Den eigentlege grunnen til at Fauci går av: «Tilstadeveringa hans er ikkje lenger politisk berekraftig»

Av Patricia Tolson. Henta frå The Defender, men opphavleg publisert på The Epoch Times. Omsett av saksyndig.

Medan dr. Anthony Fauci påstår at han går av for å «følgje det neste kapitlet» av karrieren, trur ein advokat som har jakta på strafferettsleg ansvar for Fauci for hans handlingar at det er fordi «tilstadeveringa hans ikkje lenger er politisk berekraftig».

Fauci erklærte 22.august at han går av frå sine posisjonar som direktør for National Institute of Allergy and Infectious Disease, leiar for National Institute of Allergy and Infectious Disease Laboratory of Immunoregulation og øvste medisinske rådgjevar for president Joe Biden.

«Det høge smellet vi alle høyrer, er den globale opninga av sjampanjeflasker som feirar Faucis avgang,» sa advokat Thomas Renz til The Epoch Times.

Renz er leiande advokat i fleire større saker mot Centers for Disease Control and Prevention (CDC), Department of Health and Human Services¸Biden-administrasjonen og Fauci sjølv; det gjeld tvinga vaksinemandat, Covid-19-nedstengingane, munnbindpåbod, stenging av føretak, påstått tenesteforsømmelse på sjukehus, vaksineskadar på militærpersonell og sivile, og forsøk på å sensurere sanninga om Covid-19.

Medan det han hevdar har blitt avfeia som «uriktig», «konspirasjonsteoriar» og «basert på feilaktige data på grunn av ein feil i databasen», responderte Renz til kritikarar at sjølv om han «berre hadde rett fem prosent av tida», tydar det framleis at «vi vart logne til fem prosent av tida».

Unøyaktig og inkonsekvent

Ifølgje Renz er heile Covid-19-speleboka brukt av regjering og det liberale media til å tvinge lydigheit til restriktive protokollar, fylt med unøyaktigheiter og inkonsekvensar.

Medan Fauci kravde bruk av munnbind og sosial avstand fordi desse tiltaka var meint å hindre spreiinga av viruset, seier talrike studiar og vitskapsfolk noko anna.

CDC innrømte i august 2020 at «det å oppretthalde sosial avstand-inngrep i fleire månader kan ikkje vere gjennomførbart økonomisk og sosialt».

Fauci sjølv har snudd tvert om fleire gonger når det gjeld effektiviteten av å bruke munnbind. Demokrat-politikarar som innførde munnbindpåbod, nedstengingar, karantene og reglar som stengde for innandørstenester relatert til personleg omsorg, vart ofte tekne på fersken i å gjere nøyaktig det som dei forbaud andre å gjere. [Det er òg tilfelle her i Noreg. Nokon som hugsar Erna Solberg sin 60-årsdag på Geilo? Oms.komm.]

På grunn av den samla effekten av den stadige omsnuinga, dobbeltmoralen og feilinformasjonen, trur Renz at «folket er i ferd med å vakne opp».

«Dei kan ikkje lenger fortelje oss at alt er ei krise,» sa Renz. «Dei kan ikkje seie: ‘Hei, vi har ein ny apekopp-pandemi og vi må erklære ein ny unntakstilstand. Kva so om det berre er 7500 smitta i heile landet.»

Som The Epoch Times rapporterte denne månaden, antyda dr. Syed Haider at utviklinga av apekopp-utbrotet er mistenkjeleg identisk til måten Covid-19 vart introdusert til verda.

Data publisert av CDC denne månaden, i sin «Morbidity and Mortality Weekly Report», viser at der var rundt 7500 tilfelle av apekoppar i USA. Av dei var 99% av tilfella hjå menn, og av dei rapporterte 94 tilfelle nyleg seksuell eller intim kontakt mellom ein mann og ein annan mann.

«Korleis er det ein nasjonal pandemi?» spurde Renz retorisk. «Korleis er det ei krise? Korleis er det noko som helst?»

Dei ekte covid-tala

«Dei har loge og loge og loge, og vi har teke dei i det igjen og igjen og igjen,» slo Renz fast. «Vi som trur på sanninga, vitskapen og fridommen kjempa svært hardt heilt frå byrjinga. På grunn av det var vi i stand til å skape skepsis rundt desse sprøytene. Ved å gjere det er det eit tal menneske i dette landet som framleis er u-injisert. Dersom vi går etter CDC-tal, seier dei at 75% av befolkninga har teke sprøyta. Men her er problemet. Desse menneska får covid igjen.»

Ei nyleg etterforsking gjort av Epoch Times viste at i løpet av dei siste månadene har vaksinerte større sannsyn enn uvaksinerte for å vere eit Covid-19-tilfelle, innlagt på sjukehus eller død – i 25 delstatar.

CDC innrømte i juni at dei som er vaksinerte kan få Covid-19 igjen.

National Institutes of Health (NIH) sa i januar 2021 at dei som får naturleg immunitet etter gjennomgått Covid-19 har langvarig immunitet mot viruset.

Trass påstandar om at uvaksinerte er «farlege» og utgjer ein risiko for samfunnet ved å «auke høvet» for sjukdommen å spreie seg gjennom eit samfunn, vart CDC òg tvinga til å innrømme i november 2021 at dei ikkje har dokumentasjon på at uvaksinerte med naturleg immunitet spreier viruset.

Ein studie frå Yale School of Public Health hevda i oktober 2021 at uvaksinerte burde forvente å bli smitta på nytt med koronaviruset kvar 16. til 17.månad. Ein annan rapport påstod at dei som hadde Covid-19 er «fem gonger meir utsette» for å bli smitta på nytt om dei er uvaksinerte.

Derimot viste ein studie publisert i juni i New England Journal of Medicine at naturleg immunitet gjev større beskyttelse frå Covid-19-infeksjon enn fleire vaksinedosar.

Under eit intervju med ABCs Good Morning America i januar, innrømte CDC-direktør dr. Rochelle Walensky at 75% av vaksinerte vaksne som døydde av Covid-19 hadde minst fire underliggjande tilstandar, noko som forsterka påstandar frå skeptikarar som trudde at Covid-19-dødstala var blåsne opp.

Vaksinert versus uvaksinert

«Det som skjer no er at folk lurer på kvifor dei som har blitt vaksinert fire gonger får covid igjen, medan resten av oss har det heilt fint,» sa Renz. «Realiteten er at fordi ein brukte slik ei militant makt for å få folk til å ta desse sprøytene, so spør dei som ikkje tok dei kvifor dei som tok sprøytene er dei som blir sjuke igjen.»

Renz sa:

«Pfizer kan kjøpe so mykje reklametid på Fox News som dei vil, men du kan ikkje lyge til folk om det som dei ser med eigne auge. Folk vaknar opp. Du treng berre å sjå ei løgn éin gong før du får mistankar om dei som fortel løgnene.

Fauci har fått ingenting anna enn lovprisingar og klapp på skuldra for arbeidet sitt; men folk slik som eg, Peter McCullough, Peter Corey og Robert Malone, vi har blitt angripne brutalt og endelaust for å prøve å snakke ut om bekymringane våre. I mellomtida har Anthony Fauci loge igjen og igjen.»

Renz sa at «ei av Fauci sine største løgner» var då han annonserte i juli 2021 at meir enn 99% av dei som døydde var uvaksinerte. Rundt same tid sa Renz at dei avdekte «Prosjekt Salus».

Prosjekt Salus

«Prosjekt Salus» var kunstig intelligens-programmet [AI, Artificial Ingelligence på engelsk; oms.an.] brukt av Forsvarsdepartementet i samarbeid med Joint Artificial Intelligence Center, frå januar tol august 2021, for å studere effektiviteten av vaksinar mot Covid-19-viruset på dei over 65 i befolkninga.

Ifølgje studien oppstod 71% av nye Covid-19-tilfelle og 60% av sjukehusinnleggingane i denne aldersgruppa blant dei fullvaksinerte. Av dei over 65 er 80% vaksinerte.

Andre nøkkelfunn som Prosjekt Salus oppdaga er:

  • Effektiviteten til mRNA-vaksinane er bekrefta å svinne hen over tid.
  • Over tid viser dei som er vaksinert med mRNA-vaksinar ein auka risiko for Covid-19-infeksjonar som krev sjukehusinnlegging, der «odds-raten aukar til 2,5 seks månader etter vaksinasjon.»
  • Tidlegare Covid-19-infeksjon reduserer sterkt sjansen for at ein vaksinert person treng å leggjast inn på sjukehus på grunn av ein følgjande infeksjon [naturleg immunitet beskyttar betre enn mRNA-injeksjonane, med andre ord; oms.komm.].

«Fauci regelrett laug,» insisterte Renz. «Vi tok han i det fordi han vart intervjua på same tid. Det er særs tydeleg. Det er ikkje kontroversielt at han laug med mindre han rett og slett ikkje las papira som låg på skrivebordet hans, og i so tilfelle har han grovt forsømt sine plikter og burde ikkje ha ei slik stilling under nokon omstende. Folk har vakna opp til det faktum at han lyg, og at han er viljug til å late menneske døy om det fremjar interessene hans.»

Dess meir og meir informasjon som no kjem ut om menneske som blir sjuke og døyr av vaksinane, og dess meir regjeringa si Covid-19-forteljing held fram med å kollapse, dess meir politisk giftig blir Fauci, sa Renz.

Det er høgst forventa at Republikanarane vil ta att kontrollen over Det kvite hus, og kanskje òg Sentatet, i november.

På grunn av dette trur Renz at Faucis avgang har mindre å gjere med ønsket hans om å «følgje det neste kapittelet» i karrieren, og meir å gjere med behovet hans for å sleppe unna ansvaret for sin inkompetanse og si feilhandtering av Covid-19-utbrotet.

Renz slår òg fast at Demokratane ønskjer å fjerne han fordi «tilstadeveringa hans er ikkje lenger politisk berekraftig». Dei veit at «dei må få den lynavleiaren ut derifrå».

Beaglegate

Ei av dei meir urovekkjande historiene som har dukka opp om Fauci, er involveringa hans i det som har blitt kjent som «Beaglegate». [Beagle er ein type jakthund; oms.komm.]

Washington Post rapporterte at eit firma basert i Indianapolis ved namn Envigo «aler opp hundar og sel dei som forsøksdyr til farmasøytiske og bioteknologiske industriar».

Fauci, som leiar av National Institute of Allergy and Infectious Diseases, finansierte desse eksperimenta.

White Coat Waste Project rapporterte i oktober 2021: «Etterforskarane våre viser at [dr. Anthony[ Fauci si NIH-avdeling sendte delar av eit legat på 375 800 dollar til eit laboratorium i Tunisia for å dope beagle-hundar og stengje hovuda deira inn i bur fylt med svoltne sandfluger slik at insekta kunne ete dei levande.»

Det har òg blitt rapportert at somme av hundane fekk kutta over stemmebanda slik at arbeidarane ikkje trong å lytte til dei forpinte skrika deira.

Det mest oppsiktsvekkjande aspektet til denne historia er grunnen til at NIH valde å bruke beagle-hundar i desse eksperimenta.

Ifølgje senior-visepresident i PETA [ei amerikansk dyrevelferdsgruppe; oms.an.], Daphna Nachminovitch, var grunnen at «beagle-hundar er små og føyelege. Dei er sopass snille, lojale hundar, og uheldigvis er dei so underdanige at dei er lette å torturere utan å utgjere ein offentleg tryggleiksrisiko til dei som misbruker dei,» sa ho til Fox News.

«Han har alvorlege problem»

Med tanke på det samla talet dødsfall tilknytt Fauci: «han har alvorlege problem,» sa Renz.

Renz heldt fram:

«Her har vi ein fyr som har loge og loge og loge om tryggleiken og effektiviteten til vaksinane i to år no. Du kan sjå når han lyg fordi munnen hans er open. Kva for ein person vil kjempe for at babyar får ei eksperimentell sprøyte i lys av det faktum at ingen friske barn har døydd av Covid-19? Men her har vi denne fyren som pressar desse vaksinane på babyar. Kva fortel dette dykk om karakteren hans?»

Renz snakka om den «utilsikta» oktober-lekkasjen av amerikanske Food and Drug Administration i juli 2021, som viste dei talrike biverknadene til vaksinane som dei fremja for å gje til barn.

Biverknadene inkluderer slike som Guillain-Barré-syndrom, slag, akutt myokardialt infarkt (hjarteinfarkt), anafylaksi, autoimmun sjukdom og død.

«Dei kalla dei ‘uventa hendingar av spesiell interesse’, slik at dei ikkje trong å liste dei opp som biverknader,» forklarte Renz. «Dersom nokon kan forklare til meg skilnaden mellom ‘uventa hendingar av spesiell interesse’ og ein ‘biverknad’, vil eg svært gjerne at dei gjer det, fordi eg sjølv aner ikkje kva skilnaden er.»

Ifølgje Verdas helseorganisasjon er ei «uventa hending av spesiell interesse» ei «på førehand identifisert og definert medisinsk betydeleg hending som har potensialet til å vere årsaksmessig tilknytt eit vaksineprodukt som treng å nøye overvakast og bekreftast av vidare spesialstudiar.»

Health Feedback, ei faktasjekkar-nettside kjent for å gå til åtak på alle påstandar som er kritiske til Covid-19-vaksinar, gjekk òg til åtak på alle som prøvde å tilskrive nokon som helst dødsfall til vaksinen, eller som prøvde å implisere at «rapporteringa av uventa hendingar etter vaksinasjon» demonstrerte «at vaksinen forårsaka hendinga eller er utrygg», sa Renz.

Renz sa:

«FDA visste om biverknadene og prøvde med vilje å dekkje over dei. Fauci visste dette! Det er ikkje sjanse for at han ikkje visste dette!»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s