Av Amber Crawford, 100PercentFedUp.com. Omsett av saksyndig.
Ein kanadisk parlamentær komité får motbør på grunn av forslaget sitt om å utvide landet sitt assistert sjølvmord-program til å late sjuke og funksjonshemma mindreårige døy ved hjelp av assistert sjølvmord utan samtykke frå foreldra. Dei som er imot tilrådinga har stempla den som «uforsvarleg» og «frykteleg».
Kvart år i Canada gjer om lag 10 000 vaksne slutt på livet sitt ved hjelp av statssanksjonert eutanasi, typisk gjort via dødeleg injeksjon.
I ein nyleg offentleggjort rapport tilråd Special Joint Committee on Medical Assistance in Dying (MAiD) at «mogne mindreårige» der døden er «rimeleg venta» får tilgang til assistert sjølvmord.
Sjølv om vitne åtvara komiteen om at barn er dårleg utstyrt til å ta slik ei alvorleg avgjerd på eiga hand, bestemte medlemmer i komiteen seg til slutt likevel for at barn med dødelege sjukdommar skulle kunne velje å døy tidlegare.
Ministrar jobbar òg på ein plan om å utvide MAiD til å òg gjelde psykisk sjuke.
Leiaren i Euthanasia Prevention Coalition, Alex Schadenberg, åtvara om at Canada er i ein «glatt bakke» på veg mot utbreidd assistert sjølvmord.
«Vi sa at vi kom til å ha tryggleiksmekanismar og støtteverk, men den neste regjeringa kan rett og slett opne den opp vidare ved å ta ei avgjer – og det er nøyaktig det som skjer,» sa Schadenberg.
«Eg synest det er frykteleg,» sa Amy Hasbrouck, medlem i gruppa Not Dead Yet, som køyrer kampanjar mot MAiD.
«Tenåringar er ikkje i ein god posisjon til å vurdere om dei skal utføre sjølvmord eller ikkje. Kvar ein tenåring med ei funksjonshemming, som konstant blir fortalt at livet deira er ubrukeleg og ynkeleg, vil bli deprimert, og naturlegvis vil dei ønskje å døy,» la Hasbrouck til.
Mike Schouten, direktør i Association for Reformed Political Action (ARPA), kjempar hardt mot tilrådinga til komiteen.
Sonen til Schouten, Markus, fekk diagnosen Ewings sarkom i 2021 og døydde berre 15 månader seinare i ein alder av 18 etter mange operasjonar og 25 rundar med cellegiftbehandling.
Han hevdar at assistert sjølvmord-lover for barn ville ha sendt sonen hans bodskapen om at omsorgspersonale hadde gjeve han opp.
«Ved å gje somme mindreårige retten til å be om [sjølvmord], set du alle mindreårige og familiane deira i ein posisjon der dei er plikta til å vurdere det,» sa Schouten.