Av dr. Joel S. Hirschhorn. Henta frå The Blue State Conservative. Omsett av saksyndig.
Vi har levd gjennom hundreårets brotsverk; faktisk det til fleire hundreår. Det er Covid-pandemien. Fullstendig feilstyrt på grunn av vondlynt åtferd, grådigheit og inkompetanse.
Trass det som ser ut som ei uendeleg mengd av medisinske data som viser kor korrupte og farlege dei mange handlingane til statlege byrå er, so vel som dei til heile det medisinske og offentlege helseetablissementet, manglar der noko. Eg kallar det pandemisk rettferd. Det som alle dei av oss som ser realiteten ønskjer, er å ikkje late alle dei vonde og korrupte menneska sleppe unna med drap og skade på millionar av menneske over heile verda.
Dette er korleis eg ser på pandemisk rettferd.
Men fyrst ønskjer eg å leggje vekt på at sjølv om eg og andre formidlarar av sanninga har halde fram med å kome med medisinske nøkkeldata, spesielt dei mange måtane Covid-vaksinar/oppfriskningsdosar gjev langt fleire risikoar enn fordelar, står vi overfor eit samarbeid mellom venstreorienterte media og statlege byrå som kontrollerer informasjonsflyten til mesteparten av folket. Dei er meistrar i propaganda.
Trass ymse protokollar basert på generiske [ikkje-patentbeskytta; oms.an.] medisinar, vitamin og kosttilskot som tydeleg er trygge og effektive i å hindre og kurere Covid, er vaksinerørsla framleis sterk. Pandemien kunne ha blitt stoppa tidleg ved å rett og slett fremje utbreitt bruk av høge dosar vitamin D. Vitskapen var der. Men vitskap har ikkje blitt prioritert av den pandemiske maktene.
Vi treng at sanningsrørsla krev pandemisk rettferd. Enkelt forklart tydar dette at vi krev strafferettsleg forfølging av dei mange vonde menneska, slik som Fauci og alle toppane i CDC, FDA og NIH, og folkehelsebyrå som med vilje tvinga gjennom utrygge, ineffektive og ubrukelege handlingar som har øydelagt liv og demokratisk styresett. CDC endra definisjonen på vaksine for å late genterapi-legemiddel bli kalla vaksinar.
Straffeforfølging burde basere seg på tiltalen uaktsamt drap [engelsk criminally negligent homicide; oms.an.]. Storjuryar må opprettast.
Slik straffeforfølging burde bli høgaste prioritet blant alle dei som veit nøyaktig kor frykteleg pandemihandteringa har vore.
Lat oss vere tydelege, det dreiar seg ikkje berre om dei endelause løgnene og all desinformasjonen, eller til og med ikkje om å tene pengar for store legemiddelselskap; det dreiar seg om det å øydeleggje liv.
No døyr det rundt 500 amerikanarar kvar dag av Covid; dersom der fann stad ein flystyrt eller flaum og 500 menneske miste livet, hadde det skapt avisoverskrifter. Men der finst inga nyheitsdekning av dei daglege Covid-dødsfalla som kunne ha blitt unngått; og dei tala har gått opp 70% i løpet av dei siste få månadene.
Her er dei tre nøkkelelementa til pandemi-brotsverk mot menneskeheita:
Pandemiske makter har heilt frå byrjinga og til no stengt for bruken av vitamin, kosttilskot og generiske legemiddel som kan hindre og behandle Covid.
Covid-vaksinane er både ineffektive og farleg utrygge, og skader og drep millionar av menneske over heile verda.
Kontrolltiltak slik som nedstengingar og skulestengingar redda ikkje liv; dei enda opp med å drepe mange menneske.
Sjølv om vi kanskje ville måtte vente på at Republikanarane overtek kontrollen over den amerikanske regjeringa, er tida no inne for å byrje med å krevje pandemisk rettferd. Mesteparten av folket vart gjort om til offer, ikkje av Covid-infeksjon, men av refjering, hovudstraumsmedia og store legemiddelselskap. Dei har alle brukt makta si til å øydeleggje liv. Tida er for lengst inne for å straffe dei. Viss og når vi nokosinne får eit legitimt rettssystem.