Av Christina Maas, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.
Dei iranske styresmaktene planlegg å bruke ansiktsgjenkjenning på offentleg transport for å identifisere damer som bryt dei nye strenge hijab-lovene.
Bruken av ansiktsgjenkjenning vart annonsert av sekretæren i Hovudkvarteret for å fremje dyd og unngå synd, Mohammad Saleh Hashemi Golpayegani.
Den nye strenge hijab-lova vart signert av Irans kompromisslause president Ebrahim Raisi 15.august. Den følgde Hijab- og kyskheitsdagen, ein nasjonal heilagdag som blir halden 12.juli, der damer demonstrerte over heile landet ved å poste på sosiale media bilete av seg sjølv utan dette dekket på hovudet.
Somme av damene som vart arresterte for å bryte den nye lova, vart identifisert etter at videoar viste dei utan hijab, eller at dei gjekk med hijaben feil veg, gjekk viralt på sosiale media.
Ei dame, som i ein video vart trakassert på offentleg transport for å ikkje gå med hijaben skikkeleg, vart arrestert, jult opp og tvinga til å be om orsaking på riksdekkjande fjernsyn til personen som trakasserte ho. Dette rapporterer The Guardian.
Ein fryktar at Irans biometriske ID-kort, som har ansiktsbilete, kan bli brukte i kombinasjon med ansiktsgjenkjenning på offentlege stader for å identifisere folk som bryt den drakoniske kleskoden.