Google lærer opp kunstig intelligens til å erstatte journalistar

Henta frå Great Game India. Omsett av saksyndig.

Ifølgje rapportar vil 90% av nyheitssaker visstnok bli skrivne av kunstig intelligens (AI) innan 2025, og Google lærer opp AI til å erstatte journalistar ved å inngå samarbeid med Polis.

So absurd som det kan høyrast ut, blir AI faktisk lært opp til, eller dei lærer seg faktisk sjølv, å erstatte journalistar. Ifølgje spådommar vil Googles AI gjere 95% av journalistar avleggs.

Det kan høyrast urovekkjande ut. På den andre sida kan dei som er stolte over å vere journalistar, no vende merksemda til andre medierelaterte felt der det framleis er bruk for tenestene deira, noko som er strålande nyheiter.

Derimot, ifølgje Google er AI designa for å støtte journalistar ved å gje dei informasjonen som dei treng for å konsentrere seg om historier som krev analyse, innsyn og moralsk rapportering. Men alt dette kom til å skje, og mange journalistar hadde allereie førebudd seg på det.

Redaksjonar har prøvd å redusere utgiftene i fleire år for å framleis vere konkurransedyktige på den globale marknadsplassen. I tillegg, i moderne tider, blir teknologi brukt for å plukke frå kvarandre nyheiter heller enn som eit hjelpemiddel. Nyheitsorganisasjonar i dag er fullstendig avhengige av teknologi, frå smarttelefon-journalisme til data-journalisme til rapportering på Twitter og TikTok.

Ifølgje rapportar vil 90% av nyheitssaker visstnok bli skrivne av AI innan 2025. AI blir allereie brukt i transkripsjonsprogramvare, som involverer indentifiseringa og skapinga av ord frå ei lydkjelde, i skriving av innhald. Fleire databaserte historier bruker òg AI. Det er vel unaudsynt å påpeike at tilpassing og faktasjekking no er essensielle komponentar i AI-historier.

I 2019, som del av sin Google News-innsats, inngjekk Google samarbeid med Polis, ein medietenkjetank tilknytt London School of Economics, for å utvikle eit AI-verktøy for journalisme som vil oppmuntre original tenking, djuptgåande research og moralsk vurdering.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s