Av Alex Berenson, 2.september 2022. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.
Legar (naturlegvis ikkje amerikanske) finn vaksineskapt koronavirus-piggprotein i hudsår fleire månader etter vaksinasjon.
Hugsar de når Centers for Disease Control fortalde dykk at mRNA-et i Covid-vaksinar ikkje varte lenge i cellene dykkar?
Hugsar de då faktasjekkarar i Reuters fortalde dykk at koronavirus-piggproteinet som vaksinane får det til å produsere, ikkje er farlege?
Når ein snakkar om det.
CDC har no i all stillheit fjerna lovnaden sin om at kroppane dykkar «bryt ned og kvittar seg med mRNA snart etter at dei er ferdige» med å fyrst lage piggprotein.
(Opphavleg CDC-språk på Wayback Machine her; noverande CDC-ståstad, per 15.juli, her)
I mellomtida driv vitskapsfolk og stablar opp evidens for at piggproteina blir verande i kroppen i minst fleire månader, og er langt frå godarta.
Dei nylegaste funna kjem frå japanske legar som rapporterer om ein 64-åring som utvikla vedvarande og smertefulle hudsår nokre dagar etter at vedkomande fekk Pfizer/BioNTech mRNA-vaksine.
Legane oppdaga at pasienten hadde varicella-zoster-virus, som forårsakar vasskoppar. Dei behandla han med eitt gram dagleg av valacyclovir, vanlegvis brukt mot herpes-virus, men oppdaga at det berre var marginalt effektivt. Det å heve dosen til tre gram per dag overvann omsider såra.
Legane bestemte deretter at dei skulle undersøkje såra for evidens for piggprotein, fordi pasienten hadde blitt sjuk so kort tid etter vaksinasjonen.
Ved å ta dette steget avveik dei heilt vilt frå standard amerikansk medisinsk prosedyre, som er å nekte for at mRNA-sprøyter på noko som helst vis kan forårsake nokon biverknader.
Og då dei japanske legane såg etter piggprotein i såra, so fann dei det:
«Immuno-sverting med anti-koronavirus-piggprotein-antistoff (SP) avslørte at SP-uttrykk i dei intravesikulære cellene i epidermis og endoteliske celler i dei betente kara i dermis… I tillegg vart SP òg funne i dei entoteliske cellene av venulane i det subkutane fettvevet som ligg under dei herpetiske vaskulitt-såra.»
Legane spekulerer – som andre forskarar òg gjer – at i å kjemisk modifisere mRNA-et i sprøytene sine for å gjere det vanskelegare for immunforsvaret å øydeleggje det, kan Pfizer og Moderna ha produsert ein zombie-vaksine som ikkje vil døy.
Nei, det var ikkje nøyaktig slik dei ordla seg, men det er kva dei meinte:
«Ein plausibel hypotese var at stabiliseringa av RNA ved å erstatte metyl-pseudouridine med alle dei uridine nukleotidane for BNT162b2, kan resultere i langsiktig produksjon av det koda SP frå kva som helst celle.»
Det at vaksine-mRNA og piggproteina det produserer kan vere potensielt vedvarande, er spesielt relevant når fleire og fleire vaksinerte pasientar rapporterer autoimmune kriser slik som det å uventa utvikle Type 1-diabetes (generelt diagnostisert i barndommen) kort etter vaksinasjon.
Men legar kan ikkje finne det dei ikkje leitar etter. Heldigvis ser internasjonale forskarar ut til å vere viljuge til å stille spørsmål der amerikanske legar ikkje vil det.
Vet du om det er økning i dødsfall i Norge etter at vaksinen ble tatt i bruk? Vet du hvor mange «ekstra» dødsfall det er i uka? Storbritannia har en økning på mellom 1500 og 2000.
LikarLikar
Legemiddelverket og/eller Statistisk sentralbyrå skulle ha oversikta over dødsfall per veke i år, samanlikna med tidlegare år. Elles er det mykje som indikerer at det døyr fleire no enn tidlegare, jf. auke i dødsannonser, fleire unge som døyr «brått og uventa», fleire som blir funne døde i naturen, og i mitt konkrete tilfelle, ein urovekkjande auke dødsfall på sjukeheim.
LikarLikar