Susana Almeida (fødd 27.november 1988) er ein meksikansk vêrmeldar som i dag er mest kjent for sitt garderobeuhell under ei direktesending 21.januar 2013. For dei som er ukjende med uttrykket «garderobeuhell», er det mi omsetjing av det engelske uttrykket wardrobe malfunction, når eit klesplagg ikkje oppfører seg som ein forventar av det. Dette kan vere at klesplagga plutseleg raknar på offentleg stad slik at tilfeldig forbipasserande ser det, eller at dei, som i frøken Almeida sitt tilfelle, avslører meir enn ho hadde trudd. Dei grå tightsa ho gjekk med gav ho ei sokalla «kameltå» (engelsk camel toe), som er når tronge bukser viser den kvinnelege anatomien, i dette tilfelle kjærleikssprekken. På direktesendt meksikansk TV såg dermed alle konturane av hennar aller heilagaste, medan ho sjølv såg ut til å vere lykkeleg uvetande om det. Er det dette som blir kalla ufriviljug blotting? I ei anna sending frå 24.februar 2021 går Almeida kledd i eit likeso avslørande antrekk.
Almeida er langt frå den einaste meksikanske «vêrjenta» som blottar seg på direktesendt TV. Eit anna døme frå meksikanske vêrmeldingar på eksponering av det kvinnelege kjønnsorganet kan sjåast i denne sendinga frå 3.september 2021, med ei viss Deyanira Mendoza. YouTube-klippet er i skrivande stund sett 5,6 millionar gonger. Ved fyrste augnekast kan dama nærast sjå naken ut, ettersom tightsa hennar ligg ganske nær hudfargen hennar. Er dette ei bevisst handling frå deira side for å skaffe TV-kanalen fleire sjåarar? Som nettstaden Ussanews.com skriv i ein artikkel om nettopp Susana Almeida sitt «garderobeuhell»:
«Eg har sett mange meksikanske vêrjenter på YouTube, og éin ting eg har lagt merke til, er at antrekka deira er hakket meir… avslørande enn hjå vêrjenter i USA. Ifølgje ei kvinne gjer mange av dei det med vilje for å få fleire sjåarar.»
Nettstaden skriv vidare at Susana Almeida sine avslørande tights fekk vêrmeldinga frå 21.januar 2013 til å gå viralt. Som nettstaden skriv:
«Sjåarar såg ikkje ut til å ha problem med det [«kameltåa»], og faktisk er den videoen som sirkulerer på nettet ein av grunnane til at Almeida er berømt i dag!»
Og her kjem dei likegodt med ein analyse av videoen, og kva som kan ha gått gjennom hovudet på Almeida:
«I fyrste halvdelen av presentasjonen heldt ho ein fjernkontroll framfor seg, og dekte over det uheldige garderobeuhellet forårsaka av hennar tronge bukser. So fort ho byrja å gje rapporten og flytta fjernkontrollen vekk frå buksene, vart ho fullstendig eksponert. Ho må vere so flau.
Derimot såg den vakre brunetta ut til å vere fullstendig uvetande om bukseuhellet, og heldt fram vêrmeldingsoppdraget med eit strålande smil.»
Etter at denne «flaue augneblinken» hamna på YouTube skal klippet ha spreidd seg som eld i tørt gras, og forårsaka ei rekkje kommentarar frå sjåarane. Døme på desse er følgjande (henta frå nemnde nettstad Ussanews):
«Dette var ikkje eit uhell… Ho fekk det ho var ute etter, at alle skulle leggje merke til ho og snakke om ho. Ho visste at ho hadde ei kameltå, og snudde seg [mot kamera] for å vise den fram.»
«Alle damer har dei. Ingenting å vere flau over. Ho visste korleis ho såg ut og det gjekk nok ein faen i ho. ‘Eg vil ikkje stå der og vise den fram, men eg skal visst ikkje gøyme den vekk heller’.»
Her er forresten nok ei vêrmelding der frøken Almeida har tronge tights, denne er frå 16.oktober 2020. At antrekka hennar har gjort ho populær, kan det ikkje vere nokon tvil om. Blant anna figurerer ho i ein artikkel på nettstaden Virtually Single Online frå 28.mars 2021. Artikkelen har tittelen «13 Drop-Dead Sexy Latina Weather Girls» («13 dritdeilige latinamerikanske vêrjenter»). Segmentet om Almeida i same artikkel seier at ho har ein Instagram-konto med over 169 000 følgjarar, og ser i tillegg ut til å drive ein veldedig organisasjon for barn med dødelege sjukdommar. No, i september 2022, har Instagram-kontoen hennar derimot 479 000 følgjarar. Fleire bilete på kontoen indikerer at ho framleis ser ut til å ha ein forkjærleik for tronge tights som viser heile verda at ho so absolutt er ei anatomisk korrekt dame.
Mange damer skal visstnok vere skjule ekshibisjonistar, altso at dei kler seg avslørande med vilje. Norsk lov forbyr blotting på offentleg stad, men det er fullstendig lovleg å gå i kle som avslører konturane av kjønnsorgan, brystvorter og liknande. Om dette òg var forbode, ville det ha vore ulovleg for damer å gå i skjorter og genserar som viser konturane av brysta deira (å vise sine nakne bryst er jo òg definert som blotting). Rundt 2006/2007 byrja eg sjølv å leggje merke til at fleire og fleire unge damer byrja å sprade rundt i treningstights, og at dei ikkje såg ut til å ha noko problem med å vise verda konturane av skaparverket. Allereie før tightsa sitt inntog var det openbert at mange damer lika å vise fram kroppen sin og likevel halde seg innanfor lova. Djupe utringingar, berre magar, kle som gav dei synlege brystvorter og, sist, men ikkje minst, den berykta «kameltåa».
Moderne tights og leggings skal visstnok snart bli utstyrt med ei slags innsydd «bøyle» som trekkjer stoffet – og merksemda! – vekk frå vagina. Vil dette føre til at skap-ekshibisjonistiske unge damer vil bli snurte og sure fordi dei ikkje lenger får vise seg fram i ei verd som hjelpelaust siklar etter dei? Det vil berre tida vise. Og i mellomtida har vi alltids ei diger YouTube-samling av vêrmeldingar med vakre damer i tronge, avslørande antrekk.