Henta frå Wicked Truths. Omsett av saksyndig.
Kommentar frå saksyndig: Originalartikkelen vart publisert 6.mai 2020, i byrjinga av «pandemien». Kaufmans video er å finne i sjølve artikkelen. Om hans teori viser seg å stemme, vil det snu opp-ned på heile Covid-19 og koronaviruset. Lesaren er her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar rundt Kaufman og hans teori.
Intro
Dr. Kaufman gjorde ein fantastisk jobb med å forklare dei augnebryn-hevande vitskaplege aspekta rundt Covid-19. Samtalen er likevel nokso teknisk og utfordrande å følgje til tider. Eg håper dette skriftlege samandraget gjev dykk noko assistanse.
Kinesiske vitskapsfolk brukte tvilsame metodar for å konkludere at årsaken til sjukdommen var virus
Dei ignorerte dei mest trulege årsaka: kontaminering av sjømat frå til dømes eit giftig eller forureinsa miljø.
Dei observerte dei følgjande medisinske symptoma:
- Auka kroppstemperatur
- Minka kvite blodceller og lymfocyttar
- Væske i lungene
- Antibiotika fungerte ikkje à ikkje bakteriar à konklusjon: virus…
Symptoma som vart lista opp av kinesiske vitskapsfolk kunne ha blitt forårsaka av ei rekkje andre tilstandar. Dei mest interessante årsakene å etterforske her vil vere toksisiteten til forureinsa sjøvatn, giftstoff i fisken, luftforureinsing og mikrobølgje-forgifting frå den nyleg konstruerte 5G-infrastrukturen.
Kinesiske vitskapsfolk brukte tvilsam metode til å bevise at viruset eksisterer
- Dei tok ei lungevæskeprøve frå 7 pasientar ut av 200.
- Dei isolerte ikkje eller ekstraherte (purifiserte) viruset frå denne væska.
- I staden isolerte dei RNA-fragment frå væska. Legg merke til at denne væska inneheld RNA frå kroppen, bakteriar, fritt-flytande RNA og det påståtte viruset.
- Dei sekvenserte RNA-et som dei fann (kartla basepara på ei datamaskin).
- Dei skapte ein test for å spore opp denne RNA-sekvensen. Slike testar blir kalla RT-PCR-testar. Dette er covid-19-testen.
- Dei gav på Covid-19-testen instruksar om å køyre den på 45 syklars forsterking, som er det maksimalt tillatne syklus-nivået med høgast unøyaktigheit.
Samanlikning av Covid-19 med eksosomar
Den mest utrulege delen av informasjonen som dr. Kaufman presenterer:
Elektronmikroskop-fotografiet av Covid-19 som blir presentert til folket, er faktisk noko kvar menneskekropp produserer under ein immunforsvar-respons: eksosomar.
Eksosomar lever inni celler og er i stand til å flytte seg gjennom membranen og reise utanfor cella. Når dei flyt rundt, vil dei absorbere patogen og kommunisere med andre celler at der er ein trugsel. Meir detaljar i videoen.
Implikasjonane var ikkje enkle for meg å godta:
- Covid-19-forteljinga gjer narr av befolkninga og til og med medisinske profesjonelle.
- Testane testar ikkje for eit virus, men for den genetiske koden til eksosomar.
- Kvar person som har ei eller anna form for immunforsvar-respons på testtidspunktet, vil teste «positivt» for Covid-19.
- Mikrobølgje-forgifting frå den noverande infrastrukturen og den omfattande auken av eksponering for 5G kan skape ein aukande førekomst av eksosomar i kroppen din.
Dr. Kaufmans konklusjon:
- Luftvegssjukdom er forårsaka av eit åtak, giftig eller anna, som skaper produksjon av eksosomar: gift, stress, infeksjon (influensa, lungebetennelse), elektromagnetisk stråling. Utrykk av eksosomar når [kroppen er] frisk og sjuk (auka). PCR-forsterking kan fange opp begge.
- RT-PCR testar faktisk for RNA i verten frå eksosomar.
- Covid-19 er faktisk eksosomar. Resultatet, ikkje årsaken til sjukdommen. Funksjon: eksosomar hjelper til med å fjerne giftstoff.