World Economic Forum meiner at menneske er «ubrukelege etarar» og ser på deira «hjernar og kroppar» som produkt som kan bli hacka, kontrollert og forkasta
Av Lance D. Johnson, NewsTarget, 2.mai 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Ein av hjernane bak World Economic Forum (WEF) er den sjølverklærte profeten Yuval Noah Harari. Han trur på Great Reset, transhumanisme, avliving av delar av befolkninga, og å bruke ei global regjering for å kontrollere menneskeheita på det biometriske nivået. Han er lovprisa av Bill Gates, Barack Obama, Mark Zuckerberg og leiaren av WEF, Klaus Schwab.
Harari snakkar om «ubrukelege menneske» som ikkje har meining eller føremål. Han sa at den største falske nyheita er Bibelen. Han sa at kristendommen er feil, at menneske er her på jorda for «ingenting». «Jesus Kristus er falske nyheiter,» hevda han bastant. Han trur at der ikkje finst nokon «stor kosmisk plan» der menneske speler ei rolle. I staden ser han på menneske som «ubrukelege etarar» [«useless eaters»] som kan bli hacka og manipulerte ved hjelp av digital overvaking under huda deira.
Han trur òg på å avlive delar av befolkninga [culling i originalartikkelen; oms.an.]. «Kva skal vi med so mange menneske?» er han sitert på å seie medan han fremja si nyaste bok.
Møt Yuval Noah Harari, ein transhumanist som ønskjer å hacke og manipulere den menneskelege befolkninga
I eit nyleg intervju sa Harari at verda er i ferd med å gå inn i ein ny industriell revolusjon, men at produkta ikkje vil vere dei fysiske varene. Harari sa at vitskap, teknologi og industrien si største utfordring i det 21.hundreåret vil vere «å prøve å oppnå kontroll av verda som er inni oss, å lære korleis ein konstruerer og produserer kroppar og hjernar og sinn.» Han sa at desse sannsynlegvis vil utgjere «hovudprodukta» i 21.hundreårs-økonomien.
[…]
«Det kanskje største spørsmålet i økonomi og politikk i dei komande tiåra, vil vere kva ein skal gjere med alle desse ubrukelege menneska,» sa han i fullt alvor. Han sa at teknologi vil sikre at alle får mat, so «mat er ikkje problemet.»
«Problemet er meir keisemd [kjedsomhet på bokmål; oms.an.], og kva ein skal gjere med dei, og korleis dei vil finne ei form for meining i livet, når dei er grunnleggjande meiningslause, verdilause.» Han føreskreiv legemiddel og dataspel som løysingar for å underhalde hjernane til «ubrukelege» menneske.
Han sa at ei global regjering vil samle og bruke data frå kvar person for å lære korleis ein konstruerer kroppar, hjernar og sinn. Han seier data og biometrikk vil bli brukt til å hacke menneske og re-konstruere framtida til sjølve menneskeleg liv. Han sa «intelligent design» aldri eksisterte og kvar ei meining om ein Skapande Gud vil bli driven ut av samfunnet, i det menneske blir i stand til å bli hacka og programmerte. Harari påstår til og med at lovene som styrer naturleg utval og organisk biokjemi vil bli eliminerte og erstatta av ei trans-humanistisk framtid, der menneske blir dyr i stand til å bli hacka, manipulert og kontrollert.
«Vi har teknologien til å hacke menneske på ein massiv skala,» sa han. Han la til at kriser kunne bli utnytta for å implementere meir overvaking i samfunnet slik at «elitar» kan overvake, samle data og konstruere den framtidige bana til menneskeleg liv. Mykje av denne overvakinga vil «kome under huda» i det biometriske data blir ein måte å manipulere den menneskelege befolkninga. Harari sa at vi allereie har evna til å gå under huda og samle biometriske data, noko som gjev «elitane» makta til å rekonstruere sjølve livet. «Vi oppgraderer menneske til gudar,» sa han.
Han sa at i ein naudssituasjon stoler folk på «vitskapsfolka». Han brukte dømet om prestar som stengde ned kyrkjene sine over heile verda i 2020 for å bevise at Gud er død. Framover vil menneske vende trua si mot den vitskaplege eliten og den globale regjeringa, påstod han bastant. «Sjølv dei religiøse leiarane stoler på vitskapsfolka,» sa han.