Ein stressa sjukepleiars personalkonflikt (oioioi!)

Septembersola skin svikefullt vakkert denne morgonen då 32 år gamle Susann parkerer sin svarte, vesle skitbil på parkeringsplassen til den kommunale sjukeheimen der ho jobbar. Den heseblesande menneskelege kvalrossen kavar over flate asfalten bort til den tarvelege personalinngangen, der vaskedama sit på ein benk og røykjer. Vaskedama seier god morgon med ei stemme som er irriterande sprudlande. Susann glefsar til ho at ho ikkje må blåse røyken til desse kreftpinnane i trynet på ho på den måten. Ein må då ha eit minimum av folkeskikk, snerrar ho før ho med si feite, vesle hand nøkkar opp inngangsdøra. Vaskedama ristar på hovudet og himlar med auga. Det er ein slik dag i dag, ja.

I ein blå og kvit uniform som er lite grann for trong, trippar Susann opp trappene og inn i vaktrommet i 3.etasje, som vanleg so pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Dei to gutane og jenta er levert i barnehagen, og ho er temmeleg sikkert på at ho gløymde å slå av kokeplata i den bedritne kjellarleilegheita ho for tida leiger. Ho skal akkurat til å lande den feite, digre ræva si på ein spinkel kommunestol, då sjefen hennar bykser ut av medisinrommet og freser til ho på eit slags rogalandsk. Klokka er 7:33.

Susann trekkjer på skuldrene. Kva rolle speler det at ho kjem tre minutt for seint? Ho er då åleinemor til tre små ungar, og dei krev sitt. Med små griseauge som lyser av reptilsk likesæle til sine medmenneske, informerer sjefen temmeleg kolerisk at Susann byrjar på jobb klokka sju, ikkje halv åtte. Javel, ja? Og når byrja ho med det? Då informerer sjefen hennar at Susann har byrja klokka sju på dagvaktene heilt sidan den nye årsturnusen tok til – for sju veker sidan. Oi. Susann vrir på den desperat pissetrengte kroppen sin. Med andre ord har Susann kome ein halvtime for seint på kvar dagvakt i sju veker.

Einingsleiar vil ha ein prat med Susann i dag klokka to. Og når einingsleiar vil «ha ein prat», tydar det at Susann kanskje ville ha gjort rett i å ringje sin tillitsvalde. Med desse illevarslande orda levert, landar sjefen vakttelefonen i neven på Susann. Telefonen byrjar å ringje med det same, og både Susann og den sprengfulle blæra må halse mellom avdelingane dei neste timane. Pause, lunsj og pissing er berre å gløyme – vakthavande sjukepleiar har ikkje tid til slike privilegium!

Ei daudsliten Susann vraltar ned trappene og inn i den folkestygge administrasjonen. Kontoret til den nifse einingsleiaren ligg i enden av ein altfor lang og altfor smal korridor. Dei feige kontorrottene kik ut dørene på begge sider då Susann kavar over flate golvet. Dei digre brysta hennar riv nesten uniforma opp i sømene kvar gong ho hiv etter pusten. Ho bankar audmjukt på døra. Den kalde, mekaniske einingsleiarstemma inviterer ho inn. Akkurat som ein svolten ulv «inviterer» ein sau inn i ei mørk hole.

På kontoret sit einingsleiar, sjefen til Susann og den tillitsvalde. Einingsleiar går rett på sak. Susann har ved å konsekvent kome for seint på jobb, brote arbeidsreglementet. Ho har mislykkast i å setje seg inn i den nye årsturnusen – den stressa sjukepleiaren veit ikkje eingong at ho jobbar i ein ny turnus. Den tillitsvalde lurer på om nokon av leiarane faktisk har formidla til Susann at ho har fått ny turnus. Sjefen hennar seier at Susann har fått den nye turnusen i posthylla si inne på avdelinga. Susann vrir og strekkjer på seg i stolen, so pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Dei to lett slitne sølvsmykka ser ut som dei skal kvele ho. Med tårer sprettande ut av auga rautar ho at ho ikkje meinte å kome for seint. Ho har rett og slett ikkje hatt tid til å sjekke posthylla si, for det er jo alltid so jævla mykje å gjere på jobb! Og so har ho jo tre små ungar, og dei krev sitt!

Einingsleiar, som sjølv er mor til fire ungar, fnyser i forakt over desse patetiske bortforklaringane. Ho informerer at Susann vil bli trekt i løn dei timane ho har «skofta» jobben. Ho vil òg få ein skriftleg advarsel for brot på arbeidsreglementet. Den tillitsvalde er interessert i å vete litt om arbeidsfordelinga på sjukeheimen, og om det verkeleg stemmer at Susann har «jævla mykje å gjere». Sjefen hennar seier at Susann ikkje gjer meir enn dei andre sjukepleiarane. Ho legg so til at dei riktig nok ikkje er åleinemødrer til tre små ungar (som krev sitt). Dessutan er dei yngre og sprekare. Og ikkje so feite.

Klart, om Susann er misfornøgd med arbeidsfordelinga, kan ho alltids finne seg ein annan type arbeid som betre matchar (kropps)forma hennar.

Dommen er levert og «retten» er heva. Ute i vestibylen seier sjefen til Susann at dersom ho føler for å prate med ho, må ho berre gjere det. Den same dama som nettopp fekk oppretta personalsak på Susann der einingsleiar gav ho ein skriftleg advarsel. Susann kan ingenting anna enn å sprette opp trappene. Helsefagarbeidaren på avdelinga hennar gjev ho tilbake vakttelefonen, som med éin gong byrjar å ringje febrilsk (og her er det heilt innanfor å hevde at telefonar kan få feber!). Susann må springe fram og tilbake som ei piska, pissetrengt sjøku – og neste lønning vil ikkje akkurat vere noko å skryte av!

Den nye turnusen ligg i hanskerommet på bilen. Susann råkøyrer gjennom den tette rushtrafikken med tre små ungar i bilen. Magen er tom og blæra full – for å seie det mildt. Den urgamle urinen skvulpar inni ho, og ho spyr ut eiter og galle då ho nesten køyrer på ei krokete gammal dame i eit fotgjengarfelt. Vel heime spring barna rundt som skrikande raseballar medan ho sjølv varmar nokre simple Fjordland-middagar i mikrobølgjeomnen. Snart samlast dei rundt bordet. Ungane et og skråler. Noko av maten landar faktisk i dei støyande kjeftane deira. Susann snik seg desperat inn på badet for å pisse, men ho rekk berre ein kort, stressa sprut før ho må springe rautande inn i stova og redde eldstesonen frå å drikke neglelakkfjernar som han fann i veska til ho mor.

Neste morgon ti over sju skrensar Susann inn på parkeringsplassen til den kjipe sjukeheimen. Regnet høljar ned, og Susann kavar i veg over flate asfalten og inn i bygningen. Ho er ti minutt for sein på jobb. Ikkje fordi ho har forsove seg, men fordi barnehagen opnar på slaget sju. Den lokale fartsgrensa er femti. Ho må ha halde godt over åtti ned hovudvegen til jobben. Med ei uniform som er akkurat litt for trong, strevar den sinnssjukt pissetrengte matrona opp trappene og inn i 3.etasje. Ho kolliderer med ein liten hobbit av ei vaskedame. Susann leverer ein dommedagstale av ei anna verd til den vitskremde, filippinske jenta, som truleg ikkje kan eit steinsens ord norsk. Deretter kryp Susann på alle fire bortetter golvet og inn på vaktrommet. Dama framstår ikkje akkurat som ein verdig representant for sjukepleiaryrket.

Nattevakta sit ved skrivebordet og trommar med fingrane i bordplata. Susann er nesten 15 minutt for sein på jobb. Den stressa sjukepleiaren kan ingenting anna enn å orsake med ein grimase av eit smil. Bollekjakane er raude som kokte humrar. Susann skal akkurat til å lande den svære, feite ræva si på den spinkle kommunestolen, då vakttelefonen ringjer. Nattevakta gjev den til Susann. Ho må umiddelbart rykkje ut til skjerma avdeling. Nattevakta trekkjer på skuldrene. Det får bli «stille rapport» i dag sidan vakthavande sjukepleiar er so oppteken.

Dagen etter blir Susann plutseleg kalla inn på teppet til einingsleiar. Susann blir konfrontert med følgjande: Nattevakta har formidla til Susanns sjef at Susann, trass den skriftlege åtvaringa, igjen har kome for seint på jobb. Susann, sinnsjukt pissetrengt og svolten som ein ulv, klynkar med tårer i auga at barnehagen ikkje opnar før sju. Einingsleiar svarer at Susann burde ha informert sjefen hennar om dette før ho sette i gang det strevsame arbeidet med å lage årsturnus. Susann og den sprengfulle blæra vrir og strekkjer seg i stolen. Det var rett og slett ikkje tid fordi ho alltid har so jævla mykje å gjere på jobb.

Einingsleiar snur seg mot Susann sin sjef og den tillitsvalde. Den har dei høyrt før. Er det sånn å forstå at Susann ikkje er i stand til å gjere sine plikter som sjukepleiar på denne sjukeheimen? Er ho ute av stand til å gjere det arbeidsgjevar betaler ho for å gjere, jamfør arbeidsavtalen?

Det er ikkje berre dette med forseintkoming. Einingsleiar har òg blitt informert om diverse episodar relatert til kollegaene. Avdelingsleiarane har nyleg halde medarbeidarsamtalar, der dei tilsette fekk høvet til å fortelje sjefane sine korleis dei har det på arbeidsplassen. Susann sitt namn dukka opp titt og ofte, og ho vart ikkje omtala i positive ordelag, for å seie det slik! Faktisk har til og med reinhaldspersonalet klaga på åtferda til Susann. Einingsleiar skildrar åtferda til Susann som «utilbørleg», og når arbeidsgjevar bruker eit slikt ord, er det fare på ferde for arbeidsforholdet.

Susann grin og klynkar som ei lita jente medan sjefen og den tillitsvalde sit og ser på ho med uttrykkslause ansikt. Den tillitsvalde ser ofte på klokka si, som om ho har ein annan stad ho helst skulle ha vore. Einingsleiar fortel at det diverre ikkje er mogleg for Susann å jobbe på denne sjukeheimen meir. Einingsleiar vender so sitt steinansikt mot døra. Den opnar seg – og inn kjem sjølvaste etatsdirektøren! Denne blonde, tynne dama har kome i eins ærend for å påleggje Susann å forlate arbeidsstaden. Ho må levere frå seg garderobenøklar og kodebrikke. Ho er innkalla på møte i Byrådsavdelinga neste veke, og der skal òg kommuneadvokaten og halve HR-staben vere til stade.

Oidå. Dette er særs ille. Dette er nemleg ikkje berre ei ordinær oppseiingssak. Dette er avskjed! Susann har blitt offer for den verste disiplinærstraffa i heile Arbeidsmiljølova. Og sjølv den tillitsvalde ser ut til å meine at dette er høgst fortent.

Vent, det er faktisk meir. Einingsleiar legg stein til børa og seier at Susann har gjort ei rekkje graverande feil som sjukepleiar, feil relatert til medisinar og ymse prosedyrar slik som kateterisering. Ein av hjelpepleiarane sa til avdelingsleiar under medarbeidarsamtalen at Susann for ikkje so lenge sidan stakk eit kateter opp i ræva på ein bebuar for å straffe han. Når ho so like etterpå stakk det same røyret opp i bebuars penis, vart resultatet ein uhyre smertefull urinvegsinfeksjon som nesten gav den gamle mannen blodforgifting. Susann vil få eit brev i Digipost frå kommuneadvokaten seinare i dag (helst etter kontortid), der alle tiltalepunkta vil stå.

Susann vil høgst sannsynleg misse autorisasjonen som sjukepleiar, sidan einingsleiar naturlegvis har meldt dette inn til Statens helsetilsyn. I same andedrag går døra opp med eit brak, og der kjem for syne meg politiet mannssterke for å arrestere Susann! Men kva med ungane hennar? Slapp av, seier einingsleiar med eit kaldt smil. Dei har Barnevernet teke seg av! Avlivinga av statens eigedom vil finne stad fyrstkomande torsdag.

Susann vaknar med eit raut og eit hikst. Ho kjempar og kavar seg ut av den digre senga og sjagar inn på det vesle badet. Ho landar den digre elefantkroppen sin på den altfor små dassen. Ein kort stressa sprut er alt ho rekk før alle tre ungane byrjar å gaule på éin gong. Ho vrir seg skvett naken ut av badet og inn på barnerommet. Klokka er 4:17, eit minutt etter at fjorden feis. Det var berre eit mareritt. Ho har framleis jobb – og full blære!

Og slik går no dagane. Kanskje burde ho sjå seg om etter ein ny jobb. Og ein ny mann…?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s