Sjukeheimsmassakren vender tilbake

Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

I mars 2020 var det særs tydeleg at styresmaktene våre sitt mål var å myrde so mange eldre menneske som dei kunne sleppe unna med. Det var då eg peikte på at rundt om i verda var borgarar i krig med sine eigne styresmakter.

Styresmakter overalt straffa dei eldre for å vere eldre, og for å vere ei finansiell og sosial ubeleilegheit i ein ny verdsorden dedikert til teknologi, intellektuell terrorisme og korrumperinga av menneskeheita.

Den offisielle politikken var å frårøve eldre medisinsk omsorg, nekte dei mat og drikke og selskapet til sine kjære, og å halde dei stille og til slutt drepe dei med ein giftig cocktail av eit benzodiasepin- og morfin-derivat.

Den offisielle sponsa og beskytta kampanjen var ein stor suksess. Det var eit godkjent, globalt folkemord – den typen vondskap som journalistar brukte å eksponere då dei brydde seg om sanning og anstendigheit.

I dag, naturlegvis, trykkjer journalistar i hovudstraumsmedia berre det dei blir bedne om å trykkje. Dei er ikkje noko anna enn propagandistar, og matar folket med løgner som har blitt godkjende av styresmaktene som betaler lønningane deira.

Og dermed fann folkemordet stad utan at kringkastarar og avisjournalistar merka det.

Ingen innan journalistikk eller helseomsorga brydde seg fordi dei vart betalte for å ikkje bry seg. Og dei var for redde for konsekvensane (den uunngåelege demoniseringa) til å våge å tenkje på sanninga – langt mindre dele den.

Nokre av dei eldre overlevde naturlegvis. Tusenvis døydde. Men nokre overlevde.

Konspiratørane hadde eit svar på det.

Dei bestakk legar (med digre summar) for å injisere alle, men spesielt dei eldre, med eit giftig legemiddel som det var kjent at ville vise seg øydeleggjande og ofte dødeleg.

Og so, med hjelp av ei helseomsorg som hadde selt sjela si, heldt avlivinga av dei eldre fram.

Og no kjem det til å byrje igjen.

Legar har nok ein gong blitt bedne om å injisere dei eldre med enno meir av det giftige legemiddelet: covid-19-sprøyta.

Og dei kjem til å gjere det fordi dei har mist all ærekjensle, respektabilitet, anstendigheit og profesjonell sjølvrespet.

Legane, som er like skamlause som dei er uvetande, vil ikkje setje sprøytene sjølv, naturlegvis.

Når du jobbar ei 26-timars veke (slik den gjennomsnittlege allmennlegen no gjer) og du bruker mesteparten av den tida på å fylle ut skjema og drive med nettbaserte medisinske tenester på si, er der ikkje tid til å møte pasientar, langt mindre stikke nåler i armane deira.

Og dermed vil sjukepleiarar av ymse sortar bli gjevne ordre om å ta seg av injiseringa. Legane vil halde seg til å sjekke at den korrekte summen pengar har kome inn på bankkontoen.

Og Sjukeheimsmassakren (runde 2) vil vere undervegs.

Eg føler meg trøytt, veldig gammal, fortvila og desperat skamfull over den verda vi ser ut til å ha skapt.

Kollaboratørane, dei som seier ingenting, som ikkje snakkar ut, har naturlegvis skulda. Konspiratørane kunne ikkje ha gjort alt dette utan ei lydig befolkning.

Ikkje ver stille.

Ikkje sei ingenting.

Dersom du kjenner nokon på ein sjukeheim, forsikre deg om at dei kjenner den nøyaktige naturen til legemiddelet dei kjem til å få.

Legar og sjukepleiarar kjem ikkje til å fortelje dei om dei potensielle biverknadene (korttids-, medium- og langtidsbiverknader), sjølv om dei er forplikta etter lova til å gjere det. Idiotane blant dei insisterer framleis på at sprøytene er heilt trygge, og ser ingen samband mellom det faktum at dei framleis strevar med å finne ei forklaring på ein mystisk sjukdom kalla «Plutseleg vaksen død-syndrom».

Forsikre deg om at alle dei eldre du kjenner innser at det ikkje berre er styresmaktene deira som hatar dei: legane deira ser no på dei som ingenting meir enn ein rask måte å tene pengar på.

Dersom du ikkje spreier sanninga, kjem ingen andre til å gjere det.

Som ein moderne Atlas, har du framtida på skuldrene dine.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s