Trump seier at Biden «må vere galen eller lide av demens» etter bisarr, sint tale

Av Paul Joseph Watson, Summit.news. Omsett og noko redigert av saksyndig.

Donald Trump responderte på Joe Bidens bisarre tale, der han sint fordømte over 74 millionar amerikanarar som «ekstremistar», ved å antyde at Biden «må vere galen eller lide av langt framskriden demens».

Under talen hans forleden, medan han lyste opp i blodraudt som ein demon som gav ein tale frå den djupaste delen av helvete, slo Biden bittert fast at MAGA-Republikanarar var å rekne som fiendar av staten.

«Vi må vere ærlege med oss sjølve og kvarandre: For mykje av det som skjer i landet vårt i dag er ikkje normalt,» sa Biden.

«Donald Trump og MAGA-Republikanarar representerer ein ekstremisme som trugar sjølve republikken,» la han til.

Sjølv nokre venstreorienterte journalistar skjelte ut Biden for å ha militæret ståande bak seg under det som tydeleg var ein politisk tale.

Den republikanske leiaren av Huset, Kevin McCarthy (R-CA), kravde seinare at Biden skulle be om orsaking for å «ærekrenkje millionar av amerikanarar ved å kalle dei fascistar».

Tucker Carlson peikte på at Bidens tale ikkje var ei kampanjehending, det var eit uttrykk for den offisielle ståstaden til regjeringa.

«Denne talen har det fulle sponsorskapet til Det kvite hus. Med andre ord, det Joe Biden seier akkurat no er den offisielle ståstaden til heile den utøvande greina av den amerikanske regjeringa,» sa Carlson.

«Det vil inkludere Justisdepartementet, dei ymse etterretningsbyråa og verdas mektigaste ståande militære… du treng ikkje å vere ein Trump-røystar for å sjå på ein slik tale som dette som eit vendepunkt i amerikansk historie,» la han til.

Tucker sa at Biden i praksis erklærte ein part å vere «kriminell og illegitim», og at han dermed bad om ein «eittparti-stat».

Trump sjølv responderte ved å slå fast at Bidens demens må ha blitt verre.

[Ordrett sitat frå Donald Trump er følgjande (saksyndig si omsetjing):

Twittermelding 1: «Dersom du ser på orda og meininga til den kleine og sinte Biden-talen i kveld, truga han USA, inkludert med den moglege bruken av militærmakt. Han må vere galen, eller lide av langt framskriden demens.»

Twittermelding 2: «Nokon burde forklare til Joe Biden, sakte, men lidenskapeleg, kva MAGA tydar, so mektige som berre ord kan bli, MAKE AMERICA GREAT AGAIN! Dersom han ikkje ønskjer å gjere USA storslege igjen, som han gjennom ord, handlingar og tankar ikkje gjer, då burde han sanneleg ikkje representere Amerikas foreinte statar!»]

Trump hudfletta òg Biden for å prøve å vri og vende på meininga til MAGA.

Var dette augneblinken der Biden uttrykte si avsky for «underklassen»? Kanskje, men det kjennest utruleg mørkare ut enn det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s