Fleire prominente personar i Noreg er medlemmer i World Economic Forum (WEF). Dette kan utgjere ei betydeleg interessekonflikt. I det minste reiser det alvorlege spørsmål om avgjerdene som landet gjer er basert på kva som er best for folket, eller kva som er best for WEF. Handlar våre styresmakter eigentleg i våre interesser? Spesifikt har WEF programmet «Young Global Leaders» («unge, globale leiarar»), som er ei femårig indoktrinering i prinsippa til WEF, der målet ser ut til å vere å skape leiarar som ikkje svarer til folket, men til WEF. Leiar i WEF, Klaus Schwab, sa i 2017:
«Det som vi er svært stolte av, er at vi penetrerer dei globale kabinetta i land med våre unge, globale leiarar.»
Eit punkt som gjev grunnlag for bekymring, er ein artikkel frå 2016 med namn «8 Predictions for the World in 2030», skriven av ei Ceri Parker, som tiltaler seg sjølv som Commissioning Editor. I punkt 1 står det å lese følgjande:
«Alle produkt har blitt om til tenester.»
Vidare står det at vi, folket, ikkje kjem til å eige noko; vi skal heller «låne» det vi treng når behovet oppstår. Dersom folket ikkje eig noko, kven er det då som eig det (det må jo finnast ein eigar)? Er det Staten? Konserna? Ein utvalt elite? Dersom folket ikkje får lov til å eige noko lenger, er ikkje det ei tilbakevending til føydalismen?
Korleis har WEF tenkt å få folket til å gje avkall på alt dei eig, alt dei har arva eller jobba so hardt for å oppnå, og i staden «låne» alt og vere «lykkeleg»? Kven dreg nytte av implementeringa av «Agenda 2030»? Har vi å gjere med ei forflytning av rikdom over til dei som allereie er styrtrike, på kostnad av vanlege folk slik som du og eg? Er dette den sokalla New World Order, den nye verdsorden?
Spørsmålet her er om alle Young Global Leaders i den vestlege verda (inkludert dei i vårt eige land) støttar WEF sin agenda. Ein kan òg spørje kor stor påverknad WEF sin politikk har på våre styresmakter. Er det eigentleg WEF som set dagsorden når makta lagar nye lover og retningslinjer? Ein kan òg saktens spørje om politikarar og andre maktpersonar med medlemskap i WEF burde vere open om sitt medlemskap til folket. Med tanke på Schwabs rådgjevar Yuval Noah Harari sine siste utspel om sitt syn på menneskeheita, burde medlemskap i slikt eit forum definitivt bli informert til folket. Burde medlemmer eigentleg få lov til å ha maktposisjonar i det heile?
Kva meiner eigentleg våre eigne Young Global Leaders om WEF, deira menneskesyn og deira påverknad på politikken i dei fleste vestlege land?
Eg kan ikkje sjå at nokon valde Klaus Schwab inn i slik ein maktposisjon, ei heller kan eg erindre at eg personleg nokosinne har gått med på innføringa av Agenda 2030. Utifrå det vi har sett i verda sidan 2020, er det tydeleg at mykje av WEF sin agenda har blitt innført, med direkte og øydeleggjande effekt på dagleglivet vårt.
Det er viktig at alle blir gjort merksame på at WEF eksisterer og forstår kva rolle dei speler i maktas korridorar.
Basert på dette brevet på TapNewsWire.