USA sitt marxistvenstre har urovekkjande parallellar til nazistisk sosialisme: Kulturelt tyranni og mediaindusert massedanningspsykose

Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.

Den autoritære masse-«vrangførestellinga» til venstre er vel undervegs i USA, og nesten kvar einaste person som stemte på nesten kvar einaste Demokrat, er ute av stand til å sjå den. Dei er under fortryllinga. Frå det rigga valet til bløffdemien, er Demokratane hjernevaska under ein liberal paraply som berre trekkjer dei djupare ned i det som blir kalla massedanningspsykose. Den gjekk verkeleg i høggir under Obama-adminstrasjonen, men alt går tilbake til ein mektig og vond liten kar ved namn Adolf Hitler.

Hugs at fleirtalet av tyske borgarar òg vart hjernevaska av Hitlers propaganda, og etter Andre verdskrigen undra resten av verda seg over korleis alle desse tyskarane, der mange var høgt utdanna, kunne bli so hjernevaska og apatiske overfor Holocaust under nazistane sitt terrorvelde. Korleis skjedde det?

Svaret er enkelt: Dei var fortrylla av massedanningspsykose. Dei var einige om at drap på visse rasar/ætter/mennesketypar ville reinse verda og hele den lidande tyske økonomien. Hovudmåla var jødar, svarte, homofile, autistiske barn, eldre og alle med eit handikap.

På liknande vis er dagens liberale ungdom, kombinert med vaksne som ser på CNN og les avisa, sjølve erkeeksempelet på dei komplett hjernevaska ekstremistane som med glede vil sjå på at Republikanarar og konservative som stemte på Trump, vil bli geleida inn i gasskammer eller skotne i hovudet for å vere «fascistar» eller «kvitt overherredøme-forkjemparar», eller kva enn slags anna syndebukknamn dei kan slengje etter oss.

Det er eit kulturelt tyranni og der finst ingen måte å snakke desse folka ut av psykosen sin, fordi media har fortalt dei same løgnene til dei so lenge at dei alle trur på dei med hjarte og sjel.

Virusmani og eit hat mot alt russisk er tankekontroll i full effekt sett i verk av det liberale massemediekomplekset av falske nyheiter

Sjølv om heile forteljinga om Trumps samarbeid med Russland trekte ut i fire år og vart fullstendig avkrefta på alle punkt, trur dei hjernevaska «libs» [liberale] framleis at USA må «redde» Ukraina frå dei vonde monstera som «fiksa» 2016-valet for Trump. I tillegg lovpriser dei det å gå med sine kommunistiske bløffdemi-Covid-munnbind som eit teikn på solidaritet, paranoia og den personlegdomstømte verda som dei har sokke ned i. Det er nesten som om munnbinda skjuler eit hakekorssymbol på dei som berre dei sjølve kan sjå.

Dei fleste av dagens Demokratar er ekstreme liberale, sjølv om dei ikkje identifiserer seg som det. Dei trur at Trump er ein terrorist som sende hærskaren sin til Washington D.C. og kongressbygningen 6.januar 2021, for å hengje Mike Pence om han ikkje fekk sett i gang ei etterforsking av valet og eit tilsyn av valkollegiatet sitt ansvar. Desse ekstremistane trur òg alt det som CDC laug til dei om når det gjeld Fauci-influensaen [Covid-19]. Dei er alle under full, djup hypnose, og ingenting som nokon konservative personar eller organisasjonar fortel dei blir prosessert eller på nokon måte internalisert av dei. Dei har i sine hjernevaska sinn gjort seg opp si meining.

Paranoia og galskap har spreidd seg som eit virus i USA, og skapt fleire titals millionar psykopatar som trur at Bidens presidentembete og hovudstraumsnyheiter er ekte

Det ekstreme venstre (nesten alle dagens Demokratar) er ei diger sekt som har blitt opplært til å hate USA, hate kvite, hate heterofile, hate alle russarar, hate alle Republikanarar, hate alle som ikkje går med Covid-munnbind, og hate alle som kritiserer valden og hate projisert av BLM og Antifa. I deira auge er vi alle «kvitt overherredøme-tilhengjarar» og «konspirasjonsteoretikarar» som vil at «diktator Trump» skal herske over landet som ein tyrann.

Demokratar er Branch Covidians under ein psykopatisk trolldom, og den vart i sin heilskap kasta over dei av Obama, falske nyheiter, CDC, og det kinesiske kommunistpartiet. Det er som ein endelaus episode av Black Mirror [beksvart britisk sciencefiction-serie om teknologiens skuggesider; oms.an.], og dei er forsøkskaninar til heile det fascistiske «eksperimentet», men dei innser det ikkje.

Soros-Hitler-parallellar – korleis dei «anti-fascistiske» fascistane gjer USA om til ein nasjon som liknar på Nazi-Tyskland

George Soros vil kanskje ikkje bli den neste Adolf Hitler, men han har dei milliardane av dollar som trengst for å betale ekstremistar over heile verda til å gjere ubalanserte nasjonar om til lunefulle helveteshòl. George Soros sjølv var medlem av Schutzstaffel («SS)» av Det nasjonal-sosialistiske arbeidarpartiet, og tente under Hitler og Himmler. Han er ein ateist som trur på opne grenser, subversjonstaktikkar og det å øydeleggje nasjonale økonomiar for å auke sin personlege rikdom.

Soros finansierer vald i USA, inkludert Antifa/BLM-opptøyar, betaler kriminelle for å bryte inn i fredelege konservative rally og demonstrasjonar, og organiserer ekte «opptøyarar» som ser etter å styrte regjeringar (for å installere diktatorar og kommunistiske politikarar på alle nivå).

Her er fleire kontroll-«arenaer» for George Soros, der han slengjer rundt seg med millionar og til og med milliardar av dollar for å skape kaos, lovløyse og regelrett hat, alt for å gjere seg sjølv rikare og mektigare. Alt dette finn stad i USA akkurat no:

  • Borgarar blir opplært til å hate kvar andre på grunn av rasemessige og religiøse skilnader.
  • Galne venstreekstreme som myrdar eller valdtek blir ikkje strafferettsleg forfølgde (takka vere korrupte distriktsadvokatar og dommarar finansierte av Soros).
  • Falske nyheiter er propagandamaskina som legg skulda på alle nasjonen sine problem på spesifikke (rivaliserande) politikarar, borgarar, grupper og organisasjonar (som er uskuldige).
  • Washington D.C.-fengselet som oppbevarer 6.januar-fangane er som ein konsentrasjonsleir, med ingen rett til å få ei rettssak, og ingen håp om å bli frigjorde i overskodeleg framtid.
  • Kjemiske og biologiske folkemordsvåpen blir brukt til å luke ut og utrydde den opposisjonelle delen av befolkninga og «motstandsstyrkar», ved å bruke obligatorisk vaksinasjon med proppsprøyter [Covid-19-«vaksinar»].
  • Nasjonen sine leiarar er kommunist-fascistar som læst som dei kjempar for å redde landet og økonomien frå (falske) statsfiendar.
  • Den nazistiske krigskista (Soros sine dollarmilliardar) blir framleis brukt til å finansiere opptøyar, kaos, korrupte val og finansieringa av SS-«politi»-styrkar (nye tungt væpna IRS, FBI, FDA, EPA).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s