Dei prøver å lage «pandemi» av apekoppar igjen: WHO-direktør vurderer å erklære folkehelsekrise

Sjå òg Saksyndig si samleside om apekoppar.

Etter det totalt mislykka forsøket på å lage ein «pandemi» av apekoppar i 2022, ser det no ut som WHO vil gjere eit nytt forsøk. Dei satsar på at alle har gløymt det siste forsøket, og at denne  sjukdommen viser seg å nesten berre smitte mellom menn som har sex med menn. I 2022 var to av dei mest sentrale spørsmåla korleis barn og hundar dermed òg kunne få den sjukdommen. Eit anna spørsmål er om apekoppar rett og slett er forårsaka av covid-«vaksinen», der latente sjukdommar som til dømes herpes bryt ut på grunn av eit kompromittert immunforsvar.

Opphavet og årsaka til apekoppar er irrelevant – no skal det skapast ein ny «pandemi», og eit lager mRNA-injeksjonar ligg klare.

Nettavisa UtenFilter skriv 7.august 2024 at WHO-direktør Tedros Adhanom Ghebreyesus vurderer å erklære folkehelsekrise på grunn av utbrot av apekoppar. Det er for tida utbrot av sjukdommen i Afrika.

Helsedirektøren skreiv på X sundag 4.august 2024 (her UtenFilter si omsetjing):

«Jeg vurderer å innkalle en nødkomité for internasjonale helsereguleringer for å gi meg råd om hvorvidt mpox-utbruddet [apekoppar] bør erklæres som en internasjonal folkehelsekrise.»

Dei skriv vidare:

«En uttalelse fra Tedros publisert i tidsskriftet Science la til at ‘dette viruset kan og må begrenses med intensiviserte [sic] folkehelsetiltak, inkludert overvåking, samfunnsengasjement, behandling og målrettet utplassering av vaksiner for de som er i høyere risiko for infeksjon.’

‘En ytterligere opptrapping av mpox-responsen i berørte land er presserende nødvendig midt i det utvidende utbruddet […].’»

Og vidare:

«En internasjonal folkehelsekrise er den sterkeste betegnelsen for et utbrudd. Merk at en slik erklæring ble gitt for COVID-19 i begynnelsen av pandemien i 2020.

Senere erklærte WHO en krise for et mpox-utbrudd som varte fra 2022 til 2023 […]. Under det utbruddet, som påvirket Europa og USA, sa tjenestemenn at mpox primært spredte seg via seksuell kontakt mellom menn.»

Ifølgje ein rapport frå Afrikas senter for sjukdomskontroll og -førebygging er mpox oppdaga i 10 afrikanske land, der 96% av alle tilfelle og dødsfall har funne stad i Kongo. Nesten 70% av tilfella i Kongo ramma ifølgje tenestemenn barn under 15 år, og den aldersgruppa utgjorde 85% av dødsfalla.

Vi kan berre vagt gjette korleis alle desse barna har fått denne sjukdommen.

Symptom på mpox/apekoppar inkluderer (ifølgje CDC) utslett på føter, hender, ansikt, bryst og munn, eller nær kjønnsorgana – i tillegg til feber, hovne lymfeknutar, luftvegssymptom, verk og utmatting.

Grunnen til at apekoppar no blir kalla mpox, er at WHO rundt november 2022 meinte namnet «apekoppar» var rasistisk (!).

Kommenter innlegget