Norsk Hjelpefond trer til der fagforeiningane feigar ut: Har du blitt sagt opp som følgje av koronatiltak, får du bistand og støtte frå hjelpefondet

Rune Hansen starta i oktober i fjor Norsk Hjelpefond, som er ein friviljug organisasjon som hjelper barn og unge som slit på grunn av sosialt øydeleggjande pandemitiltak. Fondet har òg bistått arbeidstakarar som har mista jobbane sine på grunn av arbeidsgjevars uforholdsmessige tolking av tiltaka. Som Eirik Værnes skriv for Steigan:

«Arbeidsgivere merker at de ikke har så mye å stille opp med når Norsk Hjelpefond møter opp sammen med arbeidstakere som har blitt avskjediget. De har ikke det rettslige grunnlaget til å si opp folk på bakgrunn av deres private helsevalg.»

Sidan oppstart har styreleiar Rune Hansen bistått i over 50 saker der arbeidstakarar har hatt problem med arbeidsgjevar som følgje av koronatiltak. Nokre av dei har blitt sagt opp, men har fått tilbake jobben sin etter å ha kontakta Norsk Hjelpefond. Fondet gjev òg hjelp til barn og unge, som på grunn av tiltaka har hatt særs avgrensa evne til å sosialisere med jamaldringar, og få den undervisninga dei har krav på jamfør skulerett og skuleplikt. Einsemd og depresjon gjekk under «pandemien» i taket blant barn og unge. I tillegg opplevde barn mellom 12 og 15 år eit «enormt press for å ta vaksinene», etter at mRNA-injeksjonane i september i fjor vart tilgjengelege for den aldersgruppa. Medan FHI sa at «vaksinane» var friviljuge, meinte tidlegare statsminister Erna Solberg at det var ei «borgarplikt» å late seg vaksinere.

Det kom Norsk Hjelpefond for øyret at enkelte elevar som ikkje ville ta koronavaksine, vart «straffa» av lærarane ved å ikkje få vere med på klasseturar eller andre fellesaktivitetar.

At tiltaka hadde ein øydeleggjande effekt på folks psyke, kjem meir og meir fram i lyset. Barn og unge følte til dømes under nedstenginga frykt og dårleg samvit for at dei kunne vere smitteberarar og «overføre viruset til eldre og sårbare». I tillegg vart i utgangspunktet friviljuge tiltak, slik som koronatesting, av skulane framstilt som krav. Barn og unge godtok hyppig testing fyrst og fremst fordi dei var redde for å smitte vidare.

Rune Hansen har tidlegare arbeidd i fagforeining. Arbeidet hans for hjelpefondet skjer på friviljug basis, når han kjem heim frå sin vanlege jobb om kvelden. Dei fleste som har kontakta han arbeider i helsesektoren, der dei gjennom «pandemien» har opplevd ei rekkje urimelege krav, utfrysing på arbeidsplassen og til og med trugslar om avskjed om dei ikkje tok koronavaksinane. Medan «vaksinerte» helsearbeidarar slapp å teste seg, måtte uvaksinerte teste seg to gonger i veka – somme stader under oppsyn av ein overordna. Lokale tolkingar har ført til at tiltaka er meir inngripande visse stader. Eit døme på utfrysing er at uvaksinerte har opplevd å ikkje få sitje på same stad som kollegaene (under lunsj, til dømes, slik Hemalis redaktør Julia Schreiner Benito opplevde). Helsepersonell har blitt sagt opp fordi dei nekta å teste seg og ta «vaksine».

Foreininga har over 1000 medlemmer, og har fylkeslag i sju fylke. Opphavleg skulle fokuset berre vere på barn og unge «som trengte hjelp i en utfordrende hverdag», men arbeidarar (primært innan helsesektoren) har òg teke kontakt. I styret sit Line Karlsen, advokat Barbro Paulsen og siviløkonom og forfattar Hans Eirik Olav. Som Eirik Værnes skriv:

«Fagforbundet har sviktet i saker hvor medlemmer har opplevd brudd på sine rettigheter. Men NHF stiller opp for å tilby råd og støtte til dem som trenger det.»

Når det gjeld sviktande fagforeining, har eg eit godt døme på nettopp dette. 27.april 2021 vart ein helsefagarbeidar avskjediga av Gran kommune fordi ho ikkje følgde dei lokale smittevernrutinane. I tillegg fornekta ho at Covid-19 fanst. Gran kommune såg på dette som grovt pliktbrot. Dette valde dei å skrive i ei pressemelding, ettersom smitteubrotet knytta til institusjonen «var godt kjent i lokalsamfunnet, og mye omtalt i pressen». Ho fekk bistand frå Fagforbundet i form av hovudtillitsvalt og sentrale juristar i fagforeininga. Dei såg ingen grunn til å ta saken til retten. Dei meinte frå juridisk hald at kvinna hadde ei «vanskelig sak juridisk». 20.april døydde ein bebuar på avdelinga som helsefagarbeidaren jobba på, visstnok av covid-19. Dagen før hadde helsefagarbeidaren sagt i eit intervju med Oppland Arbeiderblad at «det finnes ikke bevis for den pandemien myndighetene snakker om og pålegger alle å innrette seg etter». Ho hadde i tillegg skrive Facebook-meldingar som «avfeier covid-19 som en sykdom», og skrive at «hvis folk skjønte hvilke planer som skjuler seg bak bedraget kjent som ‘covid-19’, ville de strømme ut i gatene og kjempe med livet som innsats». Ho har òg som privatperson sendt høyringsbrev der ho trekkjer i tvil kor godt munnbind beskyttar mot koronavirus.

Arbeidsgjevar burde etter mi meining ha oppretta dialog med kvinna for å høyre hennar faglege grunnlag for å meine at covid-19 ikkje eksisterer. Fagforbundet sleppte saken som ei heit potet. Her ville nok Norsk Hjelpefond kunne ha bidrege med den støtta kvinna si eiga fagforeining valde å ikkje gje. Det er frå min ståstad bekymringsfullt at arbeidsgjevar aldri tok ein diskusjon rundt nytteverdien til desse «tiltaka», og at dei over natta fjerna det dei måtte ha oppfatta som ein tilsett som stilte litt for mange «pinlege spørsmål». Vinteren 2020/2021 sa retningslinjene at ein skulle bruke munnbind ved «nærkontakt nærmere enn en meter til pasient». Seinare vart avstanden auka til to meter. Inga helsefagleg grunngjeving fanst. Det har heilt sidan starten på «pandemien» vore kjent blant oss meir oppegåande menneske at munnbind ikkje beskyttar mot viruspartiklar, ettersom dei er so små at dei enkelt trengjer gjennom porene på munnbindstoffet. Standardutstyr som ein bruker ved mistanke om virussmitte hjå pasient omfattar ikkje berre munnbind, men òg smittefrakk (gul frakk), vernebriller, eingongshanskar og visir.

Koronaviruset og covid-19 er reelle, men kor «farlege» dei er, kan diskuterast. Jamfør definisjonen på pandemi som WHO hadde før våren 2009, kvalifiserer ikkje koronaviruset som eit pandemisk virus. Koronaviruset og sjukdommen det forårsakar – SARS-CoV-2 / Covid-19 – er ikkje farleg for folk flest, og det rettferdiggjer på ingen måte dei drakoniske tiltaka og dei endelause nedstengingane rundt om i den vestlege verda. Det gjer det sannsynleg at eliten har ein annan agenda enn å berre beskytte folkehelsa. Kvinna gjorde rett i å stille spørsmål rundt til dømes munnbindtiltak, og Norsk Hjelpefond sine dyktige eldsjeler vil få meir enn nok å gjere i tida framover: Dei har innteke den rolla som Fagforbundet og andre fagforeiningar valde å trekkje seg ut av, sannsynlegvis etter press og manipulering frå sine overordna. Om ein i det heile teke kan stole på fagforeiningane lenger, meiner eg er eit legitimt spørsmål som arbeidarar bør stille seg. Sameleis bør folk byrje å tenkje over om arbeidsgjevar eigentleg er din venn. Slike «pandemisaker» trur eg vil kome meir og meir fram i lyset i tida framover.

Heimesida til Norsk Hjelpefond kan finnast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s