Av Rhoda Wilson, The Exposé. Omsett av saksyndig.
Wikispooks er eit lite nett-leksikon som studerer djuppolitikk. Det inkluderer mange emne som på Wikipedia anten er ufullstendig dekt, eller ikkje dekt i det heile, til dømes seksuell utpressing, Epstein-nettverket, det at etterretningstenester infiltrerer media, folkemordlystne milliardærar, World Economic Forum sine Young Global Leaders, Bilderberg-nettverket, krigspropaganda og meir.
I tillegg, som eit innlegg på deira Telegram-kanal seier: «Vi lagar mange wiki-sider om uavhengige journalistar og andre som er svartelista eller sverta på Wikipedia og av Google. Dette gjer Wikispooks upopulære i visse sirklar.»
For ei veke sidan, og utan varsel, kunne dei fleste rundt om i verda ikkje lenger få tilgang til Wikispooks si heimeside. Dersom du prøver, er denne meldinga alt som dukkar opp: «This site can’t be reached. Wikispooks.com’s DNS address could not be found.» [På norsk: «Dette nettstedet er ikke tilgjengelig. Fant ikke IP-adressen til tjeneren for wikispooks.com.»]
Kva har skjedd?
Wikispooks har blitt offer for eit DNS-åtak.
[På skjermdumpen står følgjande tekst (saksyndig si omsetjing): «Wikispooks.com opplever DNS-sensur! – Mesteparten av verda kan ikkje lenger nå oss! Ver venleg og støtt ytringsfridommen vår og hjelp til med å skape ein Streisand-effekt ved å fortelje vennene dine om denne internettsensuren.»]
Eit domenenamn-system («DNS») er telefonkatalogen til Internett. DNS lèt brukarar knyte seg til nettsider ved hjelp av domenenamn i staden for IP-adresser. Eit DNS-åtak er når ein datakriminell dreg nytte av sårbare punkt i DNS.
Kvifor ville nokon gå til åtak på Wikispooks si nettside på denne måten? Som Mark Crispin Miller so veltalande seier det:
«Det er gjennom å halde dei millionane i fornekting, og dermed hindre den globale Dommens dag å kome, at regjeringane og media sitt gigantiske propagandakor sikrar dei at nei, dette er ikkje sant, at all vår evidens (av alle slag) er «konspirasjonsteoriar» og alle våre fakta er «desinformasjon», og alle desse plutselege og uventa dødsfalla og tragiske handikap er fullstendig normale, og likevel skjer på grunn av alt og ingenting bortsett frå «vaksinane» som openbert har forårsaka dei. Og medan propagandakoret strevar med å hindre denne Dommens dag ved å doble innsatsen bak alle deira episke løgner, stengjer dei ute i omfattande grad og desperasjon kva enn slags funn, fakta, oppfatningar og/eller argument som kan hjelpe folk med å kome seg ut av sin hypnotiske transe[…]» [Henta frå saksyndig si omsetjing av den nemnde Miller-teksten.]
Der finst ein interessant tråd av Craig Murray om forsvinninga til Wikispooks her. Og du kan følgje Wikispooks på Twitter her eller på Telegram her.