Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.
Rekordar blir sett over heile verda når det gjeld prisen på straum, og land i Europa opplever det aller verst. Heile elbil-bløffen blir no realisert av fleirtalet av befolkninga, når dei omsider innser at det kostarm eir å eige, vedlikehalde og «fylle tanken» på ein elektrisk bil enn nokon som helst vanleg bensindriven bil. Trur du det ikkje?
Akkurat no i Europa kostar det rundt 135 dollar [1350 kroner] å lade ein Tesla heilt opp, og den prisen er venta å doble seg innan nyttår. Det tydar at det vil koste 270 dollar [2700 kroner] å lade fullt opp eit gjennomsnittleg elektrisk køyretøy i Tyskland og Frankrike. For tida er éin euro det same som éin amerikansk dollar [som igjen tilsvarer ca. 10 norske kroner]. Det er berre byrjinga på dei sinnssjuke kostnadene som blir innført for å støtte el-køyretøymarerittet. Lat oss ta eit reknestykke.
Elektriske køyretøy kostar SEKS gonger meir å eige og vedlikehalde enn køyretøy som går på drivstoff, og dei er framleis avhengige av fossildrivstoff for å ladast opp
Straumen som ladar opp batteria til elbilar og plug-in hybrid-køyretøy kjem frå kraftnettet, som for det meste er avhengig av fossilt drivstoff. Oidå. So mykje er alt skrytet om det mindre karbonfotavtrykket verdt. Prisen for eit gjennomsnitts elektrisk køyretøy er hårreisande 66 000 dollar i USA nett no [tilsvarer om lag 661 100 kroner], og den prisen aukar med heile 13% kvart år. Det månadlege avdraget på den elektriske bilen vil lette deg for 1250 dollar [12520 kroner]. Forvent at «Bidenflation» vil presse den prisen oppover betydeleg, og det snart.
Den typiske 40kWh-batteripakken ein treng for å lade dei fleste ordinære el-køyretøy, varer rundt 150 miles når batteriet er fullt [om lag 241 kilometer]. Forresten tek det rundt 8 timar å lade eit tomt batteri fullt med eit ladepunkt på 7kW. For eit mareritt. Gjennomsnittspersonen køyrer rundt 15 000 miles [om lag 24 140 kilometer] i året. Det tydar at dei bruker rundt 42 000 dollar [420 705 kroner] i året for å lade ein elektrisk bil, slik at den skal gå like langt som ein drivstoffbil ville ha gått. So lad den bilen heile året for 270 dollar for å køyre 150 miles kvar gong, og det er 100 ladingar som til saman utgjer 27 000 dollar per år [270 450 kroner].
Legg til det månadlege avdraget på 1250 dollar i 12 månader (15 000 dollar [150 250 kroner]), og du har då brukt 42 000 dollar på eitt år for å eige og «fylle tanken» på den elektriske bilen neste år. Vi har framleis ikkje teke med i reknestykket nokon vedlikehaldsplan eller reparasjonar, og gjett kva… Eit nytt batteri til ein elektrisk bil, om det batteriet skulle døy, kostar i snitt no rundt 14 000 dollar [140 235 kroner]. So no er du oppe i 56 000 dollar [560 940 kroner], og dette er berre snakk om eit år.
[Kommentar frå saksyndig: Eit nytt batteri til min eigen drivstoffbil kosta sommaren 2022 til samanlikning rundt 3500 kroner.]
I mellomtida går den gjennomsnittlege drivstoffbilen rundt 30 miles [48,3 kilometer] per gallon [4,55 liter], og gjennomsnitts-drivstofftanken tek rundt 15 gallons [68,2 liter]; snittprisen på bensin i USA ligg på rundt 4 dollar per gallon [tilsvarer ein literpris på rundt kroner 8,79, om eg reknar rett; oms.komm.]. Den prisen er forventa å auke òg. Lat oss ta og rekne litt på alt det der og samanlikne kostnader.
Ein full tank med bensin kostar 60 dollar [vel 600 kroner], og del dette på 30 miles per gallon [48 kilometer per 4,55 liter], og du kan køyre rundt 450 miles [724,2 kilometer] for 60 dollar. Gjennomsnittsprisen på ein anstendig ny bensindriven bil er rundt 45 000 dollar no [450 750 kroner]. Sjølv om den prisen er skyhøg, ligg det månadlege avdraget på rundt 450 dollar. Legg saman dette for eit heilt år (5400 dollar) med ein full tank bensin kvar veke i eit år (3120 dollar), og du har brukt rundt 8500 dollar [85 100 kroner].
Global oppvarming-bløffen styrer elbil-bløffen, meda Biden-regimet øydelegg alle resursar for bensin, diesel og straumkraft
Fornybar energi-bløffen er godt undervegs, og det vil koste alle saman ei formue som dei ikkje har råd til, medan den øydelegg nasjonen under påskotet om å «redde planeten» frå global oppvarming, eller klimaendring, eller Al Gore, eller noko liknande.
Velkomen til elbil-marerittet. Kort fortalt kostar det seks gonger meir å eige og køyre ein elektrisk bil, so du vil måtte skaffe deg ein andre og tredje jobb for å dekkje dei utgiftene, medan du køyrer meir, og bruker fossildrivstoff til å lade ditt planet-reddande køyretøy, og du blir blakk medan du svelt ihel likevel. Dette høyrest ut som ein fabelaktig plan frå eit kommunistregime som styrer republikken som vi brukte å kjenne. Ikkje lat «Green New Deal» køyre heile landet ditt i grøfta.