Yuval Noah Harari krev sensur på sosiale media av «desinformasjonsnarrativ» som underminerer WEF-agendaen

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice melder:

Regjeringar i verda må slå hardt ned på frie ytringar på internett, ifølgje Yuval Noah Harari, som åtvarar at «desinformasjonsnarrativ» florerer på nettet og må fjernast so snart som mogleg.

Ifølgje Harari, som tener som Klaus Schwab si høgre hand på World Economic Forum i Davos, risikerer «desinformasjonsnarrativ» på internett å avspore globalist-agendaen.

I eit intervju med Fareed Zakaria på CNN avfeia Yuval Noah Harari dei millionane av menneske som er mot WEF sin tekno-kommunist-agenda på sosiale media, og hevda at dei er ingenting anna enn bot-ar.

«Vi treng regulering», sa Harari. «Reguleringa handlar ikkje om å skade ytringsfridommen til menneske. Det handlar om å regulere algoritmane og bot-ane. Ytringsfridom er ein menneskerett, ikkje ein bot-rett.»

«Problemet er ikkje ytringsfridom,» heldt Harari fram. «Problemet er at der er algoritmar på Twitter, Facebook og so vidare som bevisst fremjar informasjon som fangar merksemda vår, sjølv om den ikkje er sann.»

Harari fremja si nye bok «Nexus: A Brief History of Information Networks from the Stone Age to AI», som framstiller sensur av masse-sosialmedia som eit offentleg gode.

Harari prøver òg å avfeie ideen om at der er ein liten kabal med globalistar som utøver påverknad og kontroll over verdshendingar.

Den transhumanistiske WEF-rådgjevaren avfeiar ideen om ein elite-globalistkabal som arbeider saman for å oppnå ein Ny verdsorden – dette er ifølgje han «nonsens» og «fantasi».

Det at Harari avfeiar ein global kabal som prøver å styre globale hendingar er spesielt ironisk.

Det er fordi Harari, ein iherdig transhumanist og sosialingeniør, i all hemmelegheit var til stade på fjorårets strengt vakta Bilderberg-møte, ein årleg konferanse som består av verdas mektigaste personar frå bank, finans, militære, media, akademia og business – ein kabal om du vil – som møtest for å diskutere i hemmelegheit agendaen sin for verda medan offentlegheita og pressa ikkje har lov å vere der.

Mange av Harari sine tidlegare kommentarar underminerer djupt argumentet hans om at der ikkje er nokon kabal eller nokon Ny verdsorden-agenda.

Harari hevda i 2019 at den frie viljens alder er «forbi» fordi KI [kunstig intelligens] snart vil bli integrert i hovuda våre og kontrollere håpet og draumane våre.

«Menneske er no dyr som kan hackast. Du veit, heile ideen om at menneske har denne sjela eller ånda, og at dei har fri vilje. So, kva enn eg vel, anten når ein snakkar om val eller supermarknaden, er dette min frie vilje. Det er forbi – fri vilje,» sa han.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Yuval Noah Harari meiner Gud er død og at Jesus er ‘falske nyheiter’: Vil òg dope ned ‘useless eaters’ med legemiddel og dataspel», publisert 4.mai 2022, og «Yuval Noah Harari: ‘Farlege konspirasjonsteoretikarar må stengjast ute frå Internett’», publisert 30.desember 2023.

Kommenter innlegget