American Library Association slettar inkriminerande nettside med instruksjonar for å i hemmelegheit pushe LGBT-propaganda på barn på offentlege bibliotek
Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ei nettside som er laga for å lære bibliotekarar korleis ein groomar barn, har forsvunne i minnehòlet etter å ha blitt avslørt for folket. [At noko forsvinn i minnehòlet, tydar at det forsvinn frå det kollektive minnet, som regel gjennom ein medviten prosess frå media og styresmakter; oms.komm.]
Det venstreekstreme American Library Association (ALA) skapte ressursen, som gav tips om korleis i det skjulte fremje LGBT-idear til barn utan å vere for openlyse om det.
Den no fjerna sida, som framleis kan lesast i Internett-arkivet, vart skriven av Maryland-bibliotekar Tess Goldwasser. Den var retta mot småby-bibliotekarar i landlege, konservative område der ein ville møte motbør eller straff for å openlyst fremje LGBT-åtferd til mindreårige. I ein del av den kan ein lese følgjande:
«Arbeider du på eit bibliotek i eit lite, landleg, konservativt lokalsamfunn? Er du ein personalmedlem i frontlinja, med ingen leiar- eller administrative plikter? Ønskjer du at du kunne gjere meir for å gjere biblioteket ditt meir inkluderande for LGBTQIA++-samfunnet, men møter motstand? Eg håper det ikkje berre er eg!»
ALA har drive og pusha venstreorientert kjønnsgalskap på barn i 50 år
Etter at uavhengige media oppdaga sida og rapporterte om den, fjerna ALA den. No dukkar det berre opp ei feilmelding på startsida når ein trykkjer på den opphavlege linken.
Det viser seg at ALA har gjort slikt som dette tidlegare. Faktisk har institusjonen drive og pusha LGBT-perversjon via offentlege bibliotek i minst dei siste femti åra.
Dan Kleinman, leiar i bibliotek-vaktbikkjegruppa Safe Libraries, seier at Judith Krug, ALA sin leiar på den tida, var ein aggressiv fremjar av den same typen venstreekstrem kjønnsideologi som gruppa framleis pushar i dag.
Som Goldwasser prøver å gjere i dag, leita Krug etter måtar å få sensurert, ofte eksplisitt obskønt, materiale i hendene på barn – alt under bordet ved hjelp av nifse triks og taktikkar.
«Dei ville ikkje lenger halde dei vekke frå upassande materiale,» seier Kleinman om korleis Krug opererte. «No vil dei sikre seg at dei fekk det upassande materialet. Og dei vil overlate til foreldra å bestemme seg for å stoppe det.»
«Og på same tid vil dei villeie foreldra slik at foreldra ikkje kunne stoppe dei, eller var klar over at dei burde stoppast.»
ALA er òg direkte ansvarleg for Drag Queen Story Hour-fenomenet som såg ut til å kome ut av det store inkje under Trump-administrasjonen. Det heile byrja i San Francisco – litt av ei bombe – og spreidde seg raskt gjennom landet.
Nokre Drag Queen Story Hour-hendingar har vist barn og til og med småbarn klå på dei falske brysta til menn kledde i overdrive kvinneleg antrekk.
Der har òg vore tilfelle der dømte pedofile i drag fekk lov til å lese for barn, bøker om Johnny som hadde to ikkje-binære til foreldre, eller vesle Susie som fekk ein dobbel mastektomi [fjerning av brysta; oms.an.] for å bli ein «gut».
«So mange menneske er rett og slett ikkje klar over dette problemet,» klagar Kleinman om dei tinga som blir pusha på barn på offentlege bibliotek. «Det er grunnen til at det får halde fram. Det er grunnen til at desse bibliotekarane for lov til å rundlure folk.»
I kommentarfeltet skreiv nokon at Krug, Goldwasser og alle andre hjå ALA som er involvert i å prøve å pervertere og groome barn, vil måtte «stå overfor Gud på Dommens dag.»
«Eg kan ikkje førestille meg kor skremmande det vil bli for dei når dei oppdagar at der verkeleg finst ein Gud, som dei hånte,» la denne personen til.
Ein annan skreiv at kona hans brukte å arbeide på eit lokalt bibliotek i ein mellomstor by i Illinois, og var den einaste konservative der blant meir enn 100 tilsette.