Uavhengig journalist tilbake frå Ukraina med bevis for nok ei falsk nyheit frå hovudstraumsmedia
Av Baxter Dmitry, Newspunch, 2.mai 2022. Omsett av saksyndig.
Ifølgje nylege vestlege hovudstraumsmediarapportar, har russiske styrkar gravlagt opp til 9000 sivile frå Mariupol i «massegraver» i ein landsby vest for den ukrainske byen. Desse rapportane bruker satellittfoto som påstått bevis, og gjentek påstandane til tenestefolk som er lojale til Kiev at «lika kan ha blitt gravlagde i fleire lag», og «russarane grov grøfter og fylde dei med lik kvar dag i heile april».
Den kanadiske uavhengige journalisten Eva Bartlett reiste til den aktuelle staden og fann ingen massegraver.
23.april reiste Barlett til landsbyen Mangush i Ukraina.
Her er Bartlett si forteljing om kva ho fann på staden som hovudstraumsmedia hevdar er ei massegrav:
Det eg såg var nye, sirleg tilstelte gravplassar inkludert nokon som framleis var tomme – ei utviding av ei gravlund som allereie eksisterer på staden. Ingen massehòl. Mange av gravene hadde plakettar med namn og fødselsdato til dei avlidne når desse var tilgjengelege, og dei gjenverande plassane var nummererte etter når dei skulle gravleggjast.
Sidan media stort sett bruker klipp og lim frå same kjelda – den tidlegare ordføraren i Mariupol, Vadym Boichenko (som ser ut til å vere langt vekke frå byen no) – vil eg sitere frå artikkelen til Washington Post:
Boichenko, seier artikkelen, «kalla staden for ‘nye Babyn Yar’, med referanse til ei av dei største massegravene i Europa lokalisert i utkanten av Kyiv, der 33000 jødar vart drepne av nazistane i 1941 under Andre verdskrigen.»
Dette er ironisk på fleire nivå. Ein ordførar som kvitvaskar nynazistane som har gått amok i byen hans – spesielt dei frå Azov-bataljonen, som har brukt sivile som menneskelege skjold, okkupert og militarisert sivil infrastruktur, regelrett avretta sivile – samanliknar ei påstått (ikkje-eksisterande) massegrav med ein nazi-massakre frå Andre verdskrig.
I mellomtida har Kiev-regimet omskrive historia, der dei gjer Andre verdskrig-nazistar og deira medløparar om til nasjonens heltar. Det mest notoriske dømet er Andre verdskrig-figuren Stepan Bandera.
Boichenko sine andre alarmerande påstandar var at den påståtte «massegrava» var «det største krigsbrotsverket i det 21.hundreåret». Vi er berre 22 år inne i det, men vi har allereie sett den USA-leia invasjonen og øydelegginga av Irak, at Raqqa i Syria vart jamna med jorda, Saudi-Arabia sin pågåande krig i Jemen – der dei alle er mykje sterkare utfordrarar til trona enn «massegrava» i Mangush som ingen finn.
I røynda har staden rundt 400 individuelle gravplassar, inkludert nesten 100 tomme. Dei 9000 lika og «det største krigsbrotsverket i det 21.hundreåret» var uverifiserte påstandar gjort av ein ordførar som flykta frå byen sin, fremja av media som på slutten av sida innrømmer at dei ikkje kan uavhengig verifisere påstandane – men innan då har skaden skjedd.
Gravarar motbeviser påstandar om massegraver
Medan eg gjekk rundt om på staden, kom to menn som var ansvarlege for gravleggingar, og når dei vart presenterte for den tidlegare ordføraren sine skuldingar om massegraver, nekta dei bestemt for påstandane.
«Dette er ikkje ei massegrav, og ingen kastar lik ned i ei grøft,» fortalde ein av dei meg.
Ifølgje dei, gravlegg dei kvar person i ei kiste og i ei eiga grav, detaljar blir førde i likhuset, og når kvart eit dokument relatert til namn og alder finst, blir plassen markert med ein plakett som inneheld dei detaljane. I andre tilfelle blir eit nummer brukt.
Interessant nok sa dei òg at ein seksjon av dei nye gravene inkluderte gravlagde ukrainske soldatar. «Dei er òg menneske,» sa ein av mennene.
For dei som er i tvil om staden, sjå Roman sin rapport: hans dronefoto viser at det er nøyaktig den same staden som ein ser i satellittfotoa brukt av vestlege media.
I mellomtida, som Roman sa medan han gjekk, er massegraver noko Ukraina tidlegare har blitt skulda for. Han siterte DPR-leiaren Denis Pushilin som å ha sagt at minst 300 slike stader har blitt oppdaga sidan 2014.
Han snakka òg om kva han var vitne til. «I 2014 eller 2015 vart massegraver oppdaga då Azov eller Aidar-kjemparar trekte seg tilbake frå Donetsk-regionen. Eg såg til og med ei dame, ho vart graven opp, ho hadde armane bundne bak på ryggen, ho var høggravid og ho hadde eit hòl i hovudet, so det tydar at ho vart avretta.»
Den amerikanske journalisten George Eliason, som har levd i Lugansk i mange år, har skreve om desse antekne grusomheitene. I ein dokumentar om emnet, sa han: «Eg er her i fem minutt, for so å bli fortalt at dei fyrste fem menneska dei fann, var fem avhogne hovud. Alle var sivile. Kven gjer dette med menneske?»
Denne historia om ei massegrav i Mangush er noko ei falsk ei frå vestleg konsernmedia, som tidlegare pusha kuvøse-babyar som vart kasta på golvet av irakiske soldatar, dei pusha løgner om masseøydeleggingsvåpen i Irak, og bar fram rapportar om eit kjemisk åtak i Douma som aldri fann stad, berre for å nemne nokre frå i deira haugar av skrøner.
I mellomtida, då eg var i Mariupol 21. og 22.april, var der visseleg øydelegging – takka vere desse nynazistane og vanlege ukrainske styrkane som okkuperte dei øvste etasjane av bustadbygningar og brukte dei som militære posisjonar, altso trekte dei til seg gjengjeldingsskyting på bygningane – men eg såg òg folk i gatene, og byrjinga av oppreinskingsprosessen før gjenoppbygging kan skje.
Eg vil gjenta det eg har sagt om vestlege media som rapporterer om Syria (som etter mi erfaring, frå bakken i det landet, er stort sett uærlege): dei som fremjar desse skrønene og krigspropagandaen har blod på hendene sine.
Etter dei tallause løgnene som strøymer frå vestlege konsernmedia, håper eg at folk vil utvise kritisk tenking kvar gong ein ny påstand blir pusha, spesielt når den blir repetert i kor av dei vanlege mistenkte.