Av Bo Banks, Big League Politics. Omsett av saksyndig.
Det døyr dobbelt so mange i Japan som det blir fødd. Befolkninga i landet er i fritt fall. Og Japans statsminister har allereie slege alarm om den fallande fødselsraten.
«Japan står heilt på grensa til om vi i det heile kan halde fram å fungere som eit samfunn,» fortalde Fumio Kishida lovgjerarar for nokre månader sidan.
I 2022 fall desse fødselsratetala til nok eit rekordlågt tal: 779 728. Dette er det fyrste talet under 800 000 nokosinne.
Dødstala, på den andre sida, nådde eit rekordhøgt tal i fjor. Totalt 1,58 millionar, eller nesten dobbelt.
Frå Zero Hedge:
«Talet fødslar i Japan har blitt nesten halvert dei siste 40 åra: i 1982 registrerte Japan meir enn 1,5 millionar fødslar, eit tal som då var meir enn dobbelt av talet dødsfall. Dette forholdet har sidan blitt omvendt.
Japans befolkning har gått stødig nedover sidan deira økonomiske boom på 1980-talet og låg på 125,5 millionar i 2021, ifølgje dei nylegaste statlege tala.
Ifølgje CNN ligg fruktbarheitsraten i Japan langt under raten på 2,1 som krevst for å halde befolkningstalet stabilt, i fråvær av innvandring.»
«Å rette merksemda på politikk relatert til barn og det å få barn er eit tema som ikkje kan vente eller bli utsett,» sa Kishida.
Kishida – som kallar Japans søkkande fødselsrate som ein «no eller aldri»-situasjon – føler at det er kritisk viktig å doble den statlege pengebruken på barnerelaterte program.
Tilbake i januar la BBC ut om faktorar som kunne vere pådrivarar for denne søkkande fødselsraten, inkludert, men ikkje avgrensa til, auak levekostnader (slik som at reallønna ikkje har vakse på 30 år), fleire kvinner i utdanning og arbeid, so vel som betre tilgang til prevensjon.
USA har òg sett eit liknande mønster i søkkande fødselsrate dei seinare år av dei same grunnane; eit press for å flytte fleire kvinner ut av heimen, der prevensjon og abort tener som tryggleiksmekanismane bak den bølgja.
Japan, som har den eldste befolkninga i verda, har òg strenge innvandringslover. Dette har ført til at berre 3% av landets befolkning er fødd i utlandet.
Med andre ord, sjølv om desse innvandringslovene har blitt noko lempa på nyleg, ser Kishida ut til å helle meir mot å oppfordre den japanske befolkninga til å lage ungar, heller enn å importere innvandrarar slik som BBC antydar at dei burde gjere.
«Dersom de ønskjer å sjå kva som skjer med eit land som avviser innvandring som ei løysing på dalande fruktbarheit, er Japan ein god stad å byrje,» sa nyheitsformidlaren.
BBC kjem med skarp kritikk av Japan for å søkje rasereinleik og sosial harmoni. Sjølv om det ser ut til å vere utanfor poenget som Kishida lagar i si bøn om å auke fødselsraten.
Kishida trur at eit nytt statleg byrå som fokuserer på barnerelaterte program vil bli sett i verk so tidleg som april.
Statsministeren verkar håpefull rundt dette tiltaket, sjølv om det er verdt å merkje seg at japanske regjeringar har prøvd liknande strategiar tidlegare utan hell.