FEMA-leirar er del av avfolkingsagenda i USA!

Kevin Hughes i Natural News melder:

Ifølgje tidlegare statstilsette Celeste Solum, er leirane som blir bygt av Federal Emergency Management Agency (FEMA) [«føderalt byrå for krisehandtering»] i USA del av ein større avfolkingsagenda.

Ho delte dette under eit nyleg intervju på podcasten Counter Culture Mom [«motkultursmamma»], der programleier er den tidlegare Hollywood-skodespelarinna Tina Griffin. Ifølgje podcast-programleiaren har ho fått mange meldingar, bilete og opptak av desse FEMA-leirane opp gjennom åra. Enkelte av desse, la Griffin til, var digre bygningar med piggtrådgjerde for å hindre folk i å kome seg ut og prøve å sleppe unna.

«FEMA-leirar sprett opp overalt. Der var eit par hundre – no er det meir enn tusen stykke som vi veit om, som bokstavleg tala dekkjer USA frå kyst til kyst,» sa ho, og la til at den største FEMA-leiren ligg i Juneau, Alaska. Denne leiren kan halde tre til fire millionar menneske i slengen. […]

(Sjå òg «Blir det bygt fangeleirar i alle amerikanske delstatar for å huse regimekritikarar?», publisert 22.juni 2024.)

Den tidlegare Hollywood-skodespelarinna gjekk deretter over til Solum, som sa at desse FEMA-styrte leirane – som ligg under Department of Homeland Security – er del av ein avfolkingsagenda som førebuing på ei verd utan menneske.

«Dei treng ikkje menneske. Dei driv og byggjer millionar på millionar av syntetiske menneskeskapningar. Japan gjorde det, Kina gjorde det, USA har gjort det, Canada har laga dei. Dei er bortimot klare til å bli sleppte laus,» sa Solum.

«Dei vart konstruerte i underjordiske grotter. Dei er klare til å kome ut og erstatte dykk. So dei treng ikkje dykk til slavearbeid.»

Solum: FEMA er delaktig i å øydeleggje bevis på statleg involvering

Griffin spurde deretter om dei 500 000 billege kistene som FEMA har kjøpt.

Ifølgje Solum går dette langt utover grensene til suverene nasjonar. Etterforskaren og forskaren viste til eit avfolkingsprogram som vart beta-testa i Australia, som har tittelen «stamping out manual» [«utstemplingsmanualen»]. Denne manualen drøfta dei ulike måtane å redusere dyrebestandar. Etter denne manualen vart perfeksjonert, var FN raske med å ta den til seg.

No driv deltakarland og førebur seg på kadaver-handtering – noko som forklarer behovet for likposar og kister. Griffin kommenterte at dette er ein demonisk plan for å gjenvinne menneskekroppar.

Podcast-programleiaren nemnde òg korleis FEMA øydelegg beviset på skaden som andre statlege organ har forårsaka, og bad Solum kome med døme. Gjesten hennar gav ho raskt to.

For det fyrste nemnde Solum at FEMA øydela bygningsrestar frå 11.september-åtaket i New York by. Restane vart sendt ut til heile verda slik at «ingen kunne ta ein rettsvitskapleg titt på dei og kome til sanninga om kva som hadde skjedd».

For et andre gav ho Georgia Guidestones som eit døme. Dei vart visstnok øydelagt i juli 2022 og spor av dei vart fjerna, som om dei aldri eksisterte i fyrste omgang. Ifølgje Solum speler denne hendinga ei viktig rolle fordi evidensen når det gjeld eksistensen av Georgia Guidestones vil bli dekt over og avfeia som ein konspirasjonsteori.

(Sjå òg «Georgia Guidestones har blitt jamna med jorda», publisert 10.juli 2022.)

Monumentet hadde vore knytt til avfolking i årevis, og eit av edikta skreiv spesifikt at verdas befolkning skulle reduserast til 500 millionar. Dette går i full sirkel attende til FEMA-leirane og deira rolle i avfolkingsagendaen.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Heile samtalen mellom Tina Griffin og Celeste Solum kan sjåast her.

Kommenter innlegget