Sjå òg «Lid Céline Dion og Justin Bieber av skadar frå Covid-19-‘vaksinar’?», publisert 19.juni 2022.
The Covid Blog skriv blant anna følgjande i ein artikkel publisert 7.september 2022:
«Det ser ikkje lyst ut for den ekstremt populære kanadiske songaren. Vi skreiv fyrst om herr Justin Bieber 11.juni. Han vart diagnostisert med post-injeksjon herpes zoster oticus, òg kjent som ‘Ramsay Hunt-syndrom’. Herr Bieber publiserte ein video av ansiktslamminga si, som liknar på symptom på Bells parese, via Instagram. Han vart tvinga til å avlyse dei gjenståande konsertane av sin turné i Nord-Amerika.
Vår siste oppdatering er frå 30.august. Herr Bieber hadde ikkje konsertar på nesten to månader, fram til han vendte tilbake på scena 31.juli. Men tilbakevendinga var kortvarig. Herr Bieber framførte i alt seks konsertar, ifølgje Instagram-innlegget hans i går. Han sa at desse framføringane ‘gjorde ende på han’. Herr Bieber annonserte at han tek pause frå konsertar på ubestemt tid for å fokusere på helsa.
Ingen nyheitsformidlarar innan hovudstraumsmedia nemnde den openberre årsaka til herr Biebers helseproblem. Post-injeksjon Ramsay Hunt-syndrom er openbert ulikt sjukdommen som har vore kjent blant legar i mange år. Injeksjonane forverrar so godt som kvar ein medisinsk tilstand. Permanent ansiktslamming, høyrselstap, nerveskade og kronisk smerte er nokre av dei verste komplikasjonane av Ramsay Hunt-syndrom.
Vi kjem ikkje til å spekulere på kva som skjer med herr Bieber. Men det vil jo vere svært vanskeleg å synge dersom ansiktet ditt er permanent lamma.»