Regjeringane våre har erklært krig mot oss

Av Dr. Vernon Coleman, 14.mars 2022. Omsett av saksyndig.

Dei absurde og meiningslause sanksjonane som er innført mot Russland vil forårsake langt fleire dødsfall i Storbritannia og EU enn kampar i Ukraina vil drepe.

Den enorme auken i energikostnader kjem til å tvinge millionar til å skru av varmen. Økonomiar som strevde med å kome seg fråd ei meiningslause og øydeleggjande nedstengingane vil falle tilbake i ein langtids, føreskriven tilbakegang. Dei utbreidde og massive aukane i prisar vil resultere i hårreisande inflasjon, rentetoppar og massiv, endelaus fattigdom.

Og, eg gjentek, sanksjonane innført mot Russland vil forårsake fleire dødsfall i Vest-Europa enn dei vil forårsake dødsfall i Russland, og dei vil forårsake fleire dødsfall i Storbritannia åleine enn den sokalla krigen i Ukraina vil forårsake i det landet.

Det er krig.

Men krigen vart erklært mot oss av dei folka som dei uskuldige og naive trur at styrer regjeringane våre. Faktisk erklærte konspiratørane krig mot oss for fleire år sidan. Og folket som vi trur styrer, er kontrollert av milliardær-konspiratørane.

Covid var berre den mest oppsiktsvekkjande salven i ein krig som vi kjem til å tape, med mindre vi lærer oss å trekkje saman og ignorere propagandaen og det svikefulle hovudstraumsmedia. Dersom vi då taper, vil det vere fordi vi er splitta, besette av trivialitetar, ikkje følgjer det store biletet og blir konstant svekka av den endelause sytinga og den mållause klagesongen til trolla.

Berre sjå rundt dykk kva som allereie skjer.

Inflasjonen er i ferd med å fyke opp i stratosfæren.

Uskuldige og uvetande menneske går utifrå at inflasjon er noko som berre råkar land som Argentina eller Zimbabwe. Det gjer det ikkje. Inflasjon i Tyskland var ein betydeleg bidragsfaktor bak Andre verdskrigen, og på 1980-talet var inflasjon i Amerika på meir enn 20%. I Storbritannia gjekk renta opp til 17% og bustadkjøparar vart fylt med glede om dei kunne låne pengar til berre 15% rente. Eg mistenkjer at dersom inflasjonen kom nokon stad nær det nivået, ville ti millionar britiske familiar finne seg sjølv på gata – heimlause og pengelens.

Du vil eige ingenting og vere lykkeleg. Hugsar du?

Og, naturlegvis, å kaste russiske eigedomskjøparar ut av London vil uunngåeleg føre til ein krasj i bustadmarknaden. Det vil få endå fleire til å misse heimane sine.

Du vil eige ingenting og vere lykkeleg.

Auken på energiprisar som med vilje er skapt av statleg politkk vil tyde at dei tala vil doble seg dei neste tolv månadene. Det er ikkje ein vill spådom; det er ein beksvart lovnad. So lenge du ignorerer dei sinnssjuke mumlinga til dei matematiske modellørane, er det ikkje vanskeleg å rekne seg fram til kva som vil skje i neste omgang.

Og det er allereie klart at høge matprisar og brotne forsyningskjedar vil tyde at fleire hundre millionar meir vil svelte i hel i Afrika. Ingen, sjølv ikkje Black Lives Matter, ser ut til å bry seg katten om det.

Ingen spurde nokosinne folket om dei var førebudde på å gjere seg sjølv fattige – eller døy – for å statuere eit noko patetisk eksempel for russarane.

Russland vil ikkje at denne krigen skal gå fort over. Putin kan sjå at krigen hans gjer langt meir skade på Vesten enn på sjølve Russland.

Og likevel, som med klimaendringssvindelen og covid-svindelen, tilslutninga til desse absurde sanksjonane har vore global. Tallause selskap gjev etter for press frå knøttsmå, men bråkete grupper på sosiale media og har kutta alle band med Russland. Aksjehavarar har ikkje blitt spurde om dei er einige i det som blir gjort i deira namn, sjølv om skaden som er gjort på selskapa i fleire tilfelle vil vere katastrofal og kanskje terminal.

Dei verkelege offera vil vere dagens og morgondagens pensjonærar som vil hamne i alvorleg fattigdom av denne poenglause dydssignaliseringa arrangert av administrerande direktørar overivrige etter å bli tekne i hevd på soaiel media og bli vel lønte på den neste æreslista.

Krigar flest ser ut til å bli starta for smålege grunnar, men folket blir vanlegvis manipulert til å støtte dei. Konfliktar blir skapte for å tilfredsstille eit eller anna krav frå dei som styrer. Krava kan alltid bli oppsummert i to ord: makt og pengar. Krigar ser ofte ut til å bli starta ut av bagatellar; ofte på grunn av mindre diplomatiske hendingar. Storbritannia og Spania starta ein krig i 1739 etter at ein viss kaptein Robert Jenkins stod føre ein House of Commons-komité og viste kva som var igjen av øyret som visstnok vart kutta av av spanske kystvakter i 1738. Den fransk-prøyssiske krigen i 1870 byrja etter at den prøyssiske kanslaren med vilje provoserte franskmennene til å erklære krig.

Den sirleg konstruerte krigen som no blir kjempa vart utløyst av Vesten og ingen hadde brydd seg om ikkje media hadde blitt betalt for å fremje den og byggje opp raseriet. Som Sun Tzu sa: «All krigføring er basert på bedrag». Krig i desse dagar er alltid ei mediehending. Amerikanarane vann kvart einaste slag i Vietnam, men greidde likevel på eit eller anna vis å tape krigen. Vietkong konsulterte Sun Tzu, so kanskje gav det dei ein urettferdig fordel.

Den falske pandemien vart manusført, pakka og produsert av profesjonelle. Og denne sokalla krigen er ikkje annleis. Det er «Wag the Dog» igjen. Milliardær-konspiratørane fører krigen sin med lekker presisjon; ved å manipulere dei lydige, liberale venstrevridde kjæledeggene med horrible ferdigheiter.

Sun Tzu sa mykje, men prøv denne: «Posisjonsstrategien unngår røyndommen og konfronterer gjennom illusjon». Han visste kva han snakka om, denne Sun Tzu. Som med covid-illusjonen, er vi tvinga til å konfrontere eit taktisk triks designa for å halde oss ufordelaktige fordi vi kjempar mot noko som ikkje eksisterer, som ikkje kan bli definert, og dersom det verkar å eksistere, endrar det seg heile tida.

Same kor du vender deg, er dydssignalisatørane opptekne med å vise oss kor vedunderlege dei er. Rundt om i verda blir russarar isolerte og straffa for den synda det er å vere russisk.

Sopran Anna Netrebko trekte seg frå Metropolitan Opera heller enn å fornekte støtta si for sitt lands leiar – ein viss Vladimir Putin. Merkeleg nok hadde eg ikkje lagt merke til at USA var i krig med Russland. Og karrieren til dirigent Valerij Gergiev ser òg ut til å ha kollapsa av same grunn. Tennisspelarar og andre atletar blir isolerte og tvinga inn i umoglege situasjonar av tusenvis av flaggviftande, indignerte journalistar som, eg mistenkjer, viftar flagga sine fordi dei har blitt bedne om å gjere det.

I Wales avlyste Cardiffs filharmoniske orkester ein Tsjaikovsky-kveld av musikk fordi Tsjaikovsky, som døydde for rundt 130 år sidan, vart fødd i Russland og kan ha besøkt Ukraina på ferie. Kanskje spionerte han for Putin. Dette må vere det mest idiotiske dømet på dydssignalisering som eg nokosinne har støtt på. Dydssignalisering blir no truleg undervist på skular.

Chelseas fotballklubb, som diverre blir eigd av ein russar, er under alle former for bisarre restriksjonar (som å ikkje få selje billettar til supporterar eller selje mat til dei med sesongbillettar). Bisart nok får andre store fotballklubbar som er eigd av folk som dei fleste av oss ikkje eingong ville ha invitert til te, halde fram sine aktivitetar utan hinder. Sist laurdag, 12.mars, til dømes, spelte Chelsea mot Newcastle United som ser ut til å vere eigd av folk frå Saudi-Arabia. Lesarar vil hugse at det blir påstått at borgarar frå Saudi-Arabia drap ein Washington Post-journalist som kritiserte landet. USAs etterretningsbyrå bekrefta at den saudiske kronprinsen godkjende drapet på journalisten. Å, og Saudi-Arabias militære intervensjon i Jemen har skapt det som FN kallar «den verste humanitære krisa i verds». Der kan finst folk som undrar seg over kvifor Chelsea blir sett på som «vond» medan Newcastle United er sett på som «god».

Kjendisar og dydssignalisatørar overalt set press på regjeringar for å gjere meir for å hjelpe Ukrainas folk. Den britiske regjeringa svarte på denne jammeren frå Schwabs kollaboratørar ved å tilby 350 pund [om lag 4032 norske kroner; oms.an.] per månad av skattebetalarpengar til folk for å ta immigrantar frå Ukraina heim til seg. Ironien er at dersom dei fleire hundre kjendisane som uttrykte bekymring hadde betalt den skatten dei truleg skuldar, ville heime Ukrainas befolkning kunne bli innkvartert på femstjerners hotell.

Du kan sjå kva som vil skje, kan du? Kjeltringar vil presse tolv eksil-ukrainarar inn i eit rekkjehus i Wolverhampton eller Salford og krevje 12 gonger 350 pund i månaden.

Der er rare ting, inkonsistensar og mysterium kor enn du ser.

Då oljeprisen gjekk opp, gjekk verdien av britiske oljeaksjar ned. Denne bisarre sjølvmotseiinga var ein konsekvens av det faktum at store investeringsselskap har blitt skremt vekk frå oljeselskap av woke, global oppvarmings-sekteristar (den sorten som likar å lime seg til vegar for å forsinke ambulansar). Uunngåeleg, pensjonærar, som har fond som truleg framleis er tungt investert i dei store oljeselskapa, vil vere dei som lid mest.

Milliardærkonspiratørane, no uhyre nær siger, vil bli glade over å vete at meir enn éin million ukrainske borgarar no er statslause. Konspiratørane vil finne glede i smerta, kostnaden og kaoset dette vil skape. Individ frå Ukraina får no lov til å reise over heile Europa, sjølv om to tredjedelar av dei er kloke nok til å ikkje ha motteke ei einaste covid-19-sprøyte. Riv ikkje det eit heller stort hol i reglane som legg føringar på rørslene til dei uinjiserte?

Eg veddar på at då dei høyrde dette, bestilte Bilderbergerane nok eit dusin champagneflasker for sitt neste kalas. I Tyskland har borgarar blitt bedne om å pakke essensielle ting (inkludert medisinar) i ein bag, slik at dei kan forlate heimane sine raskt dersom naudsynt.

Og med alle medieauge retta mot den tredje største svindelen frå dei siste to åra (dei andre to, naturlegvis, er klimaendringssvindelen og covid-19-svindelen), blir alle slags bisarre og undertrykkjande lover musestille introdusert.

Det er no ulovleg å stire på nokon i London. Dei som ser nokon som stirar, blir bedne om å rapportere slike hendingar til styresmaktene. Det vil difor no vere ulovleg å stire ut i lufta, å prøve å lese teksten på T-skjorta til nokon, eller å beundre ein hatt.

Ein publikasjon med namn «The Independent» køyrde ein artikkel med tittelen «Kva skjer når du får mensen under ein krig?» Du kan ikkje dikte slikt opp, kan du?

Den tilsynelatande galne dama som tydelegvis eig Skottland vil visstnok at vi byrjar å skyte ned fly som flyg over Ukraina. Dette vil openbert resultere i starten på Tredje verdskrigen og eg kan berre anta at ho vil få ekstra poeng frå Schwab & Co for å fremje denne galskapen. Dette er dama som bur i eit av dei kaldaste landa i Europa, men som ikkje ønskjer fossilt drivstoff, boring etter olje og gass eller kjernekraft. Og ho vil truleg ikkje at folk brenn torv heller.

Dei maskerte hordane som framleis fyller butikkane og gatene våre ser ut til å ha mist det vesle dei hadde igjen av hjernevev. Eg gjekk inn i ein supermarknad her om dagen og såg ei lang kø som venta framfor ein kasse. Alle i køa gjekk med munnbind. Ingen av dei såg ut til å merke at to andre kassar var opne – begge med butikkmedarbeidarar som stille venta med ingenting å gjere på.

Dette er ikkje overraskande.

Dei låge oksygennivåa skapt av munnbinda deira hadde utan tvil redusert deira evne til rasjonell tenking.

Og covid-19-sprøytene har, naturlegvis, òg skadd hjernane deira.

Kan det vere at dei injiserte zombiane no responderer på underbevisste meldingar som fortel dei å ta munnbinda på igjen?

Ingenting er no umogleg.

Konspiratørane følgjer ei spelebok bygd på propaganda. Den bedragerske krigen vil tyde fleire lover og fleire restriksjonar. Tusenvis av uinjiserte ukrainarar som vandrar gjennom Europa vil gje konspiratørane ein sjanse til å auke covid-tala og reintrodusere nedstengingar.

Vi lever i ei verd som kunne ha blitt skapt av Lewis Carroll.

Vi lever i ei verd der våre eigne regjeringar har erklært krig mot oss.

Og folk flest har ikkje eingong oppdaga det.

Vi må forbli konstant oppmerksame og mistenksame.

Evig paranoia er fridommens pris.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s