Av Mary Villareal, Natural News. Omsett av saksyndig.
Centers for Disease Control and Prevention (CDC)-direktør Rochelle Walensky gjekk nyleg ut og sa at byrået hennar gjorde feil relatert til Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinar.
«Det var tydeleg at rådet frå CDC var uberekneleg, inkonsistent [og] diktatorisk. Og vi veit dette fordi vi kom til det punktet at vi hadde på oss munnbind om bord på fly,» fortalde dr. Peter McCullough InfoWars-grunnleggjar Alex Jones.
Fyrst sist månad innrømte Walensky at byrået hadde tabba seg ut, etter å ha sett dei fyrste funna frå CDC sine Covid-19-respons-gjennomgangar. «For å vere ærleg, er vi ansvarlege for nokre temmeleg dramatiske, temmeleg offentlege feil, frå testing til data til kommunikasjon. Dette er vår avgjerande augneblink. Vi må tippe over,» sa ho i ein video.
McCullough sa at CDC aldri burde ha gjeve nokon råd eller rettleiing rundt smittekontroll. Trass alt er dette domenet til legar og helsearbeidarar som tek seg av pasientane.
Dei burde aldri ha gjeve råd eller retningslinjer rundt naudbruk av vaksinar fordi medan dei har etablert generelle barnevaksineprogram, er dei på usikker grunn når det gjeld pandemiar.
Mange har døydd på grunn av Covid-19-vaksinane, og no seier CDC at dei tok feil. «Der er ingen gjennomgang. Dei gjev berre grønt lys for alt,» sa McCullough om CDC.
Tre falske påstandar om Covid-19-vaksinar
Der finst tre falske påstandar om Covid-19-vaksinar. Den fyrste er at vaksinane stoppar infeksjonen; den andre er at vaksinane stoppar overføring; og den tredje er at vaksinar hindrar innlegging på sjukehus.
Alle viste seg å vere uriktige, sidan mange vaksinerte vart smitta med, overførte og døydde av Covid-19.
McCullough sa: «So ideen er at vaksinane aldri reduserte sjukehusinnlegging og død. Der var aldri eit randomisert klinisk forsøk med sjukehusinnlegging og død som eit primært sluttpunkt, der desse var redusert av vaksinane.»
Han påpeikte at dei einaste to inngrepa som reduserte sjukehusinnleggingar og dødsfall er naturleg immunitet gjennom å ha fått sjukdommen tidlegare, og deretter tidleg behandling.
«So, desse er ein serie bedragerske studiar som ikkje tek med i reknestykket naturleg immunitet og tidleg behandling, og som påstod at vaksinerte har lågare ratar av sjukehusinnlegging og død,» sa McCullough vidare.
Ifølgje McCullough er dei som har blitt vaksinert òg dei som er mest redde for Covid-19. «Dei var vanlegvis dei fyrste som fekk tidleg behandling,» sa han.
Og so kjem data frå ulike delar av kloden om at fullvaksinerte taklar Covid langt verre enn dei som er uvaksinerte.
Intervjuet mellom McCullough og Alex Jones kan sjåast her.