Anthony Fauci sitt terrorvelde endra USA for alltid

Fauci gjorde verda dummare, meir nedrig, meir einsam og mindre fri

Av Matthew Boose. Henta frå American Greatness. Omsett av saksyndig.

Historiebøkene er fylde med profilar av vonde menn som ønskte å bli Gud. Sånt sett er ikkje Anthony Fauci so spesiell. Men hagiografikarane hans jobbar i skrivande stund iherdig. Dei jobbar for å sikre seg at ettertida hugsar Fauci slik han ønskjer å bli hugsa – som ein godhjarta og feilfri mann, ein helgen, og ikkje den luciferianske sjarlatanen han eigentleg er. Lat dei levande vere vitne vil sanninga før den blir graven ned.

Anthony Fauci er ansvarleg for uomgripeleg menneskeleg misere. Den umenneskeleggjerande dystopien som vi har levd under sidan mars 2020 er hans skaparverk. Dei idiotiske pilene på golvet, dei maskerte, anonyme ansikta, menneske som blir overlatne til å døy åleine i triste sjukehusrom: dette er Fauci sitt faktiske ettermæle. Han gjorde verda dummare, meir nedrig, meir einsam og mindre fri.

Dette var alt etter planen. Som Fauci forklarte i ein avslørande artikkel frå september 2020, er sivilisasjonen klar for ein «radikal» omstart. Ein «transformasjon» av menneskeleg åtferd er naudsynt, som vil «ta fleire tiår å oppnå» og som omfattar «å byggje oppatt infrastrukturane til den menneskelege eksistens».

Det at Fauci tenkjer overdrive optimistiske tankar om seg sjølv ville ha vore underhaldande om det ikkje var so destruktivt. Frå sitt podium på kabel-TV-nyheitene, snakka Fauci med overlegen retorikk om alle tema rundt offentleg, privat og spirituelt liv. Ingenting var over grensa i korstoget hans. Gjennom det heile gøymde Fauci sin despotiske ambisjon bak ei maske av falsk beskjedenheit. Han motsa seg sjølv støtt og stadig, men han kravde blind tru på alt det han sa likevel. Han skrytte til og med over å lyge til folket, naturlegvis til deira eige beste.

I etterpåklokskapens namn burde det ha vore lett å få auge på vondskapen. Ein liten mann med eit ego større enn verda; Fauci høyrer til ein kjent mennesketype. Som hans forgjengarar er han grandios, over-stolt, ein sjølverklært «humanist»-ideolog som har ein personleg utopi som er eit dystert, misantropisk fengsel. I Fauci si verd er helvete andre menneske. Dei er sekkar av kjøt som gjer frå seg bakteriar. Der finst ingen Gud. Den einaste trua det er verdt å ha, er funnen i «vitskap», som, viser det seg, faktisk tydar tru på menn som Fauci.

Som mange gudar er Fauci ein hamskiftar. Ein dag er han ein utrøytteleg tenar som utfører mirakel; den neste er han ein makteslaus observatør av sitt eige arbeid. Fauci ønskjer å få verda til å vete at dei totalitære tiltaka han innførde redda tallause liv, og at skaden dei har forårsaka ikkje er hans feil. Det var ikkje Fauci som øydela trua på «vitskap», men kritikarane hans. Til hans forsvar er der ein enkel og kraftig logikk her: Fauci er «vitskap». Dei som stille han spørsmål korrumperer dei truande.

Fauci er so klassisk vondskapsfull at ein kan finne karakteren hans skildra med perfekt klarskap i bibelsk profeti. Han er tosken som læst som han er den vise mannen, den falske læraren som narrar og forfører folkeskaren med løgner. Hans forførariske grep på millionar av menneske er ein dom på vår æra av «opplysning» og «framsteg».

Fauci-alderen er ikkje prega av framsteg, vitskap eller menneskelegheit: berre det motsette, den er prega av tilbakesteg, overtru og barbari. Dei mest primitive folkeslaga i verda har gravferdsritual. I Fauci si verd vart sjølv dette aller heilagaste ritualet avbrote. Barn, sjølve framtida, vart ofra for å tekkjast det oppblåsne sjølvbiletet hans.

Om vi kan takke Fauci for noko som helst, er det gåva klarskap. Eit meir mandig og sivilisert USA hadde dekt slik ein mann i tjøre og fjør for lenge sidan, i staden for å late seg sjølv bli sett i transe av hans sjamanistiske kvad. Vi lever derimot i ei tid av dekadanse. Dagens vestlege mann er ein svak, lettpåverkeleg kujon utan vitalitet.

Fauci-sekta, på botnen, fornekta dødelegheit. Som alle vellykka tyrannar drog Fauci nytte av mennesket sin veikskap for å oppfylle eigne føremål. For ein uhyrleg pris lovde han til disiplane sine det falske godet av ein forseinka død. Covidianarane, som sin forrykte leiar, vil aldri bli sett fri frå si feilaktige tru på det dei kallar «vitskap» og rettskaffenheita bak deira tåpelege opprør mot naturen. Når tida kjem, vil dei vere klare til å gjere alt saman om igjen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s