Av Tom Parker, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.
Android sin app-butikk, Google Play, har innført nye reglar som forbyr appar som inneheld det som tech-kjempa vurderer som «villeiande helsepåstandar som motseier eksisterande medisinsk konsensus, eller som kan forårsake skade på brukarane».
Dei nye reglane er del av ein Google Play-«helsefeilinformasjons»-politikk som vart sett i kraft 31.august. Nokre av døma på app-innhald som blir forbode under denne nye politikken, inkluderer «villeiande påstandar om vaksinar, slik som at vaksinar kan endre eins DNA», «på vere forkjempar for skadelege, ikkje-godkjende behandlingar» og «å vere forkjempar for andre skadelege helsepraksisar, slik som konverteringsterapi».
Google sin nye politikk kjem på eit tidspunkt der den medisinske konsensus har endra seg fleire gonger i løpet av dei siste få åra. I 2020 sa dr. Anthony Fauci, leiar i det amerikanske National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID), at Pfizer si rapportering av at Covid-19-vaksine-effektivitetsraten var 90%, var «ekstraordinært». I 2021 sa Fauci at vaksinen til «beskytte dykk mot auken av delta-varianten». Men i år, innrømte tidlegare Covid-responskoordinator for Det kvite hus, dr. Deborah Birx, at ho «visste» at Covid-vaksinar ikkje kunne hindre infeksjon.
Trass denne stadige heilomvendinga, har Big Tech-plattformer likevel drive tung sensur av brukarar som vågar å motseie kva enn den noverande medisinske konsensus er. Facebook stengde ute brukarar for å antyde at Covid-19-vaksinar er ineffektive, og YouTube forbaud alt som går mot Verdas helseorganisasjon. Sjølv etter at konsensus endra seg og nokre av sensureglane vart droppa i det stille, vart ikkje mesteparten av dei sensurerte innlegga og kanalane gjenoppretta.
Dei nye helsefeilinformasjonsreglane kjem som eit tillegg til Google Play sitt omfangsrike sett av eksisterande feilinformasjonsreglar som forbyr appar som inneheld «feilinformasjon om presidentvalet» og «villeiande» innhald. Google Play har allereie fjerna tusenvis av appar under desse eksisterande reglane.