Av Philip Agee, CIA-agent og varslar, CovertAction Information Bulletin, 1978. Omsett av Monica Sortland. Innlegget er henta frå Derimot.
I dag veit heile verda, betre enn nokon gong, korleis selskapa og dei politiske styresmaktene i USA i løynd har intervenert i land etter land for å korrumpere politikarar og fremme politisk undertrykking. Skredet av avsløringar på midten av 1970-talet, særleg slike som handla om CIA, viser ein strategi med hemmeleg intervensjon som er svært raffinert og tatt i bruk konsekvent.
Tidlegare president Ford og leiande regjeringstalsmenn kontra ved å konstant poengtere CIA sitt behov for å bevare – og bruke, når nødvendig – kapasiteten til å utføre den typen operasjonar som fekk installert militærregimet i Chile ved makta. Ford sa til og med ope at han meinte hendingane i Chile hadde vore «i det chilenske folkets beste interesse». Og sjølv med president Carters menneskerettskampanje har ingenting indikert at CIA har redusert eller stoppa støtta si til undertrykkande diktatur i Iran, Indonesia, Sør-Korea, Brasil eller andre av «den frie verda» sine bastionar.
Men avsløringane har ikkje berre eksponert CIA sine operasjonar; dei har i tillegg avslørt dei individuelle identitetane – namn, adresser og hemmelege historier – til mange av dei folka som faktisk utfører CIAs arbeid. Med all den informasjonen som nyleg er blitt tilgjengeleg, er det likevel mange folk som verkar tru på mytane som blir brukt til å rettferdiggjere denne hemmelege, politiske politistyrken. Nokre av mytane blir sjølvsagt aktivt spreidde av mine tidlegare CIA-kollegaar; andre kjem frå deira liberale kritikarar. Uansett kjelde og med mindre dei blir stoppa, vil mytane halde fram med å forvirre folk og tillate at CIA bokstaveleg talt slepp unna med mord.
Myte nummer ein: CIA er først og fremst engasjert i innsamling av etterretningsinformasjon til bruk mot Sovjetunionen.
Dette er kanskje CIAs eldste myte. Den strekk seg tilbake til danninga av CIA i 1947 og valet av namnet «Central Intelligence Agency.» Som støttespelarane til CIA forklarte idéen for Kongressen – allereie den gong redde for å bli dratt inn i uønska, utlandske eventyr – var det behov for CIA til å finne ut kva ein potensiell fiende la planar om, for å kunne forsvare USA mot overraskingsangrep. Folk i USA på den tida hadde framleis det uventa, japanske angrepet på Pearl Harbor friskt i minnet, og med sannsynet for at den nye fienden – Sovjetunionen – snart ville ha atombomber, kunne ingen verkeleg tvile på behovet for å vite om og når eit angrep kunne kome.
Men den reelle suksessen i overvakinga av sovjetarane, kom frå teknologiske gjennombrot som t.d. spionflyet U-2 og overvakingssatellittar, og jobben med strategisk etterretning fell etterkvart meir og meir på det teknisk sofistikerte U.S. National Security Agency. CIA spelte sjølvsagt ei rolle, og dei leverte også sentralisert prosessering av informasjon og datalagring. Men i operasjonane sine, la CIA gjerne vekt på skjulte aksjonar – å finansiere venlegsinna politikarar, myrde mistenkte fiendar og iscenesette statskupp.
Dette involverte CIA djupt i det indre politiske livet til land i vest-Europa, Asia, Afrika, Midtausten og Latin-Amerika, så vel som i Sovjet-blokka. Og sjølv der CIA-funksjonærar og -agentar faktisk agerte som spionar og samla etterretningsinformasjon, så brukte dei konsekvent denne informasjonen til å vidareutvikle sine handlingsprogram.
CIA-agentane vil seie at det ultimate målet – å oppdage intensjonane til regjeringane i Sovjet og andre stadar – krev spionar på staden i til dømes Kreml, og at CIA eksisterer for å rekruttere desse spionane og for å halde dei i live og i arbeid. Ein Penkovsky eller to burde til ei kvar tid stå på løningslistene for å trygge Amerika mot russiske eventyr. Dette argumentet påverkar kanskje nokre, for teoretisk sett gir spionsatellittar og andre typar overvaking berre nokre få minutts varsel, medan ein person på rette staden kan rapportere om avgjerder så snart dei blir tatt, noko som kanskje gir fleire dagar eller veker å førebu seg på. Ein slik spion kan også vere til nytte for eit normalt samkvem mellom stormaktene – enten det gjeld forhandlingar, samarbeid eller konfrontasjon.
Men den kolossale innsatsen CIA har gjort med å rekruttere viktige personar innan det sovjetiske utanriksdepartementet, forsvarsdepartementet, KGB og GRU, har aldri vore særskilt vellykka. Det har jo vore avhoppingar, men desse hadde ingenting å gjere med dei forseggjorte fellene som CIA har lagt ut rundt om i verda, har eg fått vite av folk i CIA. Dei kom i staden av ulike motiv og utøving av psykologisk press på avhopparane. Såleis kan neppe CIA si styrking av undertrykkande, utlandske tryggingstenester, som trengst til å legge ut snarene (telefonavlytting, reise-kontroll, observasjonspostar, overvakings-team osb.) rettferdiggjerast av null-rekrutteringa det har vore på dette området.
Trass i nylege «reformar», er CIA i dag framleis primært ein handlande etterretningsorganisasjon, ikkje berre ein som passivt observerer. Intervensjonistiske aksjonars gråsone, mellom stripete- bukse-diplomati og marinestyrke-invasjon, tilhøyrer CIA, og måla deira i dei fleste land er framleis stort sett dei same: regjeringar, politiske parti, militæret, politiet, dei hemmelege tenestene, fagforeiningar, ungdoms- og student-organisasjonar, samanslutningar innan kultur og profesjon, og massemedia. For kvar av desse gruppene gir CIA støtte til sine vener og slår ned sine fiendar, medan målet deira framleis er å sikre USAs overherredøme, slik at US-amerikanske multinasjonale selskap kan intensivere utbyttinga si av andre lands naturressursar og arbeidskraft.
Sjølvsagt har dette lite å gjere med strategisk etterretning eller å hindre eit nytt Pearl Harbor. Men det har mykje å gjere med makta til visse privilegerte grupper i USA og deira vener i utlandet. CIA spreier myten om «innsamling av etterretningsdata» for å legge eit røykteppe over hensikta med det dei verkeleg gjer.
Myte nummer to: Hovudproblemet er mangel på kontroll; dvs. CIA er ei «laus kanon».
Denne myta kjem ikkje frå CIA, men frå dei liberale kritikarane av organisasjonen. Mange av desse verkar tru at alt hadde vore vel og bra viss berre Kongressen eller presidenten ville utøve strengare kontroll. Men med alle skrekkhistoriene i det siste, er det lite som indikerer at eit fleirtal i Kongressen skulle ville ha ansvaret med ein slik kontroll, og den utøvande greina insisterer framleis på – med rette – at CIA sine hemmelege operasjonar, med få unntak, har følgd ordrane til dei ulike presidentane og deira Nasjonale sikkerheitsråd. Som tidlegare utanriksminister Kissinger fortalde Otis Pikes sin Komité for gransking av etterretninga: «Alle operasjonane er godkjende av presidenten personleg.»
Pike-komitéen konkluderte elles i sin offisielle rapport, som først vart publisert i «lekka» form av the Village Voice, med at « alle bevisa vi har i hende tyder på at CIA langt ifrå å vere ute av kontroll, har vore ytst responsive overfor instruksane til presidenten og hans assistent innan saker som omhandlar det nasjonale tryggleiken.»
Så problemet seiest ligge hos presidentane – Demokratar, så vel som Republikanarar – som under dei siste 30 åra har gitt grønt lys for så mange hemmelege operasjonar. Men korfor var operasjonane nødvendige? Og korfor hemmelege? Operasjonane måtte vere hemmelege – enten dei involverte politiske muter, finansiering av anti-kommunistiske tidsskrift eller utplassering av småarméar – fordi dei i alle tilfella medførte enten regjeringskontroll over påstått ikkje-statlege institusjonar eller brot på traktatar og andre avtalar. Med andre ord: hykleri og korrupsjon. Viss styresmaktene skulle øydelegge frie, demokratiske og liberale institusjonar, ville dei måtte gjere det i løynd.
Men det finst ein meir grunnleggande grunn til hemmeleghaldet – og CIA. Den eine administrasjonen etter den andre – saman med USA-kontrollerte multinasjonale storselskap – har alltid kravd friast mogleg tilgang til utlandske marknadar, arbeidskraft, jordbruksprodukt og råvarer. For å sette makt bak dette kravet om «opa dør», har dei seinaste presidentane meir og meir tatt i bruk CIA til å styrke dei utlandske grupperingane som samarbeider – og øydelegge dei som ikkje gjer det. Dette har vore spesielt tydeleg i land som Chile under Allende, eller Iran 20 år før under Mossadegh, der sterke nasjonalist-rørsler insisterte på ein slags sosialisme for å sikre nasjonal kontroll over dei økonomiske ressursane.
CIA sine hemmelege operasjonar i utlandet er ikkje noko som skjer tilfeldig. Dei skjer fordi dei samsvarer med USA sine interne krav. Vi kan ikkje ønske dei bort med fantasiar om at ein opplyst president eller Kongress, som med eit trylleslag, vil sette stoppar for USA si øydelegging av andre lands folk og institusjonar. Det kom ikkje som noka overrasking at USAs Senat med stor margin avviste eit lovforslag som ville forby hemmelege CIA-operasjonar.
Berre radikale politiske omveltningar i USA – endringar som eliminerer prosessen med akkumulasjon av verdien til utlandsk arbeidskraft og utlandske ressursar – vil endeleg la det bli slutt på dei hemmelege intervensjonane i utlandet. Fram til dess kan vi vente meir intervensjonar frå CIA og multinasjonale konsern – ikkje mindre. Undertrykkingsevnene til CIA sine «søster-organisasjonar» i utlandet vil også bli stadig viktigare.
Myte nummer tre: Ei svekking av CIA opnar meir opp for sovjetisk ekspansjon og eventuell verdsdominans.
Denne myta blir falbydd spesielt kraftig i tider når frigjeringsrørsler har seriøs framgang. Ekspresident Ford og dr. Kissinger brukte den hyppig under CIA sin mislykka intervensjon i Angola, og vi får igjen høyre den når frigjeringsrørsler søker hjelp frå Sovjetunionen og Cuba i kampane sine mot apartheidpolitikken til dei kvite i Rhodesia [no Zimbabwe, mrk.] og Sør-Afrika.
Men USA sitt problem er ikkje «sovjetisk ekspansjonisme», trass i all antikommunismen vi praktisk talt frå vogga av blir indoktrinerte med. Problemet er heller at styresmaktene i USA, framfor alt CIA, held fram med å intervenere på sida til «vener» som har eigedom og privilegium som kviler på leivningane av forelda sosiale system som for lenge sidan har blitt diskrediterte. Den politiske undertrykkinga som trengst for å bevare den gamle ordenen, er avhengig av støtte frå USA og andre Vest-makter, noko som naturlegvis gjer at fleire og fleire folk vender seg imot USA – visseleg meir effektivt enn noko KGB nokon gong kunne kokt ihop.
Som senator Frank Church forklarte i eit intervju på britisk fjernsyn: «Eg er tilbøyeleg til å tru at russarane kjem til å velge [side] betre enn vi vil velge ni av ti gongar. Trass alt er det to hundre år sidan vi hadde vår revolusjon; vi er eit svært konservativt land.»
Myte nummer fire: Dei som angrip CIA, særleg dei som har arbeidd i etterretningsvesenet, er forrædarar, kappevendarar eller KGB-agentar.
Dette har vore byråets hovudangrep på meg personleg, og eg er sikker på at frykta for å bli tjæra med same kost gjer at mange CIA-veteranar vel å halde kjeft om sin eigen opposisjon. Men, som med tidlegare forsøk på å finne «den utlandske handa» i USA si antikrigsrørsle, har CIA ikkje greidd å legge fram eit fnugg av bevis for at nokon blant dei amerikanske (eller europeiske) hovudkritikarane deira er i teneste under noka utlandsk makt.
Også dei som ønsker å «reformere» CIA har oppdaga korleis byrået reagerer på kritikk. Ifølge representant Pike, trua CIAs spesialrådgivar med å øydelegge Pike sin politiske karriere. Under ein samtale med sjefen for Pikes granskingsstab, skal spesialrådgivaren ha sagt: «Pike vil få svi for dette [rådet om å røyste for ei godkjenning av komité-rapporten om CIA] – berre vent og sjå. Eg meiner det alvorleg. Det vil kome politiske hemnaksjonar. Pike kan berre gløyme sine politiske ambisjonar i New York. Vi skal øydelegge han for dette.»
CIA-veteranar må ikkje la seg skremme av byråets falske og grunnlause bakvaskingskampanjar. Vi har eit særskilt ansvar for å svekke denne organisasjonen. Dersom den blir sett til å tene dei vi ein gong har undertrykt, kan kunnskapen vår om korleis CIA eigentlig opererer, halde CIA borte frå å nokon gong verkeleg operere igjen. Og sjølv om CIA vil stemple oss som «forrædarar», vil folk i heile verda, inkludert i USA, respondere, slik dei allereie har gjort, med entusiastisk og effektiv støtte.
Myte nummer fem: Å namngi individuelle CIA-tenestemenn, gjer ikkje mykje for å endre byrået, og det blir gjort berre for å utsette uskuldige individ for drapstruslar.
Ingenting i anti-CIA-arbeidet har egsa opp så mykje sinne som publiseringa av namna og adressene til CIA-tenestemenn i utlandsteneste, spesielt etteert drapet på stasjonssjefen for CIA i Aten, Richard Welch. CIA-talsmenn – og tidsskrifter som Washington Post – var raskt ute med å skulde meg og CounterSpy magazine for å ha «tysta» på Welch; dei hevda at vi, ved å publisere namnet hans, hadde gitt «ein open invitasjon til å drepe han». Byrået greidde også å utnytte Welch sin død til å diskreditere og svekke dei liberale i Kongressen som ville innskrenke berre nokre av Byråets meir openberre overgrep. Seinare undersøkingar, omtalt i Dirty Work, har rikeleg tydeleg vist at CounterSpy ikkje hadde noko å gjere med drapet på Welch [t.d. eit kommuniké frå den revolusjonære 17. november-organisasjonen, der dei tar på seg all skuld/ære for aksjonen (s.43 i den norske 1979-utgåva til Pax Forlag), mrk.].
Resultatet av manipulasjonane til Byrået, er det ikkje vanskeleg å føreseie. CIA, med alle sine synder, kom ut av den nylege granskinga styrka av Ford-«reformane», og Kongressen kan kome til å prøve å vedta ei lov om hemmeleghald som vil gjere det kriminelt for statstenestemenn (tidlegare eller sittande) å nokon gong varsle ved å offentleggjere klassifisert informasjon. Ingen fleire Watergate-avsløringar. Ingen fleire CIA Diaries.
Like fullt held namngivinga fram. Fleire og fleire CIA-folk kan no haldast personleg ansvarlege for det dei og Byrået som institusjon gjer – for den reelle skaden dei påfører reelle menneske. Militærkuppa, torturkammersa og terrorismen deira forårsakar useieleg smerte, og støtten deira til multinasjonale konsern og lokale elitar hjelper til med å presse millionar til svoltegrensa, og ofte over. Dei er vår tids Gestapo og SS, og som i Nürnberg-rettssakene og krigen i Vietnam, kan dei ikkje riste av seg sitt individuelle ansvar berre fordi dei følgde ein overordna sine ordrar.
Men bortsett frå spørsmålet om personleg ansvar, er CIA framleis eit hemmeleg, politisk politi, og det å kaste lys over deira hemmelege operasjonar – og hemmelege operatørar – er framleis den mest effektive metoden til å redusere lidingane dei forårsakar. Allereie har ei handfull journalistar og tidlegare etterretningsoffiserar greidd å avsløre namna og adressene til hundretals CIA-folk, og sjølv Washington Post – som fordømmer oss for å gjere det – har innrømt at innsatsen vår har bidratt veldig til den veksande demoraliseringa i CIA. Under våre eigne granskingar merka vi oss og at Byrået var tvunge til å auke sikkerheitstiltaka sine og overføre mange av dei namngitte til nye postar. Alt dette forstyrrar og destabiliserer CIA, og gjer det vanskelegare for dei å påføre andre skade.
Sjølvsagt vil einskilde alltid rope opp om at vi «prøver å få nokon drept». Men vald er ikkje eigentleg nødvendig. Ved å fjerne maska av anonymitet frå CIA-folka, gjer vi det vanskeleg for dei å bli på sine postar. Vi håpar at CIA vil vise godt skjøn og overføre desse folka til det stadig mindre talet på trygge postar, helst til ein kontorpult i CIAs hovudkvarter i Langley, Virginia. På denne måten vil CIA beskytte dei namngitte operatørane – og også liva til desses potensielle offer.
Frå den gamle visa om «innsamling av etterretningsdata» til påstanden om at «dei som avslører er mordarar» – desse fem mytane vil ikkje berre forsvinne av seg sjølv. CIA og deira allierte vil fortsette å halde dei i live, og kritikarane av CIA vil måtte svare. Vi må trappe opp avsløringane av desse mytane og brotsverka dei dekkar over.
Men ved sidan av å debattere, er det mykje meir vi kan gjere – særleg innan vidareføring av avsløringa av Byrået, med sine hemmelege agentar. CIA har sannsynlegvis ikkje fleire enn 5000 tenestemenn som har erfaring i å køyre hemmelege operasjonar, og det bør vere mogleg å identifisere nesten alle av dei som har arbeidd under diplomatisk immunitet på eitt eller anna punkt i karrieren sin. Dirty Work presenterer ei liste over namngitte CIA-operatørar hovudsakleg i Europa; vi håpar fleire bøker kan publiserast om CIA sine folk i andre område. [I 1982 vedtok Kongressen lova Intelligence Identities Protection Act som forbyr uautorisert avsløring av USA sine etterretningsfolk, mrk.]. Alt som trengst er iherdig innsats – og ei ny form for internasjonalt samarbeid. Her er måten å gjere det på:
1. I kvart land bør eit team av interesserte folk, inkludert journalistar, skaffe seg ei liste over alle amerikanarane som arbeider i den offisielle utrikstenesta: ambassaden, konsulat, AID-kontor og andre US-amerikanske installasjonar. Ei slik liste kan skaffast til vege gjennom ein ven i vertslandets utanriksdepartement, i den amerikanske ambassaden eller på andre måtar.
2. Teamet bør så få tak i dei siste utgåvene av nødvendige offentlege dokument – lister frå U.S. Foreign Service og Biographic Registers (begge publiserte av utanriksdepartementet i USA) frå eit lokalt bibliotek, og Diplomatic List og Consular List som regelmessig blir publiserte av alle utanriksdepartement. Diplomat- og konsullistene vil innehalde namn og adresser på høgt rangerte medlemmar av utanrikstenestene, inkludert einskilde CIA-folk.
3. Kontroller namna slik det blir føreslått i ulike artiklar i Dirty Work, særleg John Marks’ «How to Spot a Spook.» Sjå spesielt etter personar som finst på utanriksdepartementets Diplomatic og Consular List, men som manglar i dei siste Biographic Registers og Foreign Service Lists. Dei fleste av desse vil vere CIA-folk som med hensikt er utelatne frå utanriksdepartementet sine lister. 4. Etter å ha korta ned lista over sannsynlege mistenkte, sjekk dei med oss og med andre likesinna grupper. CovertAction Information vil følge opp alle leietrådar og publisere all den informasjonen som kan stadfestast.
5. Når lista er fullstendig sjekka, publiser den. Organiser deretter offentlege demonstrasjonar mot dei namngitte – både ved USAs ambassade og ved heimane deira – og, der det er mogleg, legg press på regjeringa om å kaste dei ut. Fredelege protestar vil gjere jobben. Og om ikkje, så vil dei som CIA har undertrykt mest finne andre måtar å kjempe tilbake på.
Naturlegvis, ettersom nye CIA-folk erstattar dei gamle, vil det bli nødvendig å gjenta prosessen, kanskje med nokre månadars mellomrom. Og etterkvart som kampanjen spreier seg, og CIA lærer å korrigere sine tidlegare og mest openlyse feil, vil vi måtte utvikle nye måtar å finne dei på. Byrået har allereie fått utanriksdepartementet til å legge restriksjonar på sirkuleringa av det avgjerande viktige Biografiske registeret, og det er sannsynleg at administrasjonen i framtida vil plassere fleire av desse folka under dekke av Forsvarsdepartementet (t.d. på militærbasar og i Military Assistance- grupper), narkopolitiet DEA og dei multinasjonale selskapa.
I sjeldne tilfelle kan CIA til og med prøve å skifte identitet på einskilde operatørar. Ikkje desto mindre vil CIA alltid trenge ein sikker base i ambassadar og konsulat, der dei kan oppbevare sine filer og kommunikasjonsfasilitetar, og det finst mange metodar for å identifisere CIA-folka i desse «misjonane» utan å måtte stole på offentlege dokument.
I USA kan folk støtte denne kampanjen ved å støtte gruppene som kjempar for å stoppe hemmelege intervensjonar i utlandet. Det er også behov for vidare forsking på noverande CIA-operasjonar og nye program for å identifisere og halde auge med FBI sine spesialagentar og informantar, militæretterretningspersonell og Red Squads- og SWAT-grupper av lokale og delstatlege politiavdelingar.
Saman kan folk av mange nasjonalitetar og ulike politiske synspunkt samarbeide om å svekke CIA og deira surrogat-etterretningstenester, slå ned på politisk undertrykking og økonomisk urettvise.
CIA kan bli slått. Bevisa for det kan vi sjå frå Vietnam til Angola, og i alle dei andre landa der frigjeringsstyrkar raskt veks seg sterkare.