Av Jamie White, Infowars. Omsett av saksyndig.
WEF taper informasjonskrigen etter kvart som fleire og fleire vaknar opp til deira destruktive Great Reset-agenda.
Ein seniortilsett i World Economic Forum klaga over at globalistorganisasjonen har fått for mykje kritikk og urettferdig merksemd, og krev at kritikarar i staden adresserer viktigare tema enn «konspirasjonsteoriar».
Adrian Monck, managing director i WEF og tidlegare journalist, kritiserte politikarar som stilte spørsmål ved det globalistiske organet sine forslag til politikk, spesielt i Canada, som har sett ein nasjonal debatt om WEF vinne fotfeste i løpet av det siste året blant pandemien og den pågåande energikrisa.
«Trist nok var Canada ein av dei stadene der… ein er sårbar mot desinformasjon. Det er eit ope samfunn. Og… det spesifikke stykket av desinformasjon kom seg inn i hovustraumen,» sa visstnok Monck til CBC Radio sitt program The House i eit intervju på laurdag [3.september 2022].
«Canada burde snakke om mange ting akkurat no. Dei burde verkeleg ikkje snakke om World Economic Forum som har base her i Genève. Du veit, der er vitterleg større tema dei burde tenkje på. Det var eigentleg noko som vart plukka opp av nokre statssponsa desinformasjonsaktørar, og det fekk sitt eige liv i enkelte område,» la Monck til.
Monck påstod deretter at «Great Reset»-frasen i røynda berre er eit harmlaust snakkepunkt skapt under Covid-pandemien, som fortener inga reell merksemd.
«Ideen var at vi òg burde prøve å føreslå til folk at dei tenkjer på å bruke det på den typen langsiktige ting som ville hjelpe med å bekjempe klimaendring, som ville hjelpe til med omskolering og alle typar større, langsiktige utfordringar,» fortalde han Catherine Cullen, programleiar i CBC Radio sitt The House.
«Ein av tinga vår organisasjon prøver å fortelje folk er ‘sjå lenger enn ei veke, tre månader, og tenk kanskje over nokre av dei langsiktige tinga du burde gjere’. Det var kva The Great Reset hadde som mål tilbake på sommaren 2020.»
Monck antyda deretter at alle som vågar å kritisere WEF, er antisemittar.
«Eg beundrar alle som tek valet om å vie liva sine til offentleg liv,» sa han. «Det er ikkje ein lett veg å gå, men eg meiner politikarar på alle nivå må sjå veldig nøye på språket dei bruker og kor noko av dette stoffet kjem frå, og om det kjem frå… desinformasjon og spesifikt antisemittisme.»
«Eg trur dei treng å ta ein hard titt på seg sjølv i spegelen,» la han til.
Naturlegvis er Monck sine argument i seg sjølve desinformasjon.
WEF-grunnleggjar Klaus Schwab sjølv skrytte over at organisasjonen hans «penetrerte kabinetta» til fleire regjeringar gjennom sitt Young Global Leaders-program for å forenkle deira Great Reset-politikk – det faktum åleine er nok til å avfeie Monck sine klagar.
Great Reset er eit forgreina føretak for å avindustrialisere den industrialiserte verda, transformere det globale matsystemet ved å fase ut kjøt i favør av insekt, utvikle eit Kina-basert sosialkredittsystem, og tett kontrollere folk sine rørsler, alt under påskot av å bekjempe klimaendring og ta vare på «demokratiet».
Canada sin statsminister Justin Trudeau og Nederland har tett følgt FN og WEF sin Great Reset-agenda, spesifikt deira forslag om å redusere nitrogenutslepp ved å avgrense gjødsel, som har resultert i massive opprør frå bønder.
Likeeins erklærte den franske presidenten Emmanuel Macron «slutten på overflod» for borgarar sist månad blant rapportar om at stigande energikostnader utløyst av WEF-tilknytte regjeringar som respons på Ukraina, drastisk vil redusere folks evne til å varme opp heimane sine komande vinter.
Og gløym ikkje at Sri Lanka kollapsa etter at regjeringa der tvinga gjennom innføringa av WEF-politikk reflektert i deira Environmental Social Governance-poengsum, som truleg er grunnen til at WEF nyleg sletta sin artikkel der dei skrytte over ein plan om å forvandle Sri Lanka til ein utopi innan 2025.
Etter å ha innsett at folket byrjar å finne ut av deira Great Reset-agenda, samla WEF seg til eit toppmøte tidlegare i sommar, der dei diskuterte korleis dei skulle «gjenopprette tillit» frå folket.
Trass at WEF svertar kritikarar ved å kalle dei «konspirasjonsteoretikarar», kan Great Reset-agendaen grundig undersøkjast i Schwab si eiga bok ved namn COVID-19: The Great Reset.