Kinesisk virolog seier at Covid-19-viruset vart sleppt laus for å øydeleggje verdsordenen

Dr. Li-Meng Yan seier at Kina slapp laus Covid-19 med vilje – «Dette er ikkje eit uhell!»

Av Joe Hoft, The Gateway Pundit, 30.april 2022. Omsett av saksyndig.

Fredag 29.april 2022 var dr. Li-Meng Yan gjest på radioprogrammet The Joe Hoft Show realtalk933.com. På slutten av intervjuet sleppte dr. Yan ei diger bombe.

President Trump var i ferd med å øydeleggje Kina sine planar om å dominere verda, og Kina sin økonomi. Vi såg dette tilbake i byrjinga av 2020. Den amerikanske økonomien sette rekordar for den beste økonomien i historia, den hadde nesten dobla den til Kina. Om der nokosinne fanst ein grunn for Kina å sleppe laust eit biovåpen, var det faktum at Kina sin økonomi var i ferd med å implodere medan Trumps økonomi var den beste nokosinne, meir enn nok grunn for Kina å sleppe laust Covid-19-biovåpenet med vilje.

Nemnde fredag diskuterte dr. Li-Meng Yan forskninga si med Joe Hoft, forsking som byrja seint i 2019 i Hong Kong, der virologen jobba som doktorgradsstudent ved Universitetet i Hong Kong. Dr. Yan flykta frå Kina etter å ha kome med bevis for at Covid-19-viruset vart skapt i eit laboratorium.

Dr. Yan var fyrst på eteren i juni 2021 for å diskutere Covid-19 sitt opphav i USA:

«Dr. Li-Meng Yan var ei av dei fyrste til å forske på det nye koronaviruset og avslørte tidlegare at ho vart tvinga til å gå i skjul etter å ha anklaga Beijing for å dekkje alt over.

No, i det internasjonale leiarar endeleg fokuserer på hennar Wuhan-lab-lekkasje-teori, fortalde vitskapskvinna Newsmax at Fauci sine e-postar inneheld ‘mykje nytting informasjon’, noko som føreslår at han alltid visste meir enn det han stod fram med.

‘Dei verifiserer arbeidet mitt heilt frå byrjinga, sjølv frå sist januar [2020], at desse folka visste kva som skjedde, men at dei valde å gøyme det for det kinesiske kommunistpartiet og for sine eigne fordelar.’»

På fredag diskuterte dr. Yan oppveksten sin, og deretter studiane og korleis ho enda opp i Hong Kong. Ho byrja å undersøkje Covid-19 seint i 2019 i Hong Kong. Ho delte at ho kom fram til fem konklusjonar relatert til Covid-19:

  • Påstandar om at Covid-19 ikkje kunne reise mellom menneske var uriktige.
  • Den kinesiske regjeringa dekte over det og det var frykteleg i Wuhan, og WHO var involvert.
  • Der fanst ingen dyrevert for Covid-19 – sjømatmarknaden var berre eit skalkeskjul.
  • Om ein ikkje stoppa det i tide, kunne utbrotet bli stort og ute av kontroll.
  • Opphavet til Covid-19 var gain of function – laboratorieskapt – det dei bygde det på, var flaggermusvirus.

Deretter delte ho følgjande når ho vart spurt om dette var gjort med vilje eller ikkje:

«So det er definitivt ikkje frå naturen og det er definitivt ikkje eit uhell som kom ut av eit laboratorium. Òg starta det frå Wuhan og Wuhan Institute of Virology blir involvert, men eg må fortelje folk at dette ikkje er eit uhell. Fordi eg arbeider i den labben, veit eg kor sikker den er og at labben faktisk aldri kan forårsake stor pandemi over heile verda, og dette er med vilje frakta ut av labben og sleppt laus i samfunnet. Og der ligg mange motiv bak, men det viktigaste er at det kinesiske kommunistpartiet utviklar dette, og dei ønskjer å bruke det til å øydeleggje verdsordenen. Og eg trur det fordi det er ute av kontroll, vi såg det aldri ute av kontroll i Wuhan.»

Intervjuet kan sjåast på slutten av originalartikkelen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s