Saksyndig om Mike Adams og Natural News: Er dei «kontrollert opposisjon»?

Mike Adams og flaggskipet hans Natural News får ikkje berre kritikk for å vere ei side med «falske nyheiter», «feilinformasjon om helserelaterte tema» og «konspirasjonsteoriar». Mike Adams sjølv blir av enkelte hengt ut for å vere ein «kvakksalvar», «lurendreiar», «CIA-operatør» og den no velbrukte frasen «kontrollert opposisjon». Medan det i våre dagar er sett på som ein hersketeknikk å kalle informasjon for «falske nyheiter», «feilinformasjon» og «konspirasjonsteoriar», og eit uskolert uttrykk for meiningsskilnader å referere til nokon som «kvakksalvar» og «lurendreiar», er det noko heilt anna å påstå at nokon arbeider for CIA, eller at dei er kontrollert opposisjon.

Slike ytringar er problematiske fyrst og fremst fordi dei ikkje kan bekreftast eller avkreftast. Om Adams verkeleg var kontrollert opposisjon, og/eller arbeidde for CIA eller nokon andre etterretningsbyrå, ville det jo vanskeleg kunne bevisast. Adams sjølv kunne ikkje ha bekrefta det, det ville nok ikkje arbeidsgjevar ha lika (CIA tek ikkje akkurat lett på brot på teieplikta hjå sine offiserar og agentar!). Om han hadde sagt at han ikkje var det, ville nok ikkje hans meiningsmotstandarar ha trudd på han – ingen vil jo innrømme at dei har eit hemmeleg arbeidsforhold eller avtale med CIA!

Saksyndig bruker ofte artiklar frå Natural News av di dei er korte, lettlesne og ofte har ein skrivestil som liknar min eigen. Journalistane i Natural News – spesielt Ethan Huff – pakkar ikkje akkurat ting inn. Her blir ein spade kalla for ein spade, og apekoppar kalla «pridekoppar»; elsk det eller hat det den som vil! Det er ikkje utan grunn at mange har eit elsk/hat-forhold til både Mike Adams og Natural News. Eg vil her understreke at Saksyndig ikkje har ein avtale med Mike Adams om å dele artiklar frå Natural News!

Men er det noko i rykta om at Mike Adams på oppdrag frå CIA har infiltrert uavhengige/alternative media? Eg har i all beskjedenheit forsøkt å finne ut av dette. Arbeidet har vore ei utfordring fyrst og fremst fordi dei som har slengt ut slike påstandar ikkje har kome med kjeldene sine. Eg måtte difor leite dei fram sjølv.

Fyrst vil eg gje ei lita innføring i emnet for dei som ikkje kjenner Mike Adams og Natural News. Michael Allen Adams – betre kjent som Mike Adams eller The Health Ranger – vart fødd i 1967 i Lawrence i delstaten Kansas. På 1990-talet starta han datafirmaet Arial Software, som tilbydde tenester for å blokkere søppel-epost. Firmaet skulle ha vore banebrytande når det gjaldt å finne og stoppe slik uønskt post, og var òg kjent for å ta seg godt betalt for denne programvara – den enklaste og mest basiske utgåva kosta heile 985 dollar; luksusutgåva kosta 5000 dollar, prisen på ein anstendig bruktbil. Firmaet skal ifølgje Adams ha hatt 10 000 kundar, deriblant ei rekkje amerikanske universitet, digre firma slik som Microsoft og eBay, non-profitt-organisasjonar slik som New York-filharmonien, Rand Corporation, finansielle institusjonar slik som Liberty Bank, og ei rekkje andre føretak. Firmaet oppretta heimeside allereie i 1996 i ei tid der Internett framleis var i startfasen. Ved oppstart bestod styret i Arial av tre personar: Mike Adams sjølv, som var president, ei viss Geri Cohen, «marketing director» og nokon ved namn Sheh Lio, med tittelen «director» / direktør.

Sheh Lio er av spesiell interesse, for ho er nemleg kona til Mike Adams. Ho er opphavleg frå Taiwan, og hadde på 1990-talet ansvar for den delen av Arial som dreiv med omsetjingar til kinesisk, både fastlandet og Taiwan. Dei har vore partnarar forretningsmessig og privat i mange år, og den dag i dag styrer ho Natural News saman med Adams. Ifølgje sine Situation Update-podcastar budde han to år i Taiwan, og held av den grunn med dei når det gjeld lausriving frå det kommunistiske fastlands-Kina.

Takka vere Arial Software tente Mike Adams og Sheh Lio ikkje berre mykje pengar, dei skaffa seg òg kontaktar innan svært mektige konsern. Adams brukte sine datakunnskapar til å seinare byggje opp nettstadene Newstarget og systersida Natural News. Frå rundt 2006 registrerte han deretter ei rekkje Internett-domene, som alle ved hjelp av linkar tilbake til Natural News / Newstarget var med på å generere høge treff av desse to nettstadene i søkjemotorar. Som denne artikkelen skriv (saksyndig si omsetjing):

«I 2006 laga Mike hundrevis av ulike domenenamn (Internett-sider) som gav tusenvis av nettlinkar tilbake til Natural News. Det reflekterer ein praksis som er brukt av spammerar og sokalla ‘virale’ marketers som er meint å kunstig forbetre listeposisjonen til ei nettside på nettsøk. Søkjemotorar på Internett vurderer ofte populariteten til nettsider utifrå talet andre nettsider som linkar til dei. Ved å skape massevis av nettsider med hundrevis av linkar tilbake til Natural News, fekk Adams sida si til å skyte opp til toppen av lista på søkjemotorresultat. Det er ein metode som lurer systemet, slik at eins eiga side vil bli funnen oftare på Internett, i staden for sider som har betre og meir passande innhald. Slike fantestrekar har historisk gjort det vanskeleg for søkjemotorar å bli effektive i å finne den beste informasjonen.»

Skaparar av søkjemotorar tok på grunn av dette steg for å stoppe denne tvilsame praksisen, og lågne listeposisjonen til uetiske nettsider slik som Natural News. Adams sine tidlegare nettsider er difor no stengt ned. Trass at han vart straffa for å prøve å lure systemet, vart Newstarget og Natural News etter kvart særs populære nettstader, og Adams’ kontaktar frå Arial-tida skaffa han nok lukrative avtalar med diverse produsentar av helsekost og kosttilskot, som i dag utgjer ein betydeleg del av inntekta hans.

Er Adams ein sokalla shill for helsekostindustrien? Allereie i 2008 skreiv Adams ein artikkel der han forklarte at han hadde inngått avtale med eit selskap om å selje ei form for omega-3-kosttilskot. Som del av forretningspartnarskapet, hadde Adams lovt å skrive artiklar om dette kosttilskotet, med linkar til nettstader som sel produktet. I dette tilfellet var nok Adams kjøpt og betalt nettopp av firmaet han inngjekk avtale med. At han beviseleg lèt seg kjøpe og betale av firma for å fremje produkta deira, er ikkje kontroversielt – han er jo ein forretningsmann og gründer. Det blir i hyrten og styrten derimot òg slengt ut påstandar om at han er ein «kjøpt og betalt desinformasjonsagent». Dette er hakket meir alvorlege anklagar. Artiklane på Natural News har gått imot den til hovudstraumsmedia når det gjeld Covid-19-«pandemien» og dei «trygge og effektive ‘vaksinane’». Kven har i dette tilfellet «kjøpt» Adams for å gå imot straumen på denne måten, når han kunne ha tent langt meir på å følgje alle andre? Er dette eit forsøk på å stemple han som «kontrollert opposisjon» av vondsinna aktørar frå fiendesida av Covid-19-situasjonen?

Lat meg kome med meir dokumenterbare fakta rundt føretaka til Adams. Selskapet som eig Natural News, Newstarget og dei andre sidene knytt til hans enorme (des?)informasjonsnettverk har namnet Truth Publishing, og er basert i Taiwan, nærare bestemt i Taipei i Songshan-distriktet. Adams si kopling til Taiwan er velkjent, sidan det var der han i si tid budde, møtte og gifta seg med si noverande kone, Sheh Lio.

Ei religiøs nettside som heiter The M+G+R Foundation (oppkalla etter erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael) kjem med følgjande påstand: Truth Publishing og Mike Adams er knytt til Moon’s Unification Church, grunnlagt av koreanaren Sun Myung Moon i 1954. I Noreg er denne nyreligiøse rørsla kjent under namnet Den forente familie eller Enhetskirken. Rørsla skal i dag ha frå rundt 250 000 til tre millionar medlemmer i meir enn 180 land, hovudsakleg i Sør-Korea og Japan. Familien har hovudkvarter i Seoul, hovudstaden i Sør-Korea. Rørsla har blitt skulda for å hjernevaske tilhengjarane sine, som på engelsk har tilnamnet Moonies. Grunnleggjaren sjølv såg på seg sjølv som den nye Messias, gjennomførte massebryllup, var ein sterk motstandar av homofili, og skal ha hevda at Holocaust var Guds straff mot jødane for å ha myrda Jesus. Frå og med 1990-talet etablerte Moon ei rekkje fredsorganisasjonar, mellom anna HSA-UWC, eller Family Federation for World Peace and Unification.

Av interesse her er at Sun Myung Moon 17.mai 1982, gjennom det internasjonale mediekonglomeratet News World Communications, grunnla avisa Washington Times, ei konservativ avis som i hovudsak skriv om rikspolitikk. Avisa støtta politikken til dei republikanske presidentane Ronald Reagan, Bush sr., Bush jr., og Donald Trump. Reagan las visstnok avisa kvar dag. Avisa har vekt kontrovers for å gå imot den offisielle forteljinga rundt klimaspørsmålet, Covid-19, islam og Barack Obama. Enkelt forklart har Washington Times den same politiske og samfunnsmessige ståstaden som Natural News. Dei utgjer rett og slett ein del av opposisjonen.

Kva belegg har ein for å hevde at Truth Publishing er styrt av Moon-rørsla?

Når vi so går tilbake til M+G+R-artikkelen, skriv dei om søkjemotoren Good Gopher (gopher er ein gnagar i familien Geomydiae), som i si tid vart utvikla av Mike Adams. Good Gopher var visstnok meint å søkje etter «uavhengige» nyheiter og generell informasjon, og omgå «den systematiske sensuren av sanninga som for tida blir gjort av Google, Facebook, Wikipedia og andre kjelder av konsernkontrollert desinformasjon». Søkjemotoren har ei liste over 34 domene under namnet «Nokre av dei uavhengige nyheitsstadene inkludert i Good Gopher». Som forretningsmann vil Adams naturlegvis leie trafikk til visse uavhengige nyheitsstader. På fyrsteplass står ikkje uventa Natural News. Relativt høgt opp i lista finn vi derimot Washington Times. Jamfør tankegangen til den eller dei som har skrive denne anonyme artikkelen, kvifor skulle Adams linke til akkurat Washington Times, om ikkje av forretningsmessige omsyn?

Dette er naturlegvis berre indisium, og at dette skal vere noko negativt, føreset at både Moon-rørsla og Natural News verkeleg er eit enormt imperium av desinformasjon som har som mål å villeie befolkninga. Om dei er verkeleg uavhengige frå hovudstraumsmedia, er dei ein formidabel motstandar mot forsøket frå eliten på å oppnå informasjonsmonopol. Om dei derimot er kontrollert opposisjon, snakkar vi om tidenes opposisjon òg – og det på globalt nivå. Det at Moonies skal ha infiltrert (penetrert?) regjeringar og liknande over USA og mesteparten av den vestlege verda, og at Natural News skal vere ein av «avleggjarane» deira, kan jo nesten høyrast ut som ein konspirasjonsteori…?

Kven står forresten bak Unification Church/Enhetskirken når det gjeld finansiering? Ifølgje ein artikkel av Bob Fitrakis på Freepress.org, publisert 4.september 2012 (dagen etter grunnleggjar Moons død, 92 år gammal), er det ingen ringare enn CIA – via den koreanske utgåva av CIA:

«I 1997 starta kongressmann Donald Fraser ei etterforsking rundt Moon si sekt. Kongressrapporten på 444 sider […] avslørte at Moons 20 000 mann store Unification Church vart skapt av Korean Central Intelligence Agency (KCIA). Moonies jobba med KCIA-direktør Kim Chong Phil som eit politisk instrument for å påverke amerikansk utanrikspolitikk. Det amerikanske CIA var byrået som var primært ansvarleg for å grunnleggje KCIA etter Andre verdskrigen. Moon-organisasjonen har nekta kvar ei tilknyting til dei amerikanske etterretningsbyråa eller den koreanske regjeringa.»

Om Mike Adams har noka som helst tilknyting til CIA, må det isofall vere via Moon-sekta – men det føreset at det kan bevisast at Adams’ selskap Truth Publishing har tilknyting til News World Communications. So langt har eg ikkje funne evidens for dette. Kva då med tilknyting til andre etterretningsbyrå og mektige organisasjonar?

I denne videoen frå 2020/2021 påstår den tidlegare CIA-offiseren Robert David Steele at Mike Adams har tilknytingar til scientologi og «kanskje Mossad». Adams kan ha vore tidlegare medlem i scientologi-kyrkja, ettersom dette blogginnlegget påstår å ha funne ein gammal scientologi-video der ein ung mann som dei seier liknar på Mike Adams er å sjå på 0:26-merket. Saksyndig ser ikkje heilt den store likskapen. Det same blogginnlegget kjem òg med den udokumenterte påstanden at Adams jobbar som agent i det kontroversielle OSA (Office of Special Affairs; «kontor for spesialaffærar»), som er tilknytt scientologikyrkja si PR-avdeling. «Kontoret» skal vere kjent for å organisere mellom anna sverting/karakterdrap av kritikarar av kyrkja. Denne artikkelen frå 2011 viser derimot til Natural News-artiklar der Adams skriv at han ikkje er scientolog, men at han har møtt fleire prominente medlemmer. Artiklane ser ut til å vere sletta frå Natural News sin nettstad, men 2011-artikkelen har sitat henta frå ymse Adams-tekstar der han forsvarer scientologi. Han ser ut til å synast at det hyklerisk at det skal vere «greitt» å gå til åtak på scientologi som religion, men at det å gå til åtak på til dømes jødedommen er «hatkriminalitet».

Kva med linken til Mossad? CIA-Steele, kjelda til den påstanden, døydde i 2021, visstnok av «korona», og vart hengt ut som «konspirasjonsteoretikar». I eit intervju med Alex Jones i juni 2017 hevda Steele at NASA har ein koloni på mars med menneskeslavar som vart kidnappa som barn og sendt til planeten, der det føregjekk pedofili og rituelle drap. Ikkje uventa sa NASA at påstandane var falske. Han skildra òg Holocaust som ein «tilgjort myte», og at sionisme var «kreft for menneskeheita». Han trudde at «pandemien» var ein bløff, og at Donald Trump var den rette vinnaren av presidentvalet i 2020. Wikispooks (som heldigvis er oppe og går igjen etter DNS-åtaket i august) skriv at CIA kan ha brukt Steele som «kontrollert opposisjon» for å få dei med same meiningane som han om Covid-19 og Trump til å framstå som latterlege, eller verre, å setje dei som er kritiske til den offisielle Covid-forteljinga i same bås som Holocaust-fornektarar. Wikispooks skriv derimot at Steele òg kan ha forfalska sin eigen død for å sleppe unna CIA. Med tanke på dei kontroversielle påstandane hans, kan linken mellom Adams og Mossad ha vore eit forsøk (etter instruks frå Steele sine overordna) på å sverte Adams. Akkurat slik ein reell sabotør frå fienden ville ha gjort. Steele kan til slutt ha angra på sine forsøk på villeiing, og bestemt seg for å (offisielt) forlate denne verda.

Trass Mike Adams sin enorme popularitet og enorme produksjon av nettstader og informasjon (eller «desinformasjon», som hans fiendar vil påstå), veit vi svært lite om han som person. Utifrå podcastane hans bur han ganske landleg til i delstaten Texas, og eig ein ranch. Kona hans gjennom alle år, Sheh Lio, er aldri med i podcastane, ei heller skriv ho artiklar for Natural News – iallfall ikkje under sitt eige namn. Og, ja, enkelte påstår at alle journalistnamna i Natural News er pseudonym, slik som til dømes Ethan Huff – fordi «ingen» kan jo skrive fire-fem artiklar kvar einaste dag…? Vel, Saksyndig produserer to til tre artiklar per dag – tydar det at eg ikkje er ekte? (For å unngå spekulasjonar: ja, eg er ekte.)

Lause rykte og udokumenterbare påstandar er under normale omstende ikkje verdt å bruke tid og krefter på. Dette var derimot eit unntak frå regelen. Eg lærde mykje om programvare, søkjemotorjuks, Moon-rørsla, pedofili på Mars og ikkje minst om korleis Mike Adams bygde opp sitt informasjonsimperium. Han ser på alle måtar ut til å jobbe i det godes teneste, og har saman med Alex Jones vore ein uvurderleg pådrivar for å få fram sanninga om Covid-19, den overnasjonale djupstaten, valfusk i USA og den store klimabløffen.

Saksyndig ser ingen grunn til å trekkje truverda til Natural News i tvil, so nye omsetjingar av deira artiklar vil kome på nyheitsbloggen òg i framtida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s