Av «Tyler Durden», Zero Hedge. Omsett av saksyndig. Forfattarnamnet er eit pseudonym, oppkalla etter hovudpersonen i filmen Fight Club.
Nok eit teikn på at covid-vaksineagendaen til dei globalistiske institusjonane ikkje heilt gjekk so bra som dei hadde håpt på, er at Rockefeller-stiftinga har avslørt at dei (saman med andre non-profittorganisasjonar) har pumpa millionar av dollar inn i eit prosjekt innan åtferdsvitskap som er meint å finne ut kvifor store grupper av menneske rundt om i verda nektar å ta sprøyta.
«Mercury-prosjektet» [mercury = kvikksølv; oms.an.] er ei samling av åtferdsvitskapsfolk danna av Social Science Research Council (SSRC), ei non-profittgruppe som får betydeleg finansiering frå globalistiske organisasjonar og regjeringar. Dei fastslåtte måla til prosjektet er ganske so uspesifikke, og dei bruker tvitydig språk og oppdragsytringar. Derimot verkar rotintensjonen å vere fokusert på bruk av åtferdspsykologi og massepsykologiske element for å forstå den globale motstanden mot den nylege covid-lydighetsinnsatsen.
Mercury-grupper vil bli sendt ut til fleire nasjonar og regionar, og vil studere vaksinenekt og den medisinske «feilinformasjonen» som fører til det. Dei opererer med den intensjon å skreddarsy vaksineforteljingar til å passe ulike etniske og politiske bakgrunnar, og ser etter nøkkelen til portane til kvart eit kulturelt kongerike, og overtyde dei til å ta sprøyta.
Rockefeller-stiftinga og SSRC seier:
«I kjølvatnet av skildringa av unøyaktig helseinformasjon av den amerikanske Surgeon General som ein ‘akutt trugsel’, og av Verdas helseorganisasjon som ein ‘infodemi’, bad SSRC om forslag til å motverke dei globale trugslane utgjort av offentleg feil- og desinformasjon og låge covid-19-vaksinasjonsratar, og fekk nesten 200 innsendte bidrag frå rundt om i verda.
… sidan covid-19 finst og utviklar seg raskt overalt, er der eit presserande behov for å identifisere inngrep som har som potensiale å auke vaksinasjonsopptaket.»
SSRC og Mercury-prosjektet får ikkje berre støtte frå stiftingar, men òg regjeringsbaserte institusjonar. I juni 2022 fekk Mercury-prosjektet 20 fleire millionar dollar frå National Science Foundation, som hevdar å vere eit «uavhengig» byrå i den amerikanske regjeringa. Altso, det å fabrikkere effektiv covid-propaganda blir ei mjølkeku for den små gruppene av åtferdsforskarar og psykologar som blir med på dette.
Føremålet med NSF-partnarskapet med Mercury-prosjektet er å lese på SSRC-nettsida:
«Dette nyskapande partnarskapet vil støtte forskarteam som er ute etter å evaluere nett- og ikkje-nettbaserte inngrep for å auke behovet for covid-19-vaksinasjon og annan positiv helseåtferd, inkludert det å spore opp produsentar og/eller forbrukarar av unøyaktig helseinformasjon og/eller ved å auke tilliten til påliteleg helseinformasjon.»
Mercury-prosjektet listar opp desse punkta som sitt fokus:
«Finansierte prosjekt vil kome med evidens på kva som fungerer og kva som ikkje gjer det, på spesifikke stader, og slik at spesifikke grupper aukar opptaket av covid-19-vaksinar, inkludert kva som kan gjerast på bakkenivå, og som har potensialet til å vere kostnadseffektivt i [større] skala. Kvart av dei 12 teama vil få tilgang til funn frå dei andre teama medan dei utforskar inngrep inkludert, men ikkje avgrensa til:
- Utføre av leseferdighetstrening for secondary school-elevar [tilsvarer alderstrinnet 11-14, lower secondary og 14-18, upper secondary; oms.an.] i partnarskap med lokale styresmakter for å hjelpe elevar med å identifisere covid-19-vaksine-feilinformasjon.
- Utstyre pålitelege bodskapsformidlarar med kommunikasjonsstrategiar for å auke behovet for covid-19-vaksinasjon.
- Bruke sosiale nettverk til å dele skreddarsydd, samfunnsutvikla bodskapsformidling for å auke behovet for covid-19-vaksinasjon.»
Med andre ord er fokuset deira propaganda, propaganda og propaganda. Sjølve basisen til eksistensen til Mercury-prosjektet har som føresetnad at ein ikkje kan stole på at personar gjer seg si eiga meining om informasjonen som dei blir eksponert for, og at dei må bli forma til å akseptere hovudstraumsforteljinga. Det har òg som føresetnad at hovudstraums- og etablissementsinformasjon alltid er påliteleg og upartisk.
Den utbreidde ulydigheita mot covid-vaksinepåbod trass omfattande statleg press er kanskje ei av dei hendingane i det siste hundreåret som er minst sett pris på. Det er sannsynlegvis grunnen til at politiske elitar og konsernmedia gjekk frå ein endelaus fryktkampanje mot folket, til å nesten ikkje nemne covid på berre nokre veker. Det var som om befolkninga vart dregen gjennom to års waterboarding, og at torturen deretter berre stoppa ein dag utan forklaring.
Dersom vaksinepasslover hadde blitt innført i vestlege nasjonar på skalaen som regjeringar og globalistar kravde, ville dei siste restane av personleg fridom no ha blitt utsletta permanent. Alle individuelle rettar hadde blitt privilegium gjevne av styresmaktene, og avhengige av underkasting til kva enn slags covid-oppfriskningsdose eller medisinske prosedyrar som tilfeldigvis var i vinden då. Tenk på det: dersom dei hadde fått det som dei ville, hadde Vesten sett ut akkurat som Kina gjer no, eller verre, med inga økonomisk deltaking utan eit oppdatert covidpass.
Og trugselen lurer framleis. Kvifor Mercury-prosjektet føler behov for å komponere vaksinepropaganda for eit virus med ein gjennomsnittleg smittedødelegheitsrate på 0,23%, blir ikkje forklart. Og, dersom vaksinetal frå byrå som CDC stemmer, har befolkninga allereie fått flokkimmunitet likevel (kanskje tala deira ikkje stemmer?). Kvifor er globalistgrupper so besette av å oppnå 100% vaksinasjon for covid? Dette blir aldri forklart.
Dei vil seie at det handlar om å redde liv, men dersom berre 0,23% i snitt er i risikosona uavhengig av om dei er vaksinerte eller ikkje, er folkehelse ikkje eigentleg ei truverdig forklaring. Det kan sjå ut til at føremålet med Mercury-prosjektet handlar meir om å påverke menneske til å ta vaksine, ikkje i vitskapens namn, men trass det vitskapen seier.