Nedstengingar av skular førde til ei utdanningskrise

Av A.J. Kaufman, Alpha News. Omsett av saksyndig.

Utvitydige data viser at vi har ei utdanningskrise med ein hittil usett nedgang i lese- og matteferdigheiter.

Medan det å stengje ned skular var forståeleg i løpet av dei fyrste vekene av Covid-19-pandemien, var det ein katastrofal feil å halde dørene stengde då skuleåret 2020-2021 byrja. Desse er no ufornektelege fakta.

Sanneleg, landlege område og dei fleste raudstatsguvernørar var kloke nok til å opne skulane raskt, men dei fleste storbyar gjorde det ikkje. Opprør og tjuveri var greitt gjennom sommaren 2020, men ikkje det at barn vekk møte kvarandre eller lære noko.

Koronavirus-trugselen mot dei under 18 var alltid knøttliten, og skaden på barn og familiar – spesielt fattige og minoritetar – frå skulenedstengingar var massive og har enno ikkje stoppa.

Seint sist veke viste katastrofale resultat frå skuleprøvar eit øydeleggjande læringstap i løpet av dei siste to åra, takka vere Demokrat-klovnar som heldt skular stengde, hovudsakleg fordi dei er eigd av lærarfagforeiningar.

Utvitydige data viser at vi har ei utdanningskrise med ein hittil usett nedgang i lese- og matteferdigheiter.

Det høge fallet er ei frykteleg langsiktig historie fordi det påverkar den økonomiske helsa og produktiviteten til nasjonen vår, sidan nokre barn aldri vil kunne hente seg inn igjen.

Som då dei hevda at partiet deira alltid har støtta politiet, driv Bidens Kvite hus no og villeiar USA, ved å hevde at dei alltid visste kor viktig det var å opne opp igjen skular. Dette er ei løgn som sjølv somme liberale nyleg har byrja å merke.

Politikarar og leiarar som kjempa for skulenedstengingar i årevis, må haldast ansvarlege. Og Team Biden er éin grunn til at skular var stengde altfor lenge.

Som bevis, sjekk ut denne Covid-skremselskampanje-annonsen frå Den demokratiske nasjonalkomiteen (DNC) frå juli 2020. Den argumenterer for at dåverande president Donald Trump gjorde skade på barn ved å kjempe for at skular opna igjen.

DNC gjekk til åtak på Trump for å vere «desperat etter å opne skular» fordi han dreiv og «ignorerte korleis viruset spreidde seg, og risikerte liva til lærarar og foreldre ved å gå mot råd frå ekspertar».

Ei nifs stemme avsluttar den ved å spørje: «Stoler du på at han vil gjere det som er best for våre barn?» medan dei viser ein tom skulekorridor.

På byrjing av sommaren 2020 anbefalte Det amerikanske akademi for pediatri at ein opna alle skular når det nye skuleåret byrja, men nokre få veker seinare bøygde dei seg raskt for bøllete nasjonale lærarfagforeiningar og kanskje for DNC ved å reversere anbefalinga si.

Biden-kampanjen var utan tvil ein leiande forkjempar for å halde skular stengde gjennom heile 2020 og tidleg 2021. Saman med dei fleste Demokratar, fordømte dei alle som var ueinige, og overtalte progressive leiarar til å hjernevaske foreldre om at det å vere på skulen var utrygt. Det heile var eit politisk teater for å vinne val, og mishandling av sårbare barn.

Dette siste punktet er relevant fordi forkjemparar for skulestenging argumenterer at mange foreldre ikkje ønskjer å sende barna sine tilbake på skulen. Med Bidens DNC som lyg til dei og fremjar antivitskapleg frykt, er det ikkje rart at liberale foreldre i byar og forstader vart påverka.

Og resultata held fram med å vere særs øydeleggjande.

Med hjelp frå det moralsk bankerotte CDC og skurkaktige lærarfagforeiningar, tapte elevar undervisning, leid sosialt og emosjonelt, og dei urbane områda i landet bada i vald. Alt dette kunne ha blitt unngått dersom Demokratar hadde brydd seg.

Det kjem ikkje til å finne stad, men dersom Biden-administrasjonen ikkje kan forklare den tidlegare nemnde 2020-annonsen no, burde dei be om orsaking og innrømme at den 46.presidenten var viljug til å skade familiar for å vinne eit val.

Alt gjev meining, derimot, med midtvegsvalet i horisonten og det at Bidens politikk feilar. Alt Det kvite hus har, er «vi er ikkje Trump» og sverting av amerikanarar; sist veke beviste igjen den splittande Biden det, og visse Demokratar kan berre handle utifrå den ståstaden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s