Fyrst kom 11.september, deretter Covid-19. Kva blir den neste krisa som stengjer ned nasjonen?

Av John & Nisha Whitehead, The Rutherford Institute. Omsett av saksyndig.

«Heile målet med praktisk politikk er å halde befolkninga i alarmtilstand (og difor høglytt desperate etter å bli ført i tryggleik) av ein endelaus serie skrømt, dei fleste imaginære». – H.L. Mencken.

Fyrst kom 11.september, som staten brukte for å gjere seg sjølv om til ein politistat.

Deretter trefte Covid-19-pandemien, som politistaten brukte for å teste ut sine nedstengingskrefter.

I lys av statens tendens til å utnytte kriser (reelle eller fabrikkerte) og tene på nasjonens forsterka kjensler, forvirring og frykt som ein måte å utvide rekkjevidda til politistaten, kan ein byrje å lure på kva slags sokalla krise dei vil erklære neste gong.

Formelen er enkel nok: fyrst skaper du frykt, deretter tener du på den ved å gripe makta.

For å vere ærleg speler det ikkje eingong noka rolle kva naturen til den neste nasjonale krisa kan vere (terrorisme, sivil uro, økonomisk kollaps, helseskremsel, eller miljøet), so lenge den lèt staten stengje ned nasjonen og rettferdiggjere alle slags former for tyranni, visstnok i den nasjonale tryggleiken sitt namn.

Og so kjem Krisestaten.

Terroriståtak, masseskytingar, «uføresett økonomisk kollaps, tap av fungerande politisk og juridisk orden, forsettleg innanlands motstand eller opprør, gjennomgripande folkehelsekriser, og naturlege eller menneskeskapte katastrofar»: staten har forventa og drive og førebudd seg på slike kriser i årevis no.

Som David C. Unger skriv i The New York Times: «Liv, fridom og jakta på lykke har gjeve veg til permanent krisehandtering: å vere politi for planeten og kjempe unngåelege krigar på ideologisk grunnlag, vanlegvis i terreng valt ut av, og ønskt av, fiendane våre. Avgrensa regjering og grunnlovsmessig ansvarleggjering har blitt dytta vekk av den typen imperie-presidentskap som vårt konstitusjonelle system vart eksplisitt laga for å hindre.»

Her er det vi viet: med tanke på raten som staten held fram med å pønske ut nye måtar å etablere seg sjølv som «løysinga» på alle verdsproblema på skattebetalarane si rekning, vil kvar krise i tur og orden føre til meir statleg makt og mindre individuell fridom.

Dette er den glatte skråninga ned mot regelrett tyranni.

De ser, når staten fyrst ervervar seg (og bruker) autoritære fullmakter – å spionere på borgarane sine, utføre overvaking, forvandle politistyrkane sine til forgreiningar av militæret, å leggje beslag på skattepengar, å føre endelause krigar, å sensurere og stilne dissidentar, å identifisere politiske bråkmakarar, å halde borgarar innesperra utan heimel i lova – so gjev dei ikkje frå seg fullmaktene friviljug.

Leksa ein kan lære av alt dette er denne: når kva som helst stat fyrst får lov til å gå utover og utvide fullmaktene sine, er det nesten umogleg å få ånda tilbake i flaksa. Som rettsprofessor ved Harvard Laurence Tribe anerkjenner: «Den diktatoriske svolten for makt er umetteleg

Visseleg er historia til USA eit vitnesbyrd til det gamle ordspråket om at fridom minkar medan staten (og statleg byråkrati) aukar. For å seie det på ein annan måte, medan staten utvidar seg, går fridom tilbake.

På denne måten har kvar krise sidan nasjonens tidlege byrjing blitt ei moglegheit å utnytte for staten.

Kvar krise har òg vore ein test for å finne ut kor langt «vi, folket» vil late staten gå i å setje Grunnlova til side i den sokalla tryggleikens namn; ein test for å finne ut i kor stor grad vi har teke til oss statens lekser når det gjeld lydigheit, frykt og politistatstaktikkar; ein test for å sjå kor raskt vi vil marsjere i gåsegang med dekreta frå staten utan å stille spørsmål; og ein test for å sjå kor lite motstand vi vil yte til statens makttjuveri når det blir gjort i den nasjonale tryggleikens namn.

Viktigast av alt har det vore ein test for å finne ut om Grunnlova – og kor mykje vi forpliktar oss til å følgje prinsippa i Bill of Rights – vil kunne overleve ei nasjonal krise og ein verkeleg unntakstilstand.

Uheldigvis har vi stroke denne testen ganske lenge no.

Sanneleg har makta trykt på alle knappar hjå oss og gjeta oss i veg som kveg minst sidan Andre verdskrigen, frå og med dei japanske åtaka på Pearl Harbor, som ikkje berre sendte USA hovudstups inn i Andre verdskrigen, men som òg foreinte det amerikanske folket i sin opposisjon mot ein vanleg fiende.

Den frykta for åtak av utanlandske trugslar, beleileg oppeldna av det veksande militærindustrielle komplekset, gav i sin tur opphav til Den kalde krig-æraens «Raude skremsel». Formidla til folket gjennom statleg propaganda, paranoia og manipulasjon, kokte antikommunistiske kjensler over til eit massehysteri som såg på alt og alle som mistenkte: vennene dine, naboen, sjølv familiemedlemmer kunne vere ein kommunist med planar om å styrte regjeringa.

Dette hysteriet, som kulminerte i høyringar føre The House Un-American Activities Committee, der hundrevis av amerikanarar vart kalla inn framfor Kongressen for å vitne om sine sokalla kommunistiske tilknytingar og skremde til å kome med falske tilståingar, rydda òg vegen for framveksten av den allvetande, allsjåande overvakingsstaten.

Innan 11.september vart sett i verk, trong George W. Bush berre å hevde at landet var i ferd med å bli invadert av terroristar, og staten bruke US Patriot Act for å ta i bruk meir utvida fullmakter til å spionere, oppspore og arrestere amerikanske borgarar for å halde USA trygt.

Gjennom National Defense Authorization Act (NDAA), heldt Barack Obama fram Bush sin trend rundt å underminere Grunnlova, og gjekk so langt som å gje militæret fullmakt til å frårøve amerikanarar sine grunnlovsfesta rettar, kalle dei ekstremistar og halde dei innesperra på ubestemt tid utan lov og dom, alt under påskotet av å halde USA trygt.

Trass det faktum at rekkjevidda av militæret sine fullmakter til å halde amerikanske borgarar innesperra ikkje berre bryt amerikansk lov og Grunnlova, men òg internasjonalt lovverk, har staten nekta å gje avkall på dei fullmaktene som vart gjort moglege av NDAA.

So overtok Donald Trump presidentembetet, hevda at landet var i ferd med å bli invadert av farlege innvandrarar og insisterte at den einaste måten å halde USA trygt var å utvide rekkjevidda til grensepolitiet, gje militæret makt til å «assistere» grensekontroll, og essensielt gjere landet til ei Grunnlovs-fri sone.

Den sokalla innvandringskrisa vart so om til fleire kriser (innanlandsterrorisme, Covid-19-pandemien, rasekrigar, sivil uro, osb.) som staten har vore ivrig etter å bruke for å utvide makta si.

Joe Biden har deretter gjort alt han kan for å utvide rekkjevidda til den militariserte politistaten, og lovd å hyre 87 000 fleire IRS-agentar [føderale skatteinnkrevjarar; oms.an.] og 100 000 politibetjentar. Les mellom linjene og du vil oppdage at Biden har erklært krig mot det amerikanske folket i alt anna enn ordet.

Det blir opp til ein kvar å gjette kva den neste krisa vil bli, men du kan vere sikker på at det vil kome ei neste krise.

So, kva burde vi forvente dersom staten bestemmer seg for å erklære nok ein unntakstilstand og innføre nasjonal nedstenging?

Du burde forvente meir av det same, berre verre.

Meir lydigheit, mindre motstand.

Meir skremselspropaganda, tankekontroll-taktikkar og mindre toleranse for dei som stiller spørsmål ved staten sine propaganda-drivne forteljingar.

Mest av alt, som eg skriv i boka mi Battlefield America: The War on the American People og det fiktive motstykket The Erik Blair Diaries, burde du forvente meir tyranni og mindre fridom.

Du har alle grunnar til å uroe deg over kva som kan bli det neste.

Det at staten har ei fortid for slikt, og deira lenge førebudde planar for å innføre krigslover (ved å bruke væpna styrkar for å løyse innanlandske politiske og sosiale problem) som respons på ei framtid krise, er grunn nok til å bekymre seg over staten si handtering av den neste «krisa».

Sann mine ord: viss og når nok ei nasjonal nedstenging til slutt kjem – viss og når vi blir tvinga til å søkje tilflukt – viss og når militarisert politi patruljerer gatene – viss og når tryggleikssjekkpunkt har blitt etablerte – viss og når medias evne til å kringkaste nyheiter har blitt lagt føringar på av statleg sensur – viss og når offentleg kommunikasjon (telefonlinjer, Internett, SMS, osb.) har blitt lagt restriksjonar på – viss og når desse FEMA-leirane som staten har drive og bygt overalt endeleg blir brukt som oppbevaringssenter for amerikanske borgarar – viss og når militære «snatch and grab»-team blir sendt ut på lokale, delstatlege og føderale nivå som del av dei aktiverte Framhaldet av Staten-planane om å isolere alle som er mistenkte for å vere ein trugsel mot nasjonal tryggleik – og viss og når krigslov blir sett i verk med liten ekte motstand eller opprør frå folket – då vil vi verkeleg forstå omfanget av staten si vellykka kondisjonering av oss til å akseptere at staten har all makt og «vi, folket» har inga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s