Leken artikkel viser at britisk politi førebur seg på «større sivil uro» denne vinteren

Av «Tyler Durden», ZeroHedge. Omsett av saksyndig.

Storbritannia sin nye statsminister Liz Truss har kanskje berre nokre veker på å få til ei tillitvekkjande heilomvending i den britiske økonomien, eller i motsett fall stå overfor ein dramatisk auke i valdelege brotsverk og samanbrot av ro og orden forårsaka av ei levekostnadskrise.

The Times avslørte at politimeisterar fryktar at «økonomisk uro og finansiell ustabilitet» har «potensiale til å skape auke i spesifikke typar brotsverk» slik som nasking, innbrot, biltjuveri, nettsvindel og utpressing, sidan britar står overfor ein av dei verste kollapsane i levestandard på hundre år, midt i energi-hyperinflasjon.

«Langvarig og smertefullt økonomisk press» kan framprovosere «større sivil uro» à la London-opptøyane i 2011, sa den lekne nasjonal strategi-artikkelen.

«Større finansiell sårbarheit kan utsette somme stabsmedlemmer for høgare risiko for korrupsjon, spesielt blant dei som endar opp i betydeleg gjeld eller finansielle vanskar,» heldt den fram.

Ein politimeister la merke til at auka førekomst av valdsbrotsverk er større enn på fleire tiår. Dette kjem medan energiregulatoren Ofgem auka taket på straumrekningar til rekordhøge 3 549 pund [om lag 40981 norske kroner; oms.an.]. Dette taket er forventa å auke til £5439 [62805 kroner] innan januar, og £7272 [83971 kroner] innan våren.

Bortsett frå politiet, åtvara energidirektørar at sivil masseuro lurer sidan folk ikkje har råd til oppvarming og straumrekningar komande vinter.

Rundt 160 000 britar har blitt med i ei rørsle mot skyhøge straumrekningar, der dei har avlagt eid på å ikkje betale 1.oktober.

Sist fredag [2.september 2022] stoppa den russiske energigiganten Gazprom PJSC flyten av gass via Nord Stream 1 til Europa, noko som fekk gass- og straumprisane i EU til å skyte i vêret måndagen etter. Dette tydar at Truss knapt nok har tid til å kome med ein samanhengjande strategi for å redde hushaldningar frå energifattigdom og forretningar frå å gå konkurs.

[Ifølgje ZeroHedge vil til dømes 70% av britiske pubar måtte stengje dørene i løpet av vinteren på grunn av høge straumprisar.]

Den massive demonstrasjonen i Praha sist helg, der titusenvis av tsjekkarar strøymde ut i gatene, gjev eit glimt av den komande sosiale uroa som kan treffe britiske gater dersom straumrekninga held fram med å stige utan at regjeringa grip inn.

Sist veke vart det publisert ein ny rapport via Verisk Maplecroft, eit britisk-basert risikokonsulterings- og etterretningsfirma, der dei åtvara at der er høg risiko for sosial uro i Europa seinare i år på grunn av stigande inflasjon.

Europearar er omsider i ferd med å innsjå kor gale vestlege sanksjonar mot Russland har slege tilbake, sidan regjeringane deira ofra vanlege menneske for NATO sin stadfortredar-krig mot Russland i Ukraina. Desse demonstrasjonane kan spreie seg som eld i tørt gras gjennom Europa, og det verkar som om Storbritannia førebur seg på det verst tenkjelege scenarioet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s