NASA avslører kva dei vil gjere vidare med problematisk månerakett

Henta frå RT.com, 3.september 2022. Omsett av saksyndig.

Det amerikanske romfartsbyrået seier at eit uløyst drivstofflekkasje-problem har forårsaka vidare forseinkingar.

Ein drivstofflekkasje har tvinga NASA til å avlyse laurdagens forsøk på å skyte opp sin Space Launch System (SLS) megarakett, for andre gong denne veka. Sjølv om problemet blir løyst dei neste få dagane, vil byrået sannsynlegvis måtte utsetje det lenge planlagde Artemis 1-måneoppdraget til oktober.

Ein hydrogenlekkasje vart oppdaga medan dei fylte på drivstoff, rundt sju timar før den planlagde oppsendinga, og ingeniørane gjorde fleire siste liten-forsøk på å reparere problemet under nedteljinga. Oppskytinga vart til slutt avlyst tre timar før den planlagde oppsendinga, som var klokka 14:17 lokal tid (18:17 Greenwich-tid).

«Under dagens oppskytinsforsøk oppdaga ingeniørar ein lekkasje i eit holrom mellom bakkeside- og rakettside-platene som omgjev ei 8-tommars linje brukt til å fylle og tømme flytande hydrogen frå SLS-raketten. Tre forsøk på å tette lekkasjen mislykkast,» forklarte tenestepersonar i ei pressemelding.

Romfartsbyrået trudde fyrst at der framleis var eit 90-minutts oppskytingsvindauge på måndag [29.august 2022], og eit endå kortare 24-minutts høve på tysdag. Derimot erklærte dei seinare at «oppdragsleiarane møttest og bestemte at dei vil gå vekk frå fleire oppskytingsforsøk tidleg i september».

Ingeniørane har enno ikkje avgjort om dei vil prøve å erstatte forseglinga på sjølve raketten, eller inni den sokalla Vehicle Assembly Building [bygningen der dei konstruerer raketten]. Derimot, på grunn av tryggleiksreguleringar, vil NASA vil tvinga til å slepe raketten tilbake til hangaren likevel, for å tilbakestille batteria i systemet, med mindre dei får løyve til å sleppe dette. Medan byrået enno har til gode å annonsere nokon datoar, vil oppskytinga sannsynlegvis ikkje finne stad før etter SpaceX Crew-5-oppdraget til International Scape Station seint i oktober.

«Vi vil fare når det er klart,» sa NASA-administrator Bill Nelson laurdag ettermiddag [3.september 2022], medan han kommenterte den nyaste forseinkinga. «Vi fer ikkje før den tid, og spesielt no under ei testflyging… Dette er del av romfartsbusiness.»

Det ubemanna Artemis 1-oppdraget skulle eigentleg skytast opp måndag [29.august 2022], men eit likande problem med hydrogenlekkasje, denne gongen i ein av raketten sine fire drivstoffmotorar, vart oppdaga berre nokre timar før oppskytinga, noko som framtvinga ei utsetjing.

Artemis-programmet er eit ambisiøst prosjekt av det amerikanske romfartsbyrået som fokuserer på utforsking av månen, og til sjuande og sist frakte menneske tilbake til månens overflate for fyrste gong på over 50 år. Det fyrste oppdraget er meint å vere eit forsøk med testdokker i bane rundt månen før dei vender tilbake til Jorda. Derimot forventar ein at amerikanske astronautar ikkje er venta å setje sine bein der oppe før tidlegast i 2025.

Sjå òg Saksyndig sin artikkel om konspirasjonsteoriar knytt til måneferdene som fann stad mellom 1969 og 1972.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s