Nyhetsspeilet spreier livsfarleg feilinformasjon om demonar

Seint i går kveld, fredag 2.september, fekk eg ein telefon frå ingen ringare enn Josefine Bru. Ho høyrdest stressa, sint og oppskjørta ut, men kom raskt til poenget. Ein nyleg artikkel på den kontroversielle nettstaden Nyhetsspeilet hadde fått alarmklokkene til å ringje både hjå ho og det galaktiske etterretningsbyrået som ho visstnok jobbar i. Artikkelen er skriven av ei viss Hege Fredriksen (sannsynlegvis eit pseudonym sidan Nyhetsspeilet tek kjeldevernet på alvor), og handlar om det ho trur er demonar.

Som eit føreord til artikkelen skriv skribenten Sven-Inge Johansen følgjande om demonar:

«Et kjennetegn er at de mobber, latterliggjør og bruker hersketeknikk, mens de samtidig har helt klare målsettinger som de alltid holder skjult […]»

Allereie her er artikkelen etter Josefine og mitt syn på gyngande grunn. Dette høyrest meir ut som psykopatar. Medan alle demonar er psykopatar, er ikkje alle psykopatar demonar. Dei lid berre av ein medfødd mangel på empati, og ein vilje til å skade og/eller kontrollere sine medmenneske – for ein kvar pris. Dette er eit særs viktig moment å påpeike.

Hege Fredriksen byrjar artikkelen slik:

«Min beste venn Even, er en demon. Han sa ingenting om det (hvorfor skulle han det??), – men jeg fant det ut senere, da jeg fersket ham mens han stod og beundret de sorte vingene sine […]»

Josefine kan bekrefte at ingen demonar har vengjer. Kva enn slags vesen dette er, er det ikkje ein demon. Grunnen til at offiser Bru er so skråsikker, er at demonar rett og slett ikkje treng vengjer, fordi dei vanlegvis opererer i det sokalla Draumeriket, der tyngdekrafta er lik null – berre dei ymse boblene av skapt røyndom (Rike eller Helvete) har tiltrekkingskraft. Ho samanliknar dette tomrommet med det ytre rom, der ein kan flyte og bevege seg utan verken tregheit (engelsk inertia) eller luftmotstand. Med andre ord er denne «Even» ikkje ein demon. I skrivande stund er Josefine uviss på kva han eigentleg kan vere.

Hege skriv vidare at «[d]emoner blir vennlige i mitt nærvær, -til og med snille. Selv om de prøver å angripe, erte og latterliggjøre meg, – og også prøver å få meg til å skamme meg, eller føle skyldfølelse, lar jeg dem aldri vinne. […] Dette får meg til å lure; – er jeg verdens første (og eneste?) Demon- Hvisker [sic]?»

Ho skriv deretter noko som var det som fekk Josefine til å steile:

«Jeg tror også at demoner er ganske retarderte; – de trenger virkelig opplæring, selv om noen av dem faktisk er ‘lærere’ i det virkelige liv (!).»

Nei, Hege. Demonar er på ingen måte «retarderte». Dei er uhyre intelligente, og uhyre vondskapsfulle. Dei er dei verste psykopatane du nokosinne vil møte i ditt liv. Å undervurdere intelligensen deira kan få katastrofale konsekvensar. Dei har nemleg som mål å sperre deg inne i sine sjølvlaga Helvete, der dei oppnår seksuell nyting av å pine deg i det du vil oppfatte som ei æve. Om du nokosinne slepper ut, vil du ha utvikla deg til ein Demon sjølv, for det er av pine og vondskap over eit ufatteleg tidsrom at ein Demon blir skapt.

Hege skriv derimot heilt korrekt at demonar òg har «et nivå av skadefryd, som er sjeldent, – og veldig intenst.» Ho skriv vidare at dei fleste demonar «er veldig redde for sitt eget nivå av ondskap», noko som er demonstrativt uriktig. Demonar manglar fullstendig frykt, som nok kan seiast å vere den mest menneskelege kjensla av dei alle. Dei har gjennom sin demonologiske genese mist alle menneskelege kjensler bortsett frå vondskap, skadefrygd og ei kjæte av ei anna verd. Demonar er helvetes kåte og helvetes sadistiske.

«Demoner er på konstant jakt etter en far» skriv Hege vidare. Dette avviser Josefine bryskt som feilinformasjon. Faktisk har artikkelen til Hege fleire tilfelle av farleg feilinformasjon som kan villeie menneske til å tru at demonar er dumme og ufarlege, når det stikk motsette beviseleg er tilfellet.

Ho skriv derimot følgjande interessante observasjon:

«Jeg tror deres oppfattelse av tid er veldig forskrudd, – fordi kva som må synes å være flere evigheter borte fra meg, i realiteten bare er etpar minutter, i min- tid.»

Demonar beherskar sokalla tidsutviding (engelsk time dilation), som dei bruker i sine Helvete når dei sjølve ikkje er til stades der. Ein demon vil alltid ha som overordna agenda å skape fleire som seg sjølv, både for selskapet sin del og for å ein vakker dag bli i fleirtal i den konstruerte, dataskapte røyndommen dei og vi er ein del av. Hege har derimot misforstått konseptet fullstendig, når ho påstår at demonar har ei forskrudd oppfatning av tid.

Vidare skriv ho at dei ikkje er «kompetente til å forstå sammenhengen mellom årsak og virkning». Igjen, ein uriktig påstand. Ho skriv so: «Kanskje er deres egentlige habitat en slags spirituell fengsels- celle […]». Josefine bekreftar at demonar lagar seg sine eigne røyndomsbobler der dei stundom gjer kvardagslege ting, slik som å ete, dusje, drikke alkohol eller noko so keisamt som å vaske kle. Men dette er på ingen måte celler som du finn i eit fengsel. Når Hege so skriv at «[d]e gjør alt i sin makt, for å drepe deg», tek ho fundamentalt feil. Menneskesjela er udødeleg og kan ikkje drepast. Mord kan berre utførast på fysiske kroppar, og augneblinken eit menneskesinn forlèt det jordiske riket og går over i Draumeriket, blir den dødelege kroppen forlaten mellombels – eller permanent, om ein demon då får tak i deg og sperrar deg inne i Helvetet sitt.

Mange av skildringane som Hege kjem med passar betre på eit anna overnaturleg vesen som blir kalla Succubus. Dei er late, parasittiske og ganske einfaldige – faktisk regelrett dumme. Dei har den urovekkjande eigenskapen at dei kan låse genitalia til menn som besvangrar dei inne i blæra deira, noko som skaper den perfekte, kjønnslause slaven som vil hjelpe dei å oppdra avkomma sine. Josefines store kjærleik, Einar, vart i si tid offer for ein Succubus, då den stakkars mannen gjorde den formidable tabba å ha sex med Succubusen Thale Menssen. Han trippa rundt særs pissetrengt dei neste 100 000 åra, med penis og testiklane vrengt inne i den sprengfulle blæra.

Hege Fredriksen sin artikkel er i beste fall grovt misvisande, og ser ut til å skildre ein kombinasjon av minst to ulike overnaturlege vesen. Berre det faktum at vengjer er nemnt, er eit stort raudt flagg som indikerer at dette er informasjon skriven for å villeie lesaren. Som sagt kjenner offiser Josefine Bru ingen overnaturlege, menneskeliknande vesen som har vengjer, og eg har ingen grunn til å tvile på informasjonen ho formidlar til meg.

Demonar er særs farlege vesen, og når det ein sjeldan gong blir skrive om dei, bør informasjonen i det minste vere korrekt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s