Dei står fritt til å halde fram med å drepe oss so lenge vi trur at dei umogleg kan vere so vonde

Altso stoler dei på at vi tener som vårt eige tankepoliti

Av Mark Crispin Miller. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.

Her er eit innlegg av dr. Meryl Nass, som kjem med det viktige poenget at dei som har som intensjon å drepe oss har blitt beskytta frå å bli oppdaga – og straffa – av vår eiga manglande evne til å tru at det umogleg kan vere sant.

Dette er, som eg seier, det viktige poenget; fordi, so fort vi vaknar opp frå denne varme fantasien om godviljen deira, og stiller oss overfor det faktum at, ja, dei er so vonde, og (endå verre) at alle institusjonane som vi har blitt opplært til å stole på heilt frå barndommen – stat og regjering på nesten alle nivå, det medisinske etablissementet, «høgare utdanning» og (framfor alle) «vår frie presse» – har blitt korrumperte av den vondskapen, og er no ein del av den: so fort Vi, folket, eller mange nok av oss, sluttar å tru at dette umogleg kan vere sant, då vil alt endre seg.

Berre når mange nok av oss aksepterer det knusande faktum, vil alt byrje å endre seg – og det raskt. Ingen evidens mot «vaksine»-skrekken, same kor solid og (for oss) overbevisande det kan vere, kan trengje inn i sinna på dei som rett og slett ikkje ønskjer å vete kva all slik solid evidens so openbert tyder – altso, at dei flotte institusjonane som hevdar å respektere «vitskapen», og som ønskjer å halde oss «trygge» og føre oss «tilbake til normalen», har faktisk – med vilje og systematisk – nekta «vitskapen» heile tida; og konsekvent fråråda effektiv behandling og effektive remediar, medan dei aggressivt pressa gjennom produkt som er kjende for å drepe eller gjere oss uføre; og elles eksplisitt konspirert for å venje alle menneske (altso dei som framleis er i live) til eit «liv» i ei umenneskeleg verd.

Når folk blir konfrontert med sannsynet for det, er det berre naturleg at dei i stor grad ikkje ønskjer å tru at det er sant – akkurat som eit barn som lenge har blitt horribelt misbrukt heime ofte vil ha «gløymt» det fleire år etterpå, og sint motstår den terapeutiske forståinga om at det skjedde. Medan ein terapeut, i slikt eit tilfelle, hovudsakleg står overfor pasienten sitt eige psykiske forsvar, står vi som har prøvd å vekkje alle andre opp til kva som har blitt gjort mot dei (og oss) dei siste åra (og endå tidlegare) overfor ei endå større kraft – og ei endå farlegare ei – enn nokon person sine interne rullegardiner. Det er gjennom å halde dei millionane i fornekting, og dermed hindre den globale Dommens dag å kome, at regjeringane og media sitt gigantiske propagandakor sikrar dei at nei, dette er ikkje sant, at all vår evidens (av alle slag) er «konspirasjonsteoriar» og alle våre fakta er «desinformasjon», og alle desse plutselege og uventa dødsfalla og tragiske handikap er fullstendig normale, og likevel skjer på grunn av alt og ingenting bortsett frå «vaksinane» som openbert har forårsaka dei. Og medan propagandakoret strevar med å hindre denne Dommens dag ved å doble innsatsen bak alle deira episke løgner, stengjer dei ute i omfattande grad og desperasjon kva enn slags funn, fakta, oppfatningar og/eller argument som kan hjelpe folk med å kome seg ut av sin hypnotiske transe: Google (til dømes) fjerna raskt dr. Nass sitt stykke då ho publiserte det (eller prøvde på det) på bloggen sin.

So effektive som slike nazi-strategiar enn måtte vere i å halde somme av oss sovande, kan ikkje desse Store løgnene halde fram med å fungere som dei gjorde mellom utrullinga av «viruset» og det andre året med universell «vaksinasjon», ei helle kan sensuren, same kor altoverskuggande den måtte vere, halde alle fullstendig i mørket. Snarare enn du trur vil folket (eller mange nok av oss) sjå og ikkje fornekte, at desse «vaksinane» visseleg drep og gjer folk uføre i hittil usett omfang – dei drep barn i hittil usett omfang – og likevel held alle desse institusjonane fram med å presse endå fleire «vaksinar» likevel. Og når det skjer, vil alt endre seg, og ikkje på den måten Klaus Schwab med fleire hadde håpt på.

Meryl Nass [6.august 2022]:

Djevelsk utspekulert psykologisk operasjon set våre eigne forsvarsmekanismar opp mot oss

Den hindrar dei vaksinerte i å sjå lyset, sidan det rett og slett er for smertefullt

  1. Fleire artiklar antydar no at COVID-mRNA-vaksinar svekkjer ikkje berre immuniteten mot COVID, men immunitet og immunovervaking generelt. Dette impliserer at vaksinerte er meir mottakelege for ei rekkje infeksjonar, og kanskje òg for kreft. Immunovervaking er det som identifiserer kreftceller og drep dei før dei kan spreie seg. So, du er vaksinert. Det denne informasjonen impliserer er for skremmande til å kunne trengje inn i medvitet. Du treng ikkje den eksterne sensuren for å undertrykkje denne kunnskapen; du gjer det automatisk med din innebygde forsvarsmekanisme.
  2. Data frå fleire land viser no at dødsfall av alle årsaker førekjem meir blant vaksinerte. Dette er like skremmande, om ikkje meir, enn auka risiko for alvorlege infeksjonar og kreft. Du nektar for og/eller undertrykkjer denne informasjonen fordi ein kan rett og slett ikkje tillate at den er sann.
  3. Du vaksinerte barnet ditt. Dette kan ha svekt fruktbarheita deira, auka kreftrisikoen, osb, osb, osb. Av all informasjon som absolutt ikkje kan få lov til å trengje inn i medvitet, langt mindre bli ope diskutert i høfleg selskap, toppar denne det heile. So du vil rett og slett nekte at det blir nemnt. Venner som prøver å styre samtalar i denne retninga må tilinkjegjerast. Å krevje at alle familiemedlemmer og venner er vaksinerte, beskyttar deg frå å stå overfor dei som ikkje får si eksistensielle og ukontrollerte smerte utløyst av denne diskusjonen, slik den gjer hjå vaksinerte.

Og voilà, du har ei kontrollert og kua befolkning som har blitt sitt eige tankepoliti.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s