Der var aldri ein pandemi: Covid er den største løgna i verdshistoria

I byrjinga av 2020 fann WHO ut at 190 suverene nasjonar skulle stengje ned for å bekjempe det nye (?) koronaviruset og Covid-19. «To veker for å flate ut kurven» varte resten av det året. Denne «løysinga» var i strid med alle tidlegare pandemiplanar, og gjort synkront hjå alle dei nasjonane som var under «verjemålet» til WHO. Datoen 11.mars 2020 var då den «gamle normalen» enda og ein fekk destabilisering av den sosiale, politiske og økonomiske strukturen. Det vart kaos over heile verda i denne krigen mot sjølve menneskeheita. Folk sine liv og livsverk vart øydelagde med ein total mangel på nåde og empati frå makta. Vi såg alle ei heilt ny side av dei vi trudde var på vår side. Dei viste sine sanne, totalitære ansikt (når desse då ikkje var dekte av munnbind!).

Dei mektigaste strukturane i verda, global kapitalisme, etterretningstenestene og militærindustrikomplekset gjekk saman til eit monster med tre hovud som gjorde slutt på verda slik vi alle kjenner den. Media vart talerøyret til desse stormannsgalne psykopatane. Falsk vitskap og løgner vart pumpa ut av hovudstraumsmedia døgnet rundt, ustanseleg og gjentakande, på hysterisk innpust og utpust. Denne djevelske agendaen har hatt som mål å underminere suvereniteten til sjølvstendige nasjonar, og eliminere middelklassen.

I ein artikkel publisert i mars 2022 av Michel Chossudovsky, presenterer han ei oversikt over heile koronakrisa, der alt frå den verdilause RT-PCR-testen til talet sjuke/døde blir nådelaust slakta. Det kanskje mest kritikkverdige aspektet i heile «pandemien»/plandemien er at PCR-testen stod som einaste markør på om nokon var sjuke med Covid, eller om dei berre hadde vanleg influensa. Denne testen stod bak kvar einaste Covid-retningslinje slik som nedstengingar, sosial avstand, munnbindet og nedstenging av arbeidslivet og økonomisk aktivitet. Trass at WHO vedgjekk at PCR-testen var ubrukeleg i januar 2021 og CDC bad om at PCR-testen måtte trekkjast tilbake som ein gyldig metode for å påvise SARS-CoV-2 – og til og med trass i at PCR-testen i USA vart trekt formelt tilbake 31.desember 2021, heldt denne historiske svindelen fram. Sjølve CDC har no anerkjent at PCR-testen ikkje skil mellom Covid-19 og sesonginfluensa – symptoma er jo so å seie identiske!

Det at PCR-testen er ugyldig som testmetode, tydar at dei no meir enn 464 millionar «bekrefta Covid-19-tilfella» på verdsbasis òg må reknast som ugyldige. Det har i sin tur som konsekvens at alle pandemitiltaka òg var ugyldige. Sameleis sanksjonane mot dei som braut tiltaka.

WHO prøver i desse dagar å gjere seg til ei de facto verdsmakt med Pandemiavtalen og sitt QR-verifiseringskode-prosjekt. Sistnemnde har som mål å skape ein global digital databank for 7,9 milliardar menneske. Med seg har WHO Gavi Alliance og ID2020, som begge tilfeldigvis er finansierte av Gates Foundation. Dette legg scena for eit verdsomspennande digitalt ID-system, som er eit steg vidare mot World Economic Forum og alle sentralbankane sin visjon om å innføre eit nettverk med digital sentralbankvaluta. Det ultimate målet er ein global politistat, i tråd med avdøde David Rockefeller sin draum om Verdsregjeringa.

Naturlegvis føreset legitimiteten til både Pandemiavtalen og QR-verifiseringskoden at den påståtte Covid-19-pandemien er ekte, og at mRNA-vaksinen utgjer ei løysing på den påståtte pandemien. So langt tydar særs mykje på at «pandemien» og «vaksinane» er basert på bedrag og korrupsjon, ifølgje professor Chossudovsky.

Vi vart alle offer for verdshistoria si største løgn. Det heile gjev fullstendig meining om ein har det som utgangspunkt. For korleis kunne elles WHO 11.mars 2020 bestemme at 190 land skulle stengjast ned på grunnlag av 44729 «bekrefta tilfelle» (og 1140 døde) av ei befolkning på 6,4 milliardar (befolkninga utanfor Kina)?

På bakgrunn av desse latterleg låge tala, vart det lansert ein verdsomspennande fryktkampanje med intens PCR-testing av menneske. Dette vart gjort for å generere meir og meir falsk statistikk – for å innbille verda at vi hadde ein pandemi. Ein pandemi var det utan tvil: ein testpandemi. «Smitta» vart brukt for å på dagen innføre restriksjonar som hadde som mål å øydeleggje liva til folk, og til å gjere kvardagen høgst usikker. Ein kunne ikkje lenger ta jobben for gjeven, ei heller sosialt samvær med andre.

For å heilt nødvendig gjenta meg sjølv: Alle skulle halde avstand, halde kjeft og setje livet på vent medan dei venta på «løysinga».

Og kva var den påståtte «løysinga» på den påståtte «pandemien»? Ein mRNA-vaksine, ein type vaksinar som aldri har fungert i praksis. Ved hjelp av omfattande desinformasjon og aggressiv sensur av verkeleg informasjon, vart folk flest offer for massedanningspsykose. På folkemunne tørna dei galne av isolasjonen. Fryktporno og propaganda: Corona og Covid-19 var livsfarlege, og vaksinane var einaste løysinga. Du hadde versogod å ta den helvetes sprøyta før du drep bestemor!

Frå mars til desember 2020 gjorde restriksjonar, nedstengingar, karantene, smitteskremming, munnbind og massetesting til at det vart meir og meir frykt, desperasjon, vonløyse og utmatting i samfunnet. Ved hjelp av psykologisk krigføring, psykisk terror og åtferd som ein vanlegvis finn hjå narsissistar, vart folket gjort desperate etter ei redning. Og der, i desember 2020, kom «vaksinane» som hadde blitt utvikla og testa på mistenkjeleg, om ikkje umogleg kort tid. Om dei so hadde blitt utvikla og testa jamfør dei strenge vitskaplege retningslinjene rundt nye legemiddel/vaksinar, hadde det vore endå meir mistenkjeleg – for då måtte jo WHO og gjengen ha visst om viruset fleire år i forkant!

Løysinga kom, og dei desperate offera for massedanningspsykosen kunne ikkje bli vaksinerte fort nok. Vaksinane vart omtrent samanlikna med Jesu tilbakekomst. Det var berre det at dei ikkje fungerte. Faktisk auka dødelegheita etter at massevaksinasjonane byrja. I professor Chossudovskys ord, er det Covid-19-mRNA-«vaksinen», heller enn SARS-CoV-2-viruset som er «mordaren», «drapsviruset», «hit and run-killer-en» som mellom andre ein rapport frå BBC påstod i oktober 2020.

Heilt på tampen av «vaksineåret» 2021 kom omikron-varianten. Trass at WHO raskt snakka ned kor farleg den varianten var, og trass at dr. Angelique Coetzee, legen som oppdaga omikron, skildra varienten som «ekstremt mild», greidde media sin desinformasjon å nok ein gong skape panikk. No skulle alle teste seg heime! Milliardar av sjølvtestingssett vart sendt ut til tallause heimar. Ironisk nok var dei basert på den same PCR-testen som sjølve CDC og WHO var i ferd med å trekkje tilbake som gyldig testmetode. Dermed var dei endå meir upålitelege enn ein allereie ugyldig test! Då skulle vel desse hurtigtestane vere dobbeltugyldige?

Om ein ser på statistikken i professor Chossudovskys artikkel, ser det faktisk ut som om dei fleste Covid-19-tilfelle og dødsfall har oppstått på eit tidspunkt då ein stor prosentdel av verdas befolkning har blitt Covid-vaksinert. Dei har blitt sjuke og døydd av noko, men er det eit virus? Eller var det kanskje «vaksinane»? Er det dei som er det ekte biologiske våpenet som innan 2025 vil drepe store delar av verdas befolkning?

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s