokstav [LGBTQ+], tydelegvis. No får det vere nok.» Peggy Earle svarer: «Det speler ikkje noka rolle at dei er inkompetente i jobben, so lenge dei kryssar av i rett felt. Absolutt latterleg.»]