Sanninga bak Ukraina versus Russland – kjem vondskapen innanfrå?

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

Tilbake i 2014 var folket opprørt over at USA valde det nye leiarskapet etter fallet til Janukovich. Dei vart fortalt at dersom dei gjorde opprør mot det nye regimet, ville dei ikkje få støtte frå Vesten. Denne revolusjonen var folket, men alle frå USA til George Soros prøvde desperat å styre ting i deira retning for regimeskifte.

Dei nykonservative, som inkluderte John McCain, har brukt Ukraina som fortroppen i ein proxy-krig med Russland. Naturlegvis, i militære termar, er fortroppen dei leiande delen av ein avanserande militærformasjon. Dei er typisk dei fyrste som døyr. John McCain var der i Maidan og fortalde folk «eg er med dykk», og gav inntrykket av at USA stod bak deira revolusjon. YouTube har underleg nok fjerna den videon for å reinske opp sanninga at kanskje dei nykonservative stod bak heile dette rotet.

Det var den lekne telefonsamtalen mellom Victoria Nuland og Ukrainas ambassadør. Nuland er den sjefsnykonservative som arbeider frå innsida av kvar administrasjon som styrer ei regjering inni ei regjering. Det er ulikt frå Djupstaten som er interessert i innanlands makt. Den lekne telefonsamtalen viste at dei nykonservative valde kven som skulle styre Ukraina, og Biden ville bli sendt inn som ein flink gut for å projisere biletet av den fulle makta til USA som var bak dei. Ingenting av dette er nokosinne fortalt til Kongressen og Kongressen verkar å unngå å stille nokon spørsmål kanskje ut av frykt. Dette er aldri ein politikk som nokosinne er fortalt til folket, langt mindre godkjent av Kongressen. Det er alltid ei regjering inni vår regjering som gøymer seg bak det å pakke seg inn i det amerikanske flagget.

Strategien til dei nykonservative er alltid å demonisere sin motstandar. McCain propagerte påstanden at Putin ønskte å gjenopprette Sovjetunionen. Vel, i løpet av 22 år har ikkje han teke nokon slike steg for å gjenreise grensene eller kommunisme. Likevel er det god propaganda akkurat i det dei vendte den hatstrategien mot Trump for å fjerne han frå embetet. Trump, som Kennedy, nekta å ta del i deira endelause krigar. Dei snikmyrda Kennedy, men demoniserte Trump, og gjennom alle hans fire år var alt dei gjorde å skape den falske Russiagate, som demoniserte Russland og Putin i eitt trekk.

Av alle dei offentleg tilsette som Putin nemnde i sine sanksjonar mot individ, var den mest underlege Hillary Clinton. Eg har fastslått før at Bankierane som deltok i å sende trugselbrev til Jeltsin (sjå The Forecaster) i sitt skjulte forsøk på å ta over Russland, var med godkjenning frå Hillary, som sjølv er nykonservativ. Hillary betalte for det fiksjonelle russiske dossieret for å skape Russiagate mot Trump, og det var John McCain som leverte det til James Comey for å starte FBI-etterforskinga. Då Comey kalla inn Hillary til avhøyr, tok han aldri notatar for å sikre at ho aldri ville kunne bli tiltalt for meineid.

Det var John McCain som sponsa Magnitsky Act som eit dekke for deira mislykka forsøk på å ta over Russland (sjå dokumentaren Behind the Scenes). Magnitsky var revisoren for Hermitage Capital, ikkje juristen, leia av Edmond Safra og Bill Browder. Naturlegvis likar Browder å kalle seg sjølv Putins Fiende Nummer Ein, men Putin inkluderte ikkje han i lista over desse sanksjonane – det var Hillary.

Dei nykonservative kan ikkje sove om natta so lenge Russland og Kina framleis eksisterer. Dei har drive og sendt ut sludder om at Russland var i ferd med å tape då Putin heldt tilbake og hadde ingen intensjon om å erobre Ukraina. Då Zelensky ikkje ville inngå kompromiss ved å ta sine ordrar frå dei nykonservative, gjekk Putin då over på offensiven. Den rekkja av stridsvogner berre stod der som ein trugsel, men Zelensky tok ordrane sine frå nokon andre. Zelensky gjorde ingenting anna enn å prøve å få Vesten involvert i Tredje verdskrig, som har vore målet til dei nykonservative. Zelenskys Kongress-tale var eit anna publisitetsstunt, men han kunne ikkje få til invasjonen av Vesten, for militæret veit godt at eit slikt trekk vil sluke opp heile Europa.

Putin kunne ha tilinkjegjort Ukraina på tre dagar. Han heldt tilbake fordi okkupasjon av Ukraina aldri var målet hans, og propagandaen fråd ei nykonservative om at Putin ønskte å gjenopprette Sovjetunionen har blitt bevist å vere nonsens. Uheldigvis for ukrainarane, ikkje berre tapte dei, dei vart med vilje brukt av dei nykonservative som fortropp i dette desperate forsøket på å starte Tredje verdskrig for å øydeleggje Russland og deretter Kina.

Skrifta er på veggen. Zelensky bør takke ja til avtalen om å overgje dei to provinsane slik Minsk-avtalen fastslo i 2014, der han vart valt for å redusere spenningane mot Russland, avslutte denne ideen om å bli med i NATO, og slutte med tullekravet på Krim-halvøya. Han har sett borgarane sine i skotlinja for dei nykonservative, som ikkje kunne brydd seg mindre om folket, målet deira er å øydeleggje Russland for kvar ein pris. Dette har ikkje vore i Ukraina si interesse. Det har berre vore ein proxy-kamp for dei nykonservative.

Desse nykonservative er ei regjering inni ei regjering. Dei opererer under sine eigne reglar og er ikkje gjenstand for oversyn. Senator Rubio endra raskt temaet då han utspurde Victoria Nuland, og deretter har Senatet vore desperate etter å omgjere det vitnemålet, og late som om det er ein skilnad mellom eit biolaboratorium for forsking og eit biolaboratorium for våpen.

Eit våpen er berre eit våpen og har ikkje sin eigen vilje. I hendene på ein politimann er det eit forsvarsvåpen, men i hendene på ein kriminell er det plutseleg eit åtaksvåpen. Å studere eit virus og eksperimentere med gain-of-function skapte Covid. Det er ingen skilnad og dette er fullstendig propaganda for å dekkje over det dei nykonservative har drive på med og vil halde fram med å gjere til dei får det som dei vil – Tredje verdskrig.

Eg støttar vennene mine i Ukraina. Eg håper ein dag at dei vil få sin eigen leiar som bryr seg om sitt eige land og folket. Zelensky er ikkje den personen. Han har blitt finansiert i det skjulte gjennom tvilsame middel som kan knytast til Soros, og han har blitt med i WEFs Young Global Leaders.

I mellomtida har Putin halde ein tale som eg trur vil gå over i historia med etterpåklokskap. Putin skildra slutten på vestleg dominans og konsekvensane som vil betale for heile planeten. Han annonserte òg slutten på oligarkane og implementeringa av nasjonaliseringsmodellar i somme industriar. I røynda var konfiskeringa av midlane til oligarkar i Vesten i den tru at det ville skade Putin, berre hemn for Bill Browder og det styrka faktisk Putin ved å eliminere folk som kanskje ville prøve å finansiere ein revolusjon mot han [Putin] for å behalde sin rikdom og kontroll.

I ein nyleg tale 17.mars kalla Putin dei [oligarkane] for «forrædarar og dritsekkar», av den «femte falanks», medan han snakka om «sjølv-reinsing av samfunnet» i Russland. Folk skjøner ikkje Putin. Han ser verkeleg på seg sjølv som ein patriot og han set landet fyrst. Når du har rikdom, ranar du ikkje ein 7-eleven. Han søkjer eit ettermæle i Russlands historie. Browder søkte hemn for at han tok Hermitage Capital, og heile planen om å ta over Russland for å utnytte deira gull, platium, olje, diamantar og sjeldne mineralar. Som eg sa, vart eg hyra for å investere ti milliardar dollar i Hermitage Capital. So eg veit den verkelege historia og lytta til salsforsøket på å få meg til å slutte meg til dei, som eg takka nei til.

Putins nyaste tale viser at den nykonservative forteljinga er propaganda. Putin riv i praksis Russland vekk frå den vestlege økonomien og søkjer meir uavhengigheit og i liga med Kina. Han har uttrykt avsky over korleis Vesten kansellerer all russisk kultur, som vart gjort eksempel av då NY Met sparka ei operasongarinne fordi ho var russisk.

Fram til no har verdsleiarar prøvd å oppnå fred og sameksistens. I dag er det ingen fredsmakarar. Dei rett og slett treng krig for å dekkje over kollapsen av Keynes-isk økonomi og pengesystemet som består av å låne i det uendelege utan intensjon om å betale noko som helst tilbake. På toppen av det preikar dei nykonservative om Putins vondskap i Russland og Xi Jinping i Kina. Derimot kopierer sjølve systemet som dei skapte for EU nøyaktig det dei påstår er vondt i Russland og Kina. Leiarskapet i EU står ikkje for val av folket. Dei er utpeikt av eliten. Den Europeiske kommisjonen som lagar lovene er òg aldri valt. Folket røystar berre over parlamentet som ikkje har makt til å overstyre statsoverhovudet eller Kommisjonen. Europa lever i ei falsk verd av demokrati. Dette er deira design for verda.

So medan dei demoniserer Outin, ønskjer dei å gjere slutt på demokrati sjølv her i USA, medan dei lover å halde på liksom-rettar.

Ukraina er berre fortroppen og eg sørgjer over det ukrainske folket som rett og slett er brukt som kanonføde (dei som er sett på som offer-verdige i kamp) i dette politiske spelet for å ta over verda. Medan dei framleis prøver å skape regimeskifte i Russland og Kina, treng vi kanskje nokon som kan stå imot dei nykonservative her heime.

Vondskapen er på innsida, for det speler inga rolle om vi røystar på Demokratar eller Republikanarar – dei blir verande på begge sider.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s