Bidens splittande tale om MAGA-republikanarar blir kalla hattale av internasjonal gruppe

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Demenspasienten vår, Joe Biden, gjekk til åtak på minst halve landet, om ikkje meir, og kalla dei ein trugsel mot demokratiet vårt i ein tale i beste sendetid sist veke. Talen vart skildra som «hattale» av ein internasjonal overvakingsorganisasjon.

ABS News-anker Martha Radditz, i eit intervju med Bidens senior-politiske rådgjevar, Keisha Lance Bottoms, dei tidlegare Demokrat-ordføraren i Atlanta, sa at Institute for Strategic Dialogue, som sporar hattale, sa «etter Biden-talen var der ein diger auke i samtalar som sa at Biden sine kommentarar som valde ut ‘MAGA-republikanarar’, vart tolka som ei krigserklæring mot konservative og alle [Donald] Trump-røystarane.»

Bottoms la i grunnen skulda på Trump-røystarane, som er det ein kan forvente, men når ein liberal internasjonal organisasjon tek ein amerikansk Demokrat for «hattale», det er verkeleg big deal. Det tydar at Demokraten sin tale var verkeleg ille.

«Vi må vere ærlege med kvarandre og oss sjølve,» sa Biden under talen ved Independence Hall i Philadelphia, med eit par marinesoldatar i bakgrunnen. «For mykje av det som skjer i landet vårt i dag er ikkje normalt. Donald Trump og MAGA-republikanarane representerer ein ekstremisme so trugar sjølve grunnlaget for vår republikk.»

«MAGA-republikanarar respekterer ikkje Grunnlova,» påstod han feilaktig, utan kontekst eller forklaring. «Dei trur ikkje på lover og reglar. Dei anerkjenner ikkje viljen til folket. Dei nektar å akseptere resultatet av eit fritt val.»

Forresten so er Demokratane dei originale fornektarane. [Videoen viser ti minutt med Demokratar som ikkje vil vedkjenne seg valresultat; oms.komm.]

«Og dei arbeider akkurat no, medan eg taler i delstat etter delstat, for å gje makta til å avgjere val i USA til partisanar og gamle kompisar, som gjev valfornektarar makta til å underminere sjølve demokratiet,» heldt Biden fram.

«MAGA-krefter er bestemte på å ta dette landet bakover. Bakover til eit USA der ein ikkje har retten til å velje, ikkje retten til privatliv, ikkje retten til prevensjon, ikkje retten til å gifte deg med kven du vil. Dei fremjar autoritære leiarar og dei viftar flammene til politisk vald som er ein trugsel mot våre personlege rettar, til å følgje rettferd, til lover og reglar, til sjølve sjela til dette landet,» sa Biden.

Ja, det blir knapt meir hatefullt enn det. Og berre førestill dykk reaksjonen i media og frå Demokratane dersom Donald Trump hadde kalla dei ein «trugsel mot demokratiet» – sjølv om dei verkeleg er det.

Fleire kjende konservative tok til motmæle overfor Biden, inkludert – og spesielt – Trump.

«Republikanarar i ‘MAGA’-rørsla er ikkje dei som prøver å underminere demokratiet vårt. Vi er dei som prøver å redde demokratiet vårt,» sa Trump under eit Save America-rally i Wilkes-Barr i delstaten Pennsylvania i kjølvatnet av Bidens hatefulle tale. «Faren mot demokratiet kjem frå det radikale venstre, ikkje frå høgre.»

Han kalla den for den «mest vondskapsfulle, hatefulle og splittande talen som nokosinne har blitt halden av ein [amerikansk] president», og for «å gjere til skurkar 75 millionar borgarar, pluss truleg 75 til 150 [millionar] fleire, om vi ønskjer å vere nøyaktige, som trugslar mot demokratiet og som fiendar av staten.»

«De er alle fiendar av staten. Han er ein fiende av staten om de ønskjer å vete sanninga. Fienden av staten er han og gruppa som kontrollerer han, som sirklar rundt han. ‘Gjer ditt, gjer datt, Joe’,» heldt Trump fram.

Trump sa at den beste måten å handtere Biden og Demokratane, er å delta på avstemmingane i november og stemme dei ut i massive tal.

«Framfor alt er dette valet ei folkeavstemming over korrupsjonen og ekstremismen til Joe Biden og det radikale Demokratiske partiet,» sa Trump. «Dersom de ønskjer å stoppe denne øydelegginga av USA, må de stemme på republikanarane. De må kome dykk ut og stemme.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s