Vi har fiendar i våre eigne regjeringar som søkjer krig og Agenda 2030

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

No er der ein diskusjon om korleis ein skal forby Russland frå å vere til stade på G20-møtet. Kva enn som kan bli gjort for å skape Tredje verdskrig er i full rørsle. I mellomtida ønskjer Biden å ikkje berre konfiskere den private eigedommen til russiske personar slik som yachtar, hus og kva som helst som han berre kan ta, han ønskjer å selje dei aktiva han har stole frå privatpersonar, noko som set ein presedens i kjølvatnet av Iran sine handlingar, då dei konfiskerte alle aktiva til utlendingar. Biden øydelegg fullstendig verdsøkonomien og gravlegg sjølve fundamentet til internasjonal lov. Dette øydelegg global investering, for denne handlinga av USA manglar ikkje berre sidestykke i sivilisasjonen si historie, men det vil sende eit varslingssignal til sjølv kinesarane – sel alt og kom dykk ut før Biden ranar skjorta av dykk.

Då sa den britiske forsvarsministeren at han ikkje ville bli «overraska» om Putin brukte 9.mai-feiringane i Russland, som markerer dagen då Sovjetunionen slo Nazi-Tyskland, til å «mobilisere det russiske folket en masse» mot Vesten. Det er berre ufatteleg korleis desse leiarane gjer alt dei kan for å skape Tredje verdskrig. For å vere heilt ærleg, dersom skoen var på den andre foten, ville du sleppe laus eit fyrste åtak og tilinkjegjere alle hovudstadane på berre nokre minutt.

Det er ingen måte å nokosinne vende tilbake til normalen. Biden ser ut til å følgje Klaus Schwab sin Agenda 2030. Der finst ingen fredsskaparar her. Dette ser ut til å vere ein strategisk manøver for å få FN til å kome som den store fredsskaparen, og i prosessen fullføre ideen om å gje all suverenitet over til FN og ei éiverdsregjering. Det har blitt anteke at Soros finansierer migrantar for å invadere USA, og Demokratane vil plutseleg gje statsborgarskap til dei alle og fylle ut røystesetlane for dei sidan dei ikkje kjenner til den vesle skrifta om kvifor dei blir sleppte inn under ei tid med aukande matmangel for å gjere det verre for ekte amerikanarar.

Dette handlar no om rå makt – og Agenda 2030 er i full gang. Desse folka vil redusere verdas befolkning, men dei vil bruke krig til å gjere reint bord.

Strategisk sett vil folket bak Putin elske å sjå han atombombe Kiev på dette punktet til skrekk og åtvaring for Vesten – er dette kva de eigentleg ønskjer? Putin er langt meir varsam enn folket bak han, alkkurat som vi har uvørdne menneske som skriv manuskripta for Biden. Éin ting er å studere korleis samfunn fungerer, det er ein heilt annan når desse folka ønskjer å leike Gud. Eg ville ikkje ha budd nær nokon av hovudstadene, ei heller i Genève. Desse folka vil mislykkast. Dei forstår ikkje kva dei slepper laus.

Ikkje sidan Andre verdskrig har vi sett slike uforsiktige menneske bak makta. Kvar amerikanske president sidan FDR har prøvd å oppnå verdsfred. I dag er alt vi har fullstendig galskap. Dette er gjort med vilje – det kan umogleg vere på grunn av dumskap. Militæret svor ein eid for å beskytte landet mot både utanlandske og innanlandske fiendar. Eg trur vi har folk som har teke kontroll over regjeringar verda over som er både innanlandske og utanlandske.

Då Nero (54-68 e.Kr.) døydde, fall Roma inn i nok ein borgarkrig. Av dei fire hovudgeneralane som utstada myntar der dei erklærte seg sjølv som keisar, åtvarar historia at militæret kunne dele seg opp og at vi vil finne ut at dei som støttar venstre og høgre faktisk kjempar for å få makta. Dei som står bak Biden-administrasjonen riv landet fullstendig i to og delinga som dei har skapt vil aldri kunne glattast over.

Sjølv då Commodus vart drepen i eit attentat og etterlét ingen arving, såg vi atter ein gong Det romerske imperiet dele seg og militæret velje sider. Atter ein gong var der fire generalar som gjekk etter makta.

I løpet av dei neste 10 åra til 2032, vil vi sjå USA splitte seg. Der vil dukke opp ei deling i militæret so fort dei faktisk ser at dette er ingen konspirasjonsteori; Agenda 2030 er i full gang. Sjølv i Canada har Trudeau ope bekrefta at han har forplikta Canada til Agenda 2030. Naturlegvis er han ein Schwab-indoktrinert Young Global Leader.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s