Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over

Jan Arthur Nilsen publiserte 20.mars 2022 ein artikkel i Resett med det eg synest er eit interessant og høgaktuelt tema: Psykopaten i arbeidslivet. Han skriv at «mange mener at vi har vært vitne til en forverring av det psyko-sosiale arbeidsmiljøet de seinare åra. Noen snakker om en brutalisering av arbeidslivet.» Han reknar psykopatien som eit fenomen som står «mellom sunnheten og den egentlige sykdom», og at «psykopatiske trekk hos et individ anses som uhelbredelig». Psykopatar er nemleg ikkje interesserte i behandling, ettersom dei sjølv ikkje reknar seg som sjuke. Dei reknar seg som perfekte. Og dei elskar makt. Vår frittalande overlege Halvor Næss ved Haukeland sjukehus pakkar det ikkje inn: Han publiserte 10.september 2021 like godt ein artikkel ved namn «Det er velkjent at psykopater er overrepresentert i politikken».

Diverre finst psykopatar overalt i samfunnet, både på det private og det profesjonelle plan. I arbeidslivet har dei ein lei tendens til å ha leiarstillingar, og i Jan Arthur Nilsens ord kan dei «gjøre hverdagen og arbeidssituasjonen for andre til et reint helvete.»

Ja, psykopatar er ekspertar i å lage helvete på jord, fordi det er frå helvete dei kjem. Mine eigne erfaringar med psykopatar i arbeidslivet, er at dei fleste rundt dei ikkje vil vedkjenne seg at dei er psykopatar, eller at slike finst. Godtruande kollegaer utviser det som etter mi meining er uforstandig snillisme – og ordet «psykopat» vil dei ikkje ta i sine patologisk velmeinande munnar.

Psykopatar klatrar til topps i hierarkiet, mellom anna på grunn av sitt umettelege behov etter makt, og fordi dei elskar merksemd. Nilsen meiner at dei inst inne er prega av eit dårleg sjølvbilete og dårleg sjølvtillit, og at «det å karre seg til en maktposisjon, er en måte å kompensere for et slikt dårlig sjølbilde». Han er òg usikker på og mistenksam overfor dei som han mistenkjer for å «prøve å fravriste vedkommende denne maktposisjonen. Psykopaten vil derfor ofte prøve å skaffe seg et hoff av servile spyttslikkere.»

Nilsen meiner òg at psykopatar er feige, og at dei helst vil kjempe sine kampar i det skjulte. I «åpent lende» kunne dei nemleg risikere å tape. Psykopatar som blir motsagt, vil reagere med aggresjon – alternative meiningar vil nemleg trasse hans eigne idear, som naturlegvis er perfekte.

Alt som går imot den offisielle forteljinga er ein trugsel mot sjølve dens eksistens.

Nilsen skriv vidare at det typiske for arbeidsplassar der leiarar har psykopatiske trekk, er «utbredt mistrivsel, høyt sykefravær, folk som gruer seg til å gå på jobb og mange som ganske enkelt gir opp og velger å slutte.» Som tidlegare resultateiningsverneombod (overordna verneombod for resultateininga/sona) såg eg raskt samanhengen mellom høgt sjukefråvær, stor turn-over i personalgruppa og inkompetent og/eller fiendtleg leiing. Er det nokon enkeltperson med makt til å «forsure» ei heil avdeling, må det vere den eine som har reelle sanksjonsmoglegheiter: leiaren. Om den dårlege leiinga skuldast inkompetanse eller psykopati, er resultatet like øydeleggjande: avdelinga går til helvete, folk mistrivst og resultateininga opplever masseflukt frå avdelinga.

Psykopati treng derimot ikkje førekome hjå leiaren. Det kan òg førekome blant kollegaer. I vel fire år jobba eg på eit ambulerande team for heimebuande psykisk utviklingshemma, og hadde ein vernepleiar med namn «Carina» som næraste leiar. Trass at eg «berre» var helsefagarbeidar, hadde eg mesteparten av den tida den uoffisielle rolla som nestleiar. Dette lika ikkje ein annan vernepleiar med namn «Tiril». Ho var psykopaten i personalgruppa, og hadde i årevis plaga Carina med psykisk terror og trugslar.

Ved eit høve kalla einingsleiar og Carina Tiril inn til drøftingsmøte for å gje ho skriftleg advarsel for ordrenekt. Blant særs mykje anna, hadde Tiril nekta å utføre kontoroppgåver for å avlaste Carina. Då tømde Tiril bankkontoen og troppa opp med ein privat innleigd advokat som skremde vatnet av både Carina og einingsleiar. Carina mista fullstendig hovudet, truleg til Tiril si store nyting. Nokon advarsel vart aldri gjeven.

Eg tok sjølv opp kampen mot Tiril. Både eg og Carina visste at ho var ein psykopat: Tiril var overflatisk sjarmerande, dreiv med omfattande manipulasjon av personalgruppa, hadde eit uryddig privatliv med «mykje mannebein» (Carinas ord), og ho hadde tidlegare blitt fjerna frå ei leiarstilling i eit bufellesskap i nabobydelen. Tiril var til tider uberekneleg og ureieleg. Ho kunne vere blid som ei sol den neste augneblinken, og deretter gå svart i auga av sinne til Carina og klage. Ein gong prøvde ho å anklage meg for seksuell trakassering, med det resultat at Carina braut ut i høglytt latter. Når Tiril ikkje kom nokon veg hjå Carina, gjekk ho likegodt til einingsleiar og hevda at eg hadde kome med upassande seksuelle kommentarar til ein brukar. Brukaren sjølv nekta himmelfallen for dette då Carina tok ein telefonsamtale til ho. Einingsleiar gav Carina ein reprimande fordi han meinte ho ikkje hadde gjort jobben sin som leiar (sidan Carina fyrst følgde opp «brukarsaken» då Tiril gjekk til Carinas overordna, einingsleiaren). Ein gong påstod Tiril at eg ikkje hadde vaska golvet heime hjå ein bebuar. Då var pårørande til bebuaren tilfeldigvis inne på kontoret med Carina og hadde nettopp skrytt over kor godt vaska golvet var. Etter den episoden tilrådde Carina meg å alltid dokumentere til minste detalj i rapportsystemet kva eg gjorde hjå brukarane.

Det fann ein ettermiddag i oktober stad eit særs nifst møte med meg og Tiril på kontoret. Tiril, sint som ei fele, påstod at eg hadde hånt ho i personalgruppa fordi ho hadde ein «kronisk sjukdom» som gjorde at ho var ein del vekke frå jobb. Eg skal ha sagt at ho misbrukte eigenmeldingsordninga. Eg hadde sterke mistankar om at ho gjorde nettopp det, men dei einaste eg hadde sagt det til, var Carina og einingsleiar. Eg konfronterte ho med dei falske påstandane om seksuell trakassering av ho og den brukaren. Då sa berre Tiril – no heilt roleg og til og med smilande – at dette var ein «test» som Carina hadde gjeve meg. Carina var nemleg ein psykopat, og delar av slekta hennar hadde støtta Hitler under krigen!

Dagen etter tok eg kontakt med Carina og fortalde ho om hendinga. Eg spurde so kva ho som leiar tykte om at underordna kollegaer kalla ho ein psykopat med landssvikarar i familien. Det vart oppretta personalsak på Tiril, og einingsleiar prøvde gjentekne gonger å kalle inn til møte. Fyrste møtet greidde Tiril å sabotere ved å lure med seg halve personalgruppa for å vere «støttepersonar» for ho i «dette simple forsøket på å skvise [ho] ut av teamet!». Andre møtet «gløymde» ho. Tredje møtet var ho «tilfeldigvis» sjuk. Og slik heldt det fram. Etter vel eit år med dette katt-og-mus-spelet, gav einingsleiar og Carina opp. No hadde Tiril byrja å nekte å jobbe saman med meg – ho brukte eigenmelding dei dagane eg og ho jobba saman i turnus, til stor ubeleilegheit for avdelinga. Einingsleiar truga med å bruke styringsretten til å splitte avdelinga om vi ikkje byrja å samarbeide. Eg var klar på at problemet låg hjå Tiril, som jo var den som hadde starta denne kampen. Eg møtte trufast opp på jobb når eg skulle – i motsetnad til ho.

Til slutt vart eg kalla inn til møte med einingsleiar og HR-konsulenten. Dei ville flytte meg med tvang, sokalla konfliktsanering. Carina hadde allereie sagt opp leiarstillinga si og byrja som vanleg miljøterapeut i eit bufellesskap i bydelen – noko som jo er historisk sjeldan blant kommunale mellomleiarar. Alternativet var reduksjon av stillingsprosenten. Bakgrunnen var at Carina like før hadde «overtala» meg til å byrje på ei deltidsutdanning for å auke kompetansen min. Kurset fann stad om måndagane, og eg hadde etter råd frå Carina søkt om lønt permisjon. Einingsleiar informerte meg om at fagskulen som arrangerte kurset, ikkje hadde avtale med kommunen. Dermed vart permisjonen min ulønt, noko som ville ha ruinert meg. «Løysinga» vart difor overflytting til ei ny avdeling, med høgare stillingsprosent for å kompensere tapet av måndagar. Etter råd frå ei temmeleg makteslaus hovudtillitsvalt, godtok eg denne ordninga. So fort eg byrja i det nye bufellesskapet, gjorde eg avtale med leiaren der at eg alltid jobba seinvakt om måndagane, slik at eg ikkje trong ulønt permisjon likevel. Mitt år i det bufellesskapet er ei historie for seg. Det heile enda med at eg vart erklært «overtallig» i etaten, nok ei sjølvstendig historie.

Kort fortalt gjorde eg det kloke og modige valet å ta opp kampen mot psykopaten Tiril. Gjennom sine uprovoserte handlingar hadde ho vist seg å vere fienden min, og eg ville ikkje late ho vinne. Kva eg eigentleg gjorde for å vekkje i ho lysta til å eliminere meg, veit eg ikkje den dag i dag. Det er ikkje sikkert at det var ein grunn. Ho kan allereie ha sett på meg som ein trugsel, sidan eg etter ønske frå Carina hadde byrja å gjere dei kontoroppgåvene som Tiril sjølv hadde nekta å gjere.

Hadde ikkje leiinga gripe inn og konfliktsanert, ville Tiril truleg ha vore den som gav opp. Då i form av ei sjukemelding som aldri tok slutt. Ho ville høgst sannsynleg ha gått over på arbeidsavklaringspengar, før ho deretter godtok Statens intrikate eliminasjonsfelle kalla uføretrygd. So nyleg som 2019 møtte eg ein tidlegare kollega frå det teamet utanfor eit handlesenter. Ho fortalde at Tiril framleis jobba på teamet, men at ho var «veldig mykje vekke». Einingsleiar hadde for lengst gått av med pensjon, medan to andre kollegaer hadde blitt omplassert til andre avdelingar i resultateininga. Ingen tilsette frå den tida eg jobba på teamet var framleis tilsett der i 2019. Bortsett frå Tiril.

Det verste du kan gjere mot ein psykopat, er å ikkje late vedkomande dominere over deg. Om du lèt vedkomande bli som luft for deg, vil personen bli sintare og sintare heilt til han eller ho tabbar seg ut. Å vise frykt overfor ein psykopat er akkurat som å vise frykt overfor eit farleg rovdyr. Dei er ikkje slik som oss. Dei har ikkje empati, hjarte eller sjel. Dei er vonde av natur, og fiendar av menneskeheita. Får dei nok makt, kan dei bli særs farlege. Berre grada av makt skil til dømes ei som Tiril frå den vondsinna globalist-eliten som prøver å køyre heile den vestlege økonomien i grøfta og slavebinde menneskeheita. Å ikkje gje ein psykopat makt over deg er difor den mest fornuftige strategien. Slik er mi personlege erfaring. Sivil ulydigheit fungerer både på individnivå og samfunnsnivå.

Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over. Ver derimot førebudd på å måtte betale ein høg pris for denne sigeren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s