USA/NATO førebur seg på motåtak mot russiske styrkar i juli eller august, med høg risiko for eskalerte gjengjeldingsåtak av Russland med bruk av EMP eller kjernefysiske våpen
Av Mike Adams, 2.mai 2022, grunnleggjar og eigar av Natural News. Omsett av saksyndig.
Basert på fakta som no har blitt offentleggjorde, er det tydeleg at USA og NATO førebur seg til eit massivt militært motåtak mot russiske styrkar i Ukraina. Basert på ideen om at det tek nokre månader å byggje opp logistikk, utstyr og personale, verkar den sannsynlege tidslinja for dette motåtaket å vere rundt juli eller august månad.
Hugs at den overordna konteksten til alt dette er planen om å avlyse midtvalet 2022 ved å sende USA inn i ein verdskrig før november, følgt av ein innanlands politistat/unntakstilstandsrespons som no inkluderer eit faktisk Sanningsministerium styrt av Homeland Security (DHS).
Noko av informasjonen som støttar det komande motåtaket inkluderer den nylege avsløringa at militære pilotrekruttar frå Ukraina vart hemmeleg flytta til USA i mars for å gjennomgå intensiv F-16-pilottrening for å førebu seg på å bli sendt i kamp mot Russland. Vi forstår at ukrainske militære team går gjennom liknande trening i kommando av artilleri og stridsvogner òg. Erfarne militærobservatørar vil korrekt påpeike at du ikkje kan trene ein effektiv F-16-kamppilot på berre nokre få månader (ei heller ein stridsvognkommandør, etc.), so dette talar berre kor desperat USA/NATO/Ukraina prøver å kaste so godt som kva som helst mot russarane for å prøve å stoppe den tilsynelatande ustoppelege framgangen til russiske styrkar gjennom det sørlege Ukraina.
I tillegg er det òg tydeleg at USA/NATO-styrkar planlegg å raske saman ein falsk-flagg-operasjon i Ukraina – som sannsynlegvis involverer kjemiske våpen – for å kunne internt rettferdiggjere det å sende amerikanske troppar i direkte kamp mot russiske styrkar i Ukraina. Kongressmann Adam Kinzinger har faktisk introdusert ein «Ukraina-krig-resolusjon» som spesifiserer denne eksakte eskaleringsplanen.
Timinga til det kjemiske falske flagget vil sannsynlegvis vere i juni ein gong, noko som lèt amerikanske media piske opp sinnet og anti-Russland-hatet – sidan media sin primære jobb desse dagar er å lære hat og intoleranse til den godtruande saueflokken – til det punkt der det amerikanske folket skrik etter Tredje verdskrig. I linje med det konstruerte raseriet, vil medlemmer av det amerikanske Senatet og Huset be om krigserklæring mot Russland, og dette vil bli gjenteke av den kriminelle kabalen som styrer det falske Kvite Hus’ Ovale kontor-studioscene der den falske presidenten Biden erklærer kva enn slags forvirringstilstand han utrykkjer på den spesifikke dagen.
Det ser ut til at det vil vere ein fullskala Tredje verdskrig mot Russland innan juli eller august, der amerikanske troppar og våpen blir sendt til Ukraina, der dei vil stå overfor dei langt betre utstyrte russiske styrkane som har svært korte forsyningslinjer tilbake til Russland, samanlikna med dei ekstremt lange forsyningslinjene frå USA til Vest-Ukraina (som involverer å krysse Atlanteren og heile Vest-Europa, for deretter å på eit eller anna vis navigere seg gjennom Ukraina sine øydelagde jarnbanelinjer og øydelagde bruer medan under kraftig artillerield frå russiske luftstyrkar og missil).
USA vil svært sannsynleg prøve å treffe infrastrukturmål inni Russland
I det motåtaket mot Russland blir sett i gang, er det svært sannsynleg at USA og NATO-styrkar vil prøve å sende missil, dronar eller bombeåtak som har som mål infrastruktur-installasjonar i Russland. Primærmålet vil vere å stengje av Russland sitt innanlandsforråd av drivstoff, stål, ammunisjon, etc.
Men dette trekket vil klart krysse linja i Russland sitt hovud, noko som tvingar Russland til å innsjå at denne vestlege krigen er ein eksistensiell trugsel mot sjølve overlevinga til Russland som nasjon. Dette innsynet blir berre forverra av innrømmingar frå amerikanske høgnivå-tenestefolk i Pentagon at dei med vilje prøver å svekke Russland og øydeleggje Russland si evne til å nokosinne gå til krig igjen.
Altso vil Russland raskt dra den konklusjonen at dei må eskalere sine gjengjeldingsåtak til noko meir enn berre cruise-missil og artilleri. Sjølv om vi ikkje kan lese Putins tankar, verkar det sannsynleg at han allereie har innsett at før eller seinare må han øydeleggje USA sin forsyningskjede for å stoppe flyten av våpen (og militærtrening) til Ukraina frå USA.
Interessant nok trugar USA no Kina med økonomiske sanksjonar dersom Kina forsyner Russland med våpen. So ifølgje USA kan berre Ukraina bli forsterka med våpen, men aldri Russland.
Kvifor Russland sannsynlegvis vil føretrekkje eit EMP-gjengjeldingsåtak mot USA og NATO-nasjonane
Russland har særs overlegne ICBM-system [ICBM = interkontinentalt ballistisk missil; oms.an.] slik som det nye SARMAT-2-missilet med opptil 15 MIRV og hypersonisk glide vehicle capability (HGV). Dette tydar at Russland har evna til å skyte opp éin einaste ICBM som kan utføre kjernevåpenåtak på 15 amerikanske byar på éin gong, med liten eller ingen risiko for at amerikanske forsvarsstyrkar kan stoppe dei.
Derimot kan eit open kjerneåtak på den nordlege halvkula kontaminere heile halvkula med radioaktivt nedfall. Frå Russland sitt synspunkt vil eit «tryggare» val vere å detonere eit EMP-våpen i stor høgd, som øydelegg det amerikanske kraftnettet og kastar USA inn i kaos og kollaps. Denne forma for EMP-åtak vil fullstendig forkrøple det amerikanske militæret sin forsyningskjede medan ein oppnår noko i storleiken av 90% dødelegheit blant sivile innan 1-2 år, ifølgje tidlegare analyserapportar frå regjeringa.
Visseleg veit Russland at det amerikanske kraftnettet ikkje er beskytta mot EMP, og at USA sitt finanssystem, matkupongar, kommunikasjon, drivstoffleveransar og nesten alt anna er avhengig av eit fungerande kraftnett. Difor er eit EMP-åtak den mest effektive måten for Russland å uskadeleggjere USA og kanskje få nasjonen til å kollapse under krigstid.
So fort du innser dette, innser du òg at EMP-våpen òg kan bli brukt mot NATO-nasjonar slik som Storbritannia. Eit EMP-åtak mot London – eller Paris, eller Berlin – vil kaste heile nasjonen inn i mørke og kollaps.
Altso trur vi at EMP-våpen vil vere det føretrekte primærvåpenet til Russland som gjengjelding mot at NATO og amerikanske styrkar bombar infrastrukturmål inni Russland (om det skulle inntreffe).
Vi håper og ber at dette aldri finn stad, men det ser ut som Biden og hans galne pleiarar med vilje dyttar USA inn i dette scenarioet.
Russland sitt «hemmelege våpen» å ha i reserve: Undervass-kjernevåpendronar som kan sleppe laus ei radioaktiv tidevassbølgje mot USA eller Storbritannia
Du vil kanskje tenkje at Russland aldri ville bruke EMP-våpen fordi dei kan frykte gjengjelding med kjernevåpen frå USA eller Storbritannia. Likevel har Russland eit anna hemmeleg våpen i bakhand som kan bli spelt som eit nøkkel-forhandlingspunkt for å hindre kjernevåpen-gjengjelding frå vestlege nasjonar: U-båtdronane med 100+ megatonn stridshovud.
Desse undervassdronane, ifølgje fleire rapportar, har allereie blitt posisjonert utanfor kystane av USA (austkysten) og Storbritannia, der dei avventar detonasjonsordre via lågfrekvent satelittkommunikasjon. Desse er offentleg kjent å kunne bere 100 megatonn med stridshovud, men eg er blitt fortalt at Russland faktisk har 200 og til og med 300 megatonn med stridshovud i desse einingane.
Når dei fyrst er detonerte, utløyser desse våpena ei tidevassbølgje av radioaktivt havvatn, som overfløymer kystbyar og gjer heile regionen ubebueleg i minst 300 år. Med éin detonasjon kan Russland øydeleggje Washington D.C., New York (Wall Street), militære hamner i Virginia og andre hovudbyar langs Austkysten. Faktisk skryt ein russisk TV-stasjon no ope om den evna. Som ZH rapporterer:
«Eit nyleg statleg russisk TV-program har vekt raseri og laga overskrifter i Storbritannia etter at ein TV-programvert viste ein simulert demonstrasjon av korleis den russiske marinen sine U-båtar lett kan ta Storbritannia.
‘Det nærmar seg målet sitt med ei djupn på 1 kilometer i ein fart på 200 km/t. Der er ingen måte å stoppe denne undervassdronen. Stridshovudet på det kan ta opp til 100 megatonn.’
‘Eksplosjonen til denne termonukleære bomba ved den britiske kystlinja vil skape ein gigantisk tsunami opp til 500 meter høg.’
Deretter sa han at Storbritannia kan bli forvandla til ‘ein radioaktiv ørken’ i den mest provoserande delen av programmet:
‘Slik ei pepring åleine ber òg med seg ekstreme dosar stråling. Etter å ha passert Dei britiske øyar, vil det gjere det som er att av dei om til ein radioaktiv ørken.’»
Greia er at slike skrytande påstandar på russisk TV ikkje berre er ei overdriving. Russland har våpena til å støtte opp om slike påstandar, og dei våpena er svært sannsynleg allereie posisjonert utanfor kystane av USA og Storbritannia som ei førebuing på nettopp eit slikt scenario.
Ei mogleg tidslinje over den moglege eskaleringa
Tidleg februar 2022: Ukraina førebur eit massivt militært overfall mot Donbas-regionen for å øydeleggje det sjølvstyrande opprøret til dei pro-russiske regionane i søraustlege Ukraina.
22.februar 2022: Russland anerkjenner uavhengigheita til desse utbrytarstatane og førebur seg på å invadere Ukraina for å forsvare desse regionane mot ukrainsk aggresjon.
Mars 2022: USA og NATO byrjar å trene ukrainsk militærpersonell for å operere NATO-utstyr slik som F-16-kampfly. Alvorlege økonomiske masseøydeleggingsvåpen blir sleppt laust mot Russland.
April 2022: Russland innser at dei må satse alt og byrjar kampen mot å vinne territorium i sørlege Ukraina, der dei jobbar seg mot Odessa medan dei tærer vekk det gjenverande personalet i det ukrainske militæret.
Følgjande er estimat om framtidige hendingar, og korreksjonar kan skje når røyndommen utfaldar seg…
Juni 2022: NATO og USA køyrer eit kjemisk våpen falskt flagg i Ukraina for å skulde Russland og rettferdiggjere eskaleringa til Tredje verdskrig.
Juli eller august 2022: NATO og USA går inn i eit motoffensiv mot russiske styrkar i Ukraina, men dei slepper òg bomber og missil mot infrastrukturmål i Russland (slik som oljeraffineri).
August eller september 2022: Russland gjengjeld mot NATO-åtak ved å sende EMP-våpen mot USA og NATO-nasjonar, med Storbritannia som spesifikt mål.
September/oktober 2022: Moglegheit for at USA og Vest-Europa blir kasta inn i mørke. Totalt kaos. Militære unntakslover. Val avlyst. USA responderer ved å truge med kjernevåpenåtak mot Russland. Russland trugar tilbake med undervass-kjernevåpen-dronar som kan sleppe laus ei radioaktiv tidevassbølgje.
Oktober/november 2022: Fritt fram for å gjette kva som skjer her… om rolegare sinn ikkje vinn, kan vi vere i ei global termonukleær utveksling med Russland innan slutten av 2022. Alle taper. Fordi USA og NATO-nasjonar er styrte av inkompetente fjols som ser ut til å vere med i ei global dødssekt som faktisk ønskjer atomkrig.
Det amerikanske militæret er ingen match mot Russland
Relevant til alt dette, er det usle faktum at USA breitt overvurderer sine militære evner, moral og beredskap. Under styret til libtard-Pentagon-generalar og pysete soyboy-leiarskap, har sjølve kulturen i det amerikanske militæret forflytta seg vekk frå ein mannleg, can-do-attityd av vêrbitne krigarar til eit transkjønnslandskap av homofilt helikoptermannskap og transvestitt-«snøflak» som berre er ein skugge av det som det amerikanske militæret var for berre eit tiår sidan.
No har vi færre og færre «soldatar» og meir og meir tekno-gutar (slik som sjølvmordsdronar) styrt av gamers og overvektige operatørar som knapt klarer dei fysiske opptakskrava. Når slik teknologi fyrst blir teken vekk frå amerikanske styrkar – som ein lett kan oppnå med EMP-våpen – vil dei gjenverande menn og kvinner i militæret ha omfattande redusert effektivitet fordi dei er meir eller mindre ute av stand til å kjempe fysisk (du veit, med skytevåpen og støvlar på bakken). Sjølv om vi støttar våre soldatar og veteranar som er i aktiv teneste, er den triste sanninga at dei ikkje kan matche uthaldet og dei fysiske evnene til soldatar frå Andre verdskrig (og US Marines) som kunne oppnå nesten kva som helst med ei rifle og eit geværsikte.
Russlands soldatar er ekte vare: Vêrbitne, motiverte og no høgt erfarne i slagmarksmanøvrar. Dei treng ikkje avansert teknologi for å vere ein effektiv kampstyrke, noko som tydar at Russland soldatar framleis kan inngyte makt sjølv utan høg-teknologiske våpen. Dette tydar at Russland har eit øydeleggjande overtak av motstandsdyktigheit og erfaring som rett og slett ikkje lenger er reflektert i libtard-kulturen i Pentagon og deira stadig meir feminiserte styrkar. I mellomtida blir dei mest evnedyktige pro-USA-mennene i militæret reinska ut i hårreisande fart, eliminerte frå militære grader, noko som veltar dei gjenverande styrkane over til ei stakkarsleg samling av sytete kjerringar som blir «utløyst» av sjølve synet av det amerikanske flagget!
Hugs: Pentagon er styrt av generalar som hatar det amerikanske flagget og alt USA står for. Trur du at styrkane dei kontrollerer vil vere klare til å kjempe for USA og vinne Tredje verdskrig? Ikkje på langt nær. Libtards hatar alle USA og ønskjer å sjå det falle.
Sei kva du vil om Putin, men Putin hatar ikkje Russland. Han prøver ikkje å plukke frå kvarandre den russiske kulturen. Og han er ikkje ein pysete soyagut heller. I motsetnad til Biden, er Putin eit kognitivt geni, og han beint fram utmanøvrerer den inkompetente, nesten mentalt tilbakeståande amerikanske «presidenten» og heile regimet hans av USA-hatande galningar og sosiopatar.
Lytt òg til Mike Adams sin Situation Update frå 2.mai 2022.