Om å forstå det tyranniske sinnet og korleis det opererer

Av Brandon Smith. Henta frå Alt-market.us. Omsett av saksyndig.

Alle menneske har som mål å kontrollere omgjevnadene sine til ei viss grad. Dei ønskjer eit påliteleg nivå av styring over verda si, og å fjerne kva enn slags tvil dei måtte ha om si framtidige overleving. Dersom dei kan, vil menneske setje i verk tiltak for å fjerne kvar potensielle smerte eller motbør og etablere eit liv av endelaus komfort. Minste motgangs veg er draumen for dei fleste, og for å oppnå det ser menneske på makt som eit formidabelt verktøy.

Eg utforskar denne vanlege tilstanden fordi eg ønskjer å gjere det tydeleg at nesten alle menneske ønskjer seg makt til ei viss grad. Nokre gonger tydar dette til og med å kontrollere andre sine handlingar for å hindre dei i å uroe oasen av komfort som vi konstruerer rundt oss. Nokre gonger finst der destruktive menneske som vi føler vi blir tvinga til å leggje føringar på og sperre inne i sjølvforsvar. Og nokre gonger igjen prøver vi å kontrollere dei rundt oss ut av irrasjonell frykt.

Det tyranniske tankesettet er ikkje eksklusivt for Stalin-ane, Mao-ane og Hitler-ane i historia, det er ein skugge med djupe røter, som stundom lurer inne i fleirtalet av oss. Det er denne tilstanden som politiske tyrannar prøver å utnytte til sin fordel, fordi inga autoritær regjering nokosinne kan lykkast utan hjelpa frå millionar av småtyrannar som støttar dei. Dei finn ein måte å nære ønsket vårt for kontroll og eit føreseieleg liv medan dei samstundes slavebind oss.

Poenget er at tyrannar treng oss. Vi har alle ein liten dæsj tyranni i sjelene våre; vi er knytte saman, men vi er ulike.

Det er ikkje dermed sagt at orden i seg sjølv er vondt, eller at sosiale strukturar er ibuande undertrykkjande. Folk treng grenser fordi ikkje alle er gode eller forstandige; nokre er vondskapsfulle, nokre er late, nokre er sprø, nokre er inkompetente og nokre er ureielege – og dei dreg resten av oss ned. Anarki er ikkje løysinga, men det er heller ikkje totalitarisme. Alt dreiar seg om kven som set grensene, og korleis.

Dette er staden der vi avdekkjer eit spesifikt menneskeleg element som er manisk tiltrekt av å kontrollere, ikkje fordi dei er redde, og ikkje fordi dei ønskjer komfort, men fordi dei nyt kjensla av makt. Dei er avhengige av den. Eg snakkar spesifikt om narsissistar, sosiopatar og psykopatar; dei er medlemmer av arten vår, men dei manglar dei psykologiske nøkkeltrekka som gjer oss menneske, slik som empati, samvit, fantasi, kjærleik og skam. I nesten kvart einaste tilfelle der ein stat gjekk gale, finn ein at desse mennesketypane fekk høvet til å snike seg inn i maktposisjonar og utnytte dei.

Trass dei overdrivne framstillingane på film og i TV, er ikkje din gjennomsnittspsykopat noko særleg kompleks eller interessant – det faktum at dei eksisterer er interessant, men som menneske har dei tendens til å vere keisame. Ideen om dei er fascinerande fordi dei er eit biologisk avvik, ein evolusjonær feil eller kanskje ein spirituell deformitet. Rundt 1% av ei gjeven befolkning er tilbøyelege for psykopati, og ein endå mindre prosentdel er høgtfungerande psykopatar som er flinke til å skjule sin monstrøse natur.

Dei fleste gjennomsnittspsykopatar endar før eller seinare opp i fengsel, eller opplever ei endelaus rekkje nederlag. Dei kan ikkje ta seg saman og vedlikehalde forhold og byggje seg eit normalt liv fordi dei er for sjølvopptekne og farlege, og til slutt legg menneska rundt dei merke til det. Desse mennesketypane er det eg vil kalle «småtyrannar». Dei ser ut til å stige til overflata på samfunnet når tidene er desperate; når folk blir distraherte av krise, føler psykopatane at det er trygt å vise sine sanne ansikt.

Til dømes, under covid-pandemi-nedstengingane og dei statlege forsøka på å innføre drakoniske vaksinepåbod, var småtyrannane overalt. Dei berre dukka opp ut av det store intet og snurra rundt den autoritære malstraumen som om det var masseåtak på byttedyr. Dei naut det å kunne kommandere folk rundt når det gjaldt munnbind, vaksinar og «sosial avstand», sjølv om ingen av desse tiltaka gjorde nokon som helst skilnad når det gjaldt spreiinga av covid eller den ganske so låge infeksjonsdødsraten på 0,23%.

Dei fekk matrestar kasta frå maktas bord og dei naut kvart eit minutt av det. Den verkelege vitskapen var ikkje på deira side, men dei brydde seg ikkje; media og staten var på deira side og det var alt som talde. Dei var glade for å bli brukte som våpen mot andre borgarar som berre ønskte å vere frie.

Utover det symbiotiske (eller kanskje heller parasittiske) forholdet mellom stortyrannar og småtyrannar, er der eit sett av standardar som må bli møtt for at tyranni skal lykkast:

Øydelegging av valfridom

I tyranniets kjerne er det å fjerne valfridom. Sentralisering handlar om å eliminere val for folket medan dei fortel dei at liva deira vil bli straumlinjeforma, enklare og tryggare. Dersom folk har val utanfor det etablerte systemet eller ideologien, kan dei stille spørsmålsteikn ved kor gyldig maktstrukturen er. Dei kan spørje seg sjølve: «kva om det finst ein betre måte enn denne?»

Og, sidan der alltid finst noko betre enn frykt og slaveri, må tyrannar gå inn i ein konstant krig mot alle alternative idear og prinsipp. Den einaste måten dei kan sikre seg at folk ikkje vil gjere opprør ein vakker dag, er å utslette eksistensen av valfridom. Ikkje berre det, men dei må òg overtyde massane om at til og med forslaget om andre val er heilagbrot og farleg. Systemet må bli absolutt når det gjeld alt, og i kvart område av dagleglivet.

Skape eit falskt moralsk paradoks

Fridom er slaveri – uvit er styrke. Det er det gamle orwellianske paradokset som perverterer tydinga til ord og dygder for å rettferdiggjere tyranni. Ei utviding av denne forvridne måten å tenkje på, er religionen til «fellesskapets beste»; ideen om at alt det vonde kan rettferdiggjerast so lenge som «fellesskapets beste» blir oppnådd. Men kva er fellesskapets beste? Det er kva enn tyrannane seier at det er; vanlegvis noko som hjelper dei med å få meir makt. Ein skulle tru at eit «gode» som er «det beste» ville innebere meir fridom og mindre frykt, ikkje mindre fridom og meir frykt.

Som del av taktikken rundt det å fjerne valfridom, skaper tyrannar ofte eit falskt moralsk dilemma der folk blir fortalt at fridommen deira faktisk skader andre, difor må fridommen deira takast vekk «for fellesskapets beste». Igjen, det medisinske covid-tyrannieksperimentet vart bygt fullstendig rundt dette argumentet. Kva om ditt val om å ikkje gå med munnbind, å ikkje halde deg heime bak låste dører, og å ikkje ta ein tvilsam vaksine, skadde hundrevis eller tusenvis av andre? Rettferdiggjer ikkje det å ta vala dine vekk? Desse påstandane er naturlegvis rein fantasi, men midt oppi ein nasjonal panikk kan folk bli leia til å tru at det falske paradokset er ekte.

Obsessiv-kompulsiv utviding

Som tidlegare nemnt er tyrannar vanlegvis psykopatiske personlegdommar, og ein del av dette tankesettet er tvangshandlinga om å utvide og fortære. Som ein veksande amøbe, eller det vesenet frå filmen The Blob. Svelta deira etter kontroll blir aldri tilfredsstilt, dei vil alltid ønskje meir.

Folk vil bli fortalt at dei berre vil misse ein del av fridommen sin, eller litt meir, eller at fridommen deira vil bli avgrensa «i kort tid» [To veker for å flate ut kurven, til dømes? Oms.komm.]. Dette er alltid ei løgn. So fort tyrannar får ny makt, vil dei som besette halde fast på den som om den var oksygen som dei ville døy utan. Og deretter vil dei prøve å oppnå endå meir makt fordi det dei allereie har, aldri er nok. Ein venn av meg skildra det ein gong slik som dette:

«Stabla føre tyrannen er eit matbord av kongelege proporsjonar, som sjølvaste julekvelden på middagsbordet. Du sit der stille utan tilgang til bordet, men i hendene dine held du ein liten brødbit. Dette er alt du har, og du held forsiktig på den fordi du må få den til å vare. Og sjølv om tyrannens mage er bresteferdig og han har meir enn han nokosinne kunne ete eit heilt liv, er alt han kan tenkje på din vesle brødbit.

Alt han spekulerer på dag og natt er kvifor du har den brødbiten når den burde ha vore hans. Han skjer tenner og frodar i desperasjon etter ditt magre måltid. So ein dag bestemmer han seg for at han ikkje vil gje seg til brødbiten din er i hendene hans medan du svelt. Dette er no hans oppdrag i livet – å ta bitane og smulane dine og etterlate deg med ingenting. Alle andre utfall vil vere utenkjelege.

Han ønskjer ikkje berre å stele biten din, men han ønskjer òg å sjå fortvilinga di når han gjer det. Han vil ha deg vil å vete at han har ditt siste måltid, og han ønskjer å sjå smerta i ansiktet ditt når han tek det ifrå deg. Deretter vil han at du oppfører deg som om du elskar han for det.»

Dette er korleis sinnet til ein psykopat fungerer. Kvifor verkar hjernane deira på denne måten? Der finst mange teoriar, men ingen veit det eigentleg heilt sikkert. Evidens antydar at dei faktisk blir fødd slik dei er; med ingen samvit og inga motvekt til galskapen.

Brødbithistoria er berre ein metafor, men det illustrerer korleis psykopatiske autoritære ser på fridom av ymse typar – dei er bitar av liv som tyrannar ikkje kan tolerere at du har. Det gjer dei galne å vete at du har denne vesle biten av lys og lykke i hendene dine, og dei legg planar og skrik og hyler og klorer heilt til dei tek den vekk frå deg.

Tyranni kan ikkje overvinnast med mindre det blir forstått

Der vil vere menneske der ute som kjem med det vanlege uvetande argumentet om at alt dette er ei øving i noko fånyttes, fordi det ikkje «adresserer løysingar». Der finst mange løysingar på autoritære system, eg har skrive om dei i meir enn 16 år no. Vi kan snakke heile dagen om desentralisering og lokalisering og organisering og revolusjon, men ikkje noko av dette speler noka rolle med mindre vi forstår korleis fiendane våre tenkjer og kva taktikkar dei bruker. Dersom vi ikkje kjenner dei, kan vi ikkje overvinne dei.

Dei er ikkje komplekse og dei er ikkje nødvendigvis geniale, men dei gjev seg aldri. Å undervurdere kor besette dei er av makt kan bli katastrofalt. Med det sagt, den eine tingen dei verdset meir enn makt, er sine eigne liv, og fram til desse folka forstår at dei kan måtte betale med liva sine for sin besettelse, vil dei aldri stoppe. Ein kan ikkje snakke fornuft med dei. Ei heller vere diplomatiske eller inngå kompromiss. Der finst ingen felles arena. Dei vil halde fram med å ta, eller dei vil bli stoppa. Å kjenne tankesettet deira tek oss fleire steg nærare det å stengje dei ned.

Kommentar frå saksyndig: Sjå òg «Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over» (22.mars 2022).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s