Ukraina blir fyrste landet som innfører «The Great Reset»

I ein nyleg artikkel skriv nettstaden humansbefree.com om innføringa av «The Great Reset» i Ukraina, eit land der det no går føre seg tidenes distraksjon, ein krig. Som nettstaden skriv (saksyndig si omsetjing):

«Fram til Russland invaderte Ukraina mislykkast The Great Reset miserabelt. Sidan vi veit korleis Sekta opererer, åtvara vi tilbake i april 2021 at globalistane ganske sikkert var i ferd med å førebu ei anna krise. Med Russlands invasjon av Ukraina er ikkje berre The Great Reset tilbake i rute, men det har allereie laga sitt fyrste offer. Medan ukrainarar flest har fått sin heile eksistens teken over av krig, har den ukrainske regjeringa stille implementert The Great Reset – og knapt nokon har merka det. Som eit resultat blir Ukraina det fyrste landet i verda som overgjev seg til Den nye verdsorden, ved å innføre eit sosial-kredittsystem, borgarlønn, ein digital identitet og eit vaksinepass – alt i éin app kalla Diia.»

Nettstaden skriv vidare:

«Vi har åtvara før at under ein Ny verdsorden kan digitale pengar som er gjevne ut av staten, berre bli brukt på eit utval produkt, og dei vil ha ein utløpsdato, noko som tydar at folk aldri nokosinne vil vere i stand til å spare pengar igjen – dette er nøyaktig det som skjedde i Ukraina.»

Jamfør engelskspråkleg informasjon frå offisielle ukrainske statlege sider, føreset Diia-appen at du har eit «grønt» covid-sertifikat med to vaksinedosar. Dei digitale pengane ser ut til å kome frå Ministeriet for økonomi, og sjølve kortet som er knytt til Diia har namnet ePidtrymka. På den statlege nettsida står det å lese at «pengar kan bli brukt på bøker, i treningsstudio, kinobillettar, teater, museum, konsertar eller transport over heile Ukraina». Vidare står det følgjande urovekkjande informasjon:

«Pengane blir tilbydd i fire månader frå mottaksdato. Dersom dei ikkje er brukt i løpet av denne tida, vil kontoen bli stengt. Midlar kan bli brukte både online og offline, men berre innan dei nemnde kategoriane av ukrainske forretningstenester.»

Det ser med andre ord ut til at den ukrainske staten ved å innføre digitale pengar, samstundes legg føringar på kva folk kan bruke pengane på. Og dette skjer medan landet er i krig med Russland, og det ukrainske folket mildt sagt har andre ting å tenkje på. Vil eit liknande «digitalpenge-prosjekt» bli snikinnført i andre vestlege land? Det vil berre tida vise.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s